Egersund visefestival
Posted by The Lodger on 2006-08-01
For eit par helger sidan gjekk turen til Egersund, der eg vitja den koselege og vesle festivalen Egersund Visefestival. Dette var 12. året festivalen er arrangert, men fyrste gong eg har høyrt om den, mykje på grunn av eit veldig spanande program i år.
Det heile starta onsdag med klassisk visesong av ingen ringare enn Geirr Lystrup. Sjølv om han i det siste mest har gjeve ut barneplater, viste karen at han framleis har ein god del av det gamle lynne og dei gode historiene på lur. Me fekk høyre klassiskarar som Eg er ungkar eg, Albertine og ikkje minst Honninghumla.
Geirr Lystrup - Honninghumla (utdrag)
lystrup.no

Om Lystrup var ein av dei eldste eg såg, var neste jente på programmet ei av dei ferskaste, men også ei eg håper å få høyre mykje av i framtida. Med under eit dusin opptrednar under beltet før denne kvelden, stilte Ingrid Olava (Brænd Eriksen) frå Lillehammer opp aleine ved pianoet, og leverte ein opptreden som nærast gav meg gåsehud.
Frå opnaren Back to Love gjennom Only Just Begun og eit par uventa cover (bl.a Christer Knutsen sin No Love #1&2 og kjenninga til tv-serien Shagma) gjekk det slag i slag. Ingrid Olava skal spele inn nye demoar i august til ei komande plate, men den kjem truleg ikkje før til neste år. Du finn fire eldre låtar på Myspace.
Ingrid spelar forøvrig også i countrybandet Shit City.
09.08 - Oslo, Café Mono (KlubbØya)
Ingrid Olava - Back to Love
Ingrid Olava @ Myspace
Plutseleg stod Sgt Petter på scena, noko som ikkje var annonsert i programmet. Petter gjorde sin debut aleine med el-gitar, og spelte både nye og gamle låtar. Han har ei ny plate A Mid-Tempo Frenzy som kjem ut i september, og første smakebit derifrå ligg på Myspace. Litt rusten, og ikkje heilt komfortabel aleine på scena verka han, og eg har sett han betre før.
sgtpetter.com
Sgt Petter - Pulling Life By The Hair
Amerikanske Great Lakes avrunda første kvelden, ikkje til stas for den lokale journalisten som slakta trioen. Storparten av publikum verka derimot å like seg, og på dei meir countryinfiserte låtane koste eg meg også, men dei var definitivt ikkje høgdepunktet på kvelden.
Torsdagen såg me texanaren Mark Lemhouse trakterte gitaren, noko han gjorde ganske så bra. Dessverre gjekk eg då glipp av den friske konstellasjonen Happy Dagger, det nye prosjektet til Ivar Nikolaisen. Einaste originale låtan bandet visstnok hadde å by på, var Broken memory, som tilfeldigvis er å finne på Myspace. Innspelt eit par seine nattetimar over eit glas whiskey eller to, har den blitt ein sjarmerande skranglete liten trall.
Harry Dagger - Broken Memory
Happy Dagger @ Myspace
Bergenske Professor Pez var denne kvelden forsterka med den tidlegare omtala Sgt Petter. Dei er omtrent like tighte som magen til Marve Fleksnes for å låne ein journalist si skildring av bandet, men stemmning klarer dei i alle fall å skape. Glade låtar om syklisten Vinikourov, Unknown Joe, romvesen og robotar vart servert av eit særdeles smilande band. Og kven treng vel theremin, når ein kan bruke si eiga stemme til å sjarmere oss?
Professor Pez - Looking at Stars
professorpez.com
Loch Ness Mouse hadde eg berre tidlege høyrd på plate tidlegare, så eg forventa meg ein mykje meir lågmælt konsert enn den eg opplevde. Rykta seier at bandet visstnok skal vere veldig variable på scena, men denne kvelden traff dei i mine øyrer godt. Mykje låtar frå sisteplata 11-22 vart serverte, men og ein del gamle hits.
Loch Ness Mouse - Friends and fenders
lochnessmouse.com
Dei lokale heltane som starta fredagen i festivalteltet brakte tankane til Idol og det som verre er, særskilt under ein heller dårleg innøvd versjon av Elton John sin Your song. Men den lokale Rosa Panter-brusa smakte då godt, i det minste dei første slurkane, før sukkerinnhaldet vart vel høgt.
Neste attraksjon ut var visecruise i Egersund-fjorden med den gamle skuta Høvdingen. Svenske Rune Carsson underhaldt med Taube- og Bellmann-viser, medan publikum koste seg med reker og kvitvin.
Ein av headlinerane Luka Bloom måtte avlyse sine konsertar under festivalen, så Rolf Gjesdal frå Tumbleweed steppa inn på kort varsel istaden. Der har ikkje skjedd så mykje med bandet i det siste, men han spelte ein del gamle låtar av bandet, men og eit par av sine eigne solo-låtar. Karen var morosamare mellom låtane, enn faktisk medan han song, noko som var litt skuffande.
Tumbleweed heimesider (ikkje oppdatert på eit par år)
Nok ein lokal helt stod som nestemann på plakaten. Frank Tønnesen frå Sokndal med artistnamnet Tønes er noko av ein skjult lokal skatt. Han har heile fire plater bak seg, men er nærast ukjend i resten av landet. Tønes sjarmerte med naive låtar om bringebærsukkertøy, oppsetjing av postkasser, bønder og yatzy. Spesielt sistelåta håpar eg kjem ut på plate, då eg enno ikkje har klara spore den opp på nokon av utgjevingane hittil.
Tønes - Bonde
Tønes - Maleri
toenes.com
Emmerhoff & the Melancholy Babies spelte sist denne kvelden, men mykje av festivalpublikummet hadde allereie forlete lokalet då me entra konserten omlag halvvegs uti. Det kan ikkje vere på grunn av kvaliteten på musikken, for den står ikkje tilbake for mykje i sin genre. Men kanskje dei ikkje passa heilt inn på ein visefestival. Dei gav no sitt, og til alt overmål også ein ekstranummer. Har du ikkje fått sett bandet live, kan eg anbefale den ferske live-plata Spin Out Live.
Emmerhoff & the Melancholy Babies - Migraine Boogie (live)
emmerhoff.com
Visequizen i teltet på laurdag heldt på å regne vekk, men uværet gav seg i siste liten. Underteikna sitt lag klarte no i det minste å slå pstereo-bermen, men det heldt ikkje heilt til topps. (Hallo, pstereo - Kurt Nilsen har ikkje spela inn duett med Hank Williams, og ikkje klarar dokke å høyre skilnad mellom Garth Brooks og Ryan Adams. Men Carola-spørsmålet tok dokke på strak arm.)

Zzzzz under Elvira - foto: Super-Zeelje
Elvira Nikolaisen spelte på visefestivalen også i fjor, men mykje har skjedd sidan den gong. Ikkje veit eg korleis den konserten forlaup, men denne kvelden utandørs på Elverhøy var Elvira i det ganske så kjedelege og einsformige hjørnet. Kun på Roy Orbison sin You got it og hennar eigen Egypt song kunne ein høyre bitar av engasjement og eigenart. Resten vart for platt og kjedeleg, dessverre.
Elvira Nikolaisen - Egypt Song (video) (YouTube)
Elvira @ Myspace

I was a King - foto: Super-Zeelje
Neste band ut var eit heilt nytt bekjentskap. I was a King er delar av Animal-Town (eller Living Water Assembly om du vil, aka Frode Strømstad), denne kvelden forsterka med belgiske og amerikanske støttespelarar. Dei spelar skranglepop med eit par særs fengande melodiar, men dei fleste hadde ein lei tendens til å slutte nærast midt i låten. Dei er med andre ord ganske ferske og verka uferdige, men eg ser stort potensiale i denne gjengen. Å lage gode poplåtar kan dei iallefall, dei må berre klare å runde dei av på ein like elegant måte, og kanskje lage litt fleire av dei, så vil dette bli riktig bra. Debuten Remove the Crown (7 låtar) kjem i otkober.
I was a King - Remove the Crown
I was a King @ Myspace
YaYa Herman Düne spelte to gongar i Egersund denne helga, og dette var den andre konserten deira. David-Ivar og Neman gjorde sakene mykje betre enn dagen før, då dei hadde gjennomført eit heller uinspirert akustisk sett ifølge dei som var der. Denne kvelden kosa dei fleste seg, og dette var også den mest vitja av dei konsertane eg såg, om ein ser bort frå Elvira på den store utandørs-scena.
I etasjen over spela Olav Larsen and the Alabama Rodeo Stars, og eg fekk med meg omlag halve denne konserten. Bandet kjem med plata Love’s Come to Town i august, og me fekk smakebitar både frå den og den to år gamle EPen Gospel and drinking songs. Musikken er tradisjonell, dei tek ikkje dei alt for store sjansane, men trakkar på godt opptrokka stiar. Stemma til Olav er det som gjer at bandet løftar seg over mange andre. Bandet har også fått nye heimesider sidan sist eg vitja dei.
Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars - Unhappy/dreamer
olavlarsen.com
Til å avrunde heile festivalen var amerikanske Ladybug Transistor hyra inn i Grandkjellaren, medan Tramps spelte til dans i festivalteltet. Eg valgte å få med meg førstnemnde, og gjorde forhåpentlegvis rett i det. Ikkje det at bandet har veldig store hits å slå i bordet med, men dei spelar triveleg pop som er lett tilgjengeleg, og lett å like. Dei spelte blant anna ein heilt fersk låt ??, som for meg var høgdepunktet under konserten. Den vert truleg å finne på EPen bandet kjem med i haust.
Bilete: Ladybug Transistor - foto: Super-Zeelje
Alt i alt ein veldig triveleg festival, som eg anbefalar på det varmaste. Den skal nok vitjast fleire gongar. Synd eg ikkje fekk med meg Happy Dagger og Susanne Sundfør (som spela på opningsdagen), men ein kan jo ikkje få med seg absolutt alt.
Posted in Elvira Nikolaisen, Emmerhoff & the Melancholy Babies, Geirr Lystrup, Happy Dagger, I was a King, Ingrid Olava, Loch Ness Mouse, Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars, Professor Pez, Sgt Petter, Tønes | No Comments »