by:larm-juryen brukte etter sigande 25 timar på å lytte gjennom 1100 demo-bidrag for å plukke ut første gruppe som får spele på by:Larm i Oslo i februar. Eg har no gjort eit enno snevrare utdrag ved raskt å gå gjennom bylarm.no for å plukke ut eit knippe spanade artistar.
Bladed er ein duo som høyrast ut som eit heilt orkester. Intens lydvegg og rocka PJ Harvey-aktig vokal.
Bladed – Fairy Tale
Cerrato er nok ein mann/kvinne-duo, og her går det litt meir i moll. Eg hugsa bandet frå eit par år tilbake, då dei bl.a gav ut EPen Ghost, og no er dei tilbake med albumet The Ecstasy of Waiting. Framleis er det skjørt, men eit fyldigare lydbilete enn sist gong. Og vokalen er like vakkerskummel som sist.
Cerrato – d.21/4
Når eg først er inne på duoar, kan eg like godt trekke fram The Holy Tongue. David Børke og Svein Brekke leverer dystre og dronete låtar i seig bluesrockstil. Skal ha spanande visuelle live-show, då også duoen blir utvida til eit større ensemble.
The Holy Tongue – Lord, Have Mercy
Siste duoen på lista er The Work, eit elektronisk pop-par frå Bergen. 12″-en Don’t You Know kom to eit par månadar sidan.
The Work – Don’t You Know
Over til soloartistane, og der har vi i første rekke Leiv Reed, ein nordfjording som har flytta til Bergen. Her får du folkrock krydra med liflige poprytmer.
??.12 – Bremen
Leiv Reed – Lazy eller last ned via last.fm
Maria Due har tidlegare gjort kore-jobbar for både Maria Orieta og Erlend Ropstad, men har no laga ein eigen demo. Her finn du både bossa-rytmer og sparsomt arrangerte akustiske låtar i folk-tapping.
Maria Due – Look at Us Now, eller last ned frå Myspace
Moddi starta og som eit solo-prosjekt på Senja for eit par år sidan, men er no utvida til ein trio. Trekkspel, fiolin, cello kopla med elektroniske effekter og saktevokal skapar ganske så spanande musikk.
15.12 Finnsnes, Kaffen Klar
Moddi – Rubbles
Skulle Hanne Hukkelberg vere noko for deg, vil nok også Therese Aune falle i smak. Stort sett klaver og stemme, men litt kazoo inniblant.
Therese Aune – I’ll be Fine in my Tree
Om nokon av dei overnemnte artistane var av den litt spake sorten, kan dei neste kanskje freiste. Katzenjammer er fire jenter som heseblæs i trompeten og herjar med balalaikaen medan dei jøglar seg gjennom både cabaretnummer og skeiv bluegrass. Album er snart på veg, og det blir produsert av Kåre Vestrheim og HP Gundersen.
Katzenjammer – Ain’t no Thang
i am a king lagar rock som sett seg lett på hjerna. Melodiane er av ein slik sort at du lett kan ta deg i nynne med. Men det er ikkje lettvint av den grunn. Lag på lag av lyd ein kan kose seg med. Bandet kom med albumet Losing something good for something better tidlegare i år.
27.11 – Oslo, Spasibar
i was a king – Step Aside
Men tøffaste låta til slutt. The Violent Years har menga seg både med Woven Hand og Magnolia Electric Co. på scena dei siste åra, og vart også eit av banda som spelte på Popkomm i september. Eit minialbum er på trappene rundt konsertane under by:Larm, og det er alltid leverande Rec90 som har signa bandet.
The Violent Years – Another Alarm From His Head To His Heart