Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Hanny' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2008-04-13

Hanny er ein gruppe med den heller uvanlege besetninga vokal, cello, fiolin, trekkspel, gitar og trommer. Dei lagar vakker akustisk svevepop, og er kjem med si andre plate Scenity. An account of the influence of scenes on occidental societies 21. april via selskapet Metronomicon Audio. På deira nettsider får vi to låtar frå denne plata eg har store forhåpningar til.
20.04 - Oslo, Henie Onstad kunstsenter (m/Now we’ve got Members, Pilemil og Admiral Radar)
Hanny - Dune
Hanny - Homage
Hanny @ Myspace

Bob Haley slapp debutalbumet Let it Last for eit par veker sidan. Har du lyst på ein liten smakebit frå albumet, kan du ta turen over til heimesida deira. Der finn du singelen Star. Sleppekonsert var nyleg i Oslo, men ingen nye konsertar er planlagt med det første.
Bob Haley - Star
Bob Haley - If You Look At The World (NRK Urørt)
bobhaley.no

Animal Alpha er no ute med video til singelen Pin You All. Som med to av bandet sine tidlegare videoar, er det Petter Jahre som har regissert denne gongen også.
01.05 - Bergen, Garage
02.05 - Ålgård, Kongeparken
13.06 - Frøya, Jorddunstfestivalen
27.06 - Voss, Ekstremsportveko
11.07 - Stavernfestivalen
12.07 - Lakselv, Midnattsrocken
18.07 - Fjellparkfestivalen
01.08 - Vinjerock
02.08 - Storåsfestivalen
Animal Alpha - Pin You All (video)
animalalpha.com

Brut Boogaloo har vakna frå dvalen, og lagt ut to nye låtar på Myspace. Desse vil vere å finne på bandet sin andre LP, som er planlagt ein eller annan gong i 2008.
Brut Boogaloo @ Myspace

Arbeidstittelen på den komande deLillos 85-plata er Huskeglemme. Plata vil truleg kome ein gong i haust, men ein singel på forsomaren.
07.06 - Sarpsborg, Bellona-arrangement
delillos.no

Av ein eller annan grunn er Lind, Nilsen, Fuentes & Holm-plata Hallelujah Live no ute i USA.

Christer Knutsen har fått seg nye heimesider. For tida er han i ferd med å spele inn sitt tredje album. Han vil gjere eit par konsertar i somar.
26.04 - Randaberg, Sentrum
05.05 - Kristiansand, Javel
05.07 - Kongsberg jazzfestival
Christer Knutsen - Forget this Dance (Cowboy & Indianer session, NRK)
christerknutsen.com

Posted in Animal Alpha, Bob Haley, Brut Boogaloo, Christer Knutsen, Hanny, deLillos | No Comments »