Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Heroes & Zeros' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-09-13

The School platedebuterte på måndag med albumet Espionage. Under finn du ein smakebit frå plata, og på YouTube kan du sjå videoen til Bad to the Bone.
15.09 - Trondheim, Ramp
17.09 - Oslo, Last Train
19.10 - Trondheim, Blæst
10.11 - Bergen, Garage
11.11 - Stavanger, Cementen
12.11 - Farsund, Pakkhuset
13.11 - Arendal, Kulturkafeen
15.11 - Kongsberg, Energimølla
16.11 - Oslo, John Dee
The School - You Belong
The School - Bad to the Bone (video) (YouTube)
theschoolrock.com

New Violators gjorde sin første konsert i mars (eg måtte gå heim tidleg for å sove før bandet gjekk på scena, herregud) har berre gjeve ut ein demo, men det var nok til å lokke fleire festival-bookarar til å sikre seg bandet i somar. Ikkje er dei signa av noko selskap enno, men det kan ikkje vare lenge. Heldigvis fekk eg med meg bandet live for ca ein månad sidan, og her har fleire noko å gle seg til. Lytt til demoen Burma, og berre gled deg til neste konsert.
New Violators - Burma
newviolators.com

Heroes & Zeros har signa med Universal med ein avtale om å gje ut minst eit album. Albumet kan ikkje ventast før tidleg neste år. Bandet jobbar for tida med dette materialet, og det er berre å smøre seg godt med tolmod, både for dei og oss. Låta Cellophane er forøvrig aktuell i filmen Uro, noko som var delar av premien etter at dei vant Zoom. Under finn du blant anna eit herlig live-spor frå Zoom-turnéen.
Heroes & Zeros - Rapture 180° (frå Circles EP)
Heroes & Zeros - A Strange Constellation (live) (Zoom, Alta)
heroesandzeros.net

Aksel Hennie vart så begeistra då han høyrte Grand Island for første gong. Så mykje faktisk at han tok kontakt med bandet og tilbaud sine tjenester som musikkvideo-regissør. Singelen som vart valgt ut er Us Annexed, og videoen ser du under. Bandet er snart i ferd med å runde av ein Noregsturné.
14.09 - Trondheim, Cherrox
16.09 - Notodden, Arno Musikkbar
22.09 - Bø, Kroa
28.09 - Lillestrøm, Martins
30.09 - Oslo, Blå
03.11 - Sogndal, Meieriet
04.11 - Ørsta, Club Rust (m/The School & Incognito Inc)
Grand Island - Us Annexed (video) (23 mb)
grandisland.no


Flunk sin opptreden på KEXP i mai vert no tilgjengeleg som ein digital EP for sal. To av låtane er også å finne på bandet sin Myspace-profil. EPen kjem er 9. oktober, og bandet utelukkar ikkje at den blir utgjeven som ordinær CD/vinyl. Flunk sitt debutalbum For Sleepyheads Only har nyleg blitt relansert i USA som følge av stor interesse etter ein austkyst-turné i vår, då dei bl.a vitja KEXP. Bandet vil og gjere ein sjeldan opptreden i Noreg i slutten av september.
30.09 - Oslo, Pavilion
10.10 - Beograd
Flunk @ KEXP
Flunkmusic.com

Satyricon sin siste video The Pentagram Burns kan no lastast ned frå bandet sine nettsider. Howie Arnstad har regissert det heile.
Satyricon - The Pentagram Burns (video) (20 mb)
satyricon.com

Posted in Flunk, Grand Island, Heroes & Zeros, New Violators, Satyricon, The School | No Comments »