Monomen jobbar stadig vekk med debutplata si, og gjev oss no eit liten peikepinn på kva vi kan vente oss. Dei har lagt ut ein gnistrande ny låt på dei midlertidige heimesidene sine. Albumet vil truleg heite Twilight Princess når det kjem. Det er berre å starte å gle seg.
07.09 - Oslo, John Dee (m/Stereo Total)
08.09 - Bergen, Garage (Phonofestivalen)
09.09 - Stavanger, Folken (Numusic Festival)
Monomen - Asian Spacestation
monomen.no
Hanne Hukkelberg gjev ut si andre plate Rykestrasse 68 komande måndag, og der vil du blant anna finne ein versjon av The Pixies sin song Break My Body (Surfer Rosa, 1988). På bloggen Aurgasm finn du eit liveopptak av denne låten med Hanne.
Hanne Hukkelberg - Break My Bones (live)
hanne.hukkelberg.net
The Wombats har lagt ut låtar frå alle fem EPane/singlane sine. Bandet slepp debutalbumet Girls, Boys and Marsupials i midten av september.
The Wombats - Derail and Crash
The Wombats - Little Miss Pipedream
thewombats.co.uk
Thomas Dybdahl har hoppa av CCAP-skuta og borda den litt større Universal-båten. Ikkje verst for ein kar som tidlegare har uttala at han hatar major-selskapa. Albumet Sacrifice blir iallefall utgjeve av storegutta 18.september, og dei er tilogmed så snille at du kan lytte til låta Always på nettsidene deira. Han planlegg ein større Noregsturné med avspark i Oslo 15. november, men før det vitjar han Frankrike, Belgia og Holland.
11.10 - Nantes, Salle Paul Fort
12.10 - Rennes, L’ubu
14.10 - Nancy, Le Hublot
16.10 - Paris, Theatre De L’Atelier
17.10 - Tourcoung, Le grand mix
20.10 - Montpellier, Victoire 2 (Saint Jean De Vedas)
23.10 - Brussel, Botanique
24.10 - Nijmegen, Podium
25.10 - Groningen, Vera
26.10 - Rotterdam, Rotown
27.10 - Amsterdam, Paradiso
15.11 - Oslo, Sentrum Scene
Thomas Dybdahl - Always (straum)
thomasdybdahl.com
Flunk vitja i mai studioet til den superbe Seattle-baserte radiostasjonen KEXP. Stasjonen har for vane å leggje ut konsertar og intervju med artistane sine på nett, og har også ein podcast med eksklusive opptrednar. No finn du også Flunk sitt sett frå mai, deriblant med ein finfin versjon av Depeche Mode sin låt See You (A Broken Frame, 1982)
Flunk - See You (Depeche Mode cover, live)
Flunk @ KEXP
flunkmusic.com
Nei, nei, nei! TNT vil sleppe ein ny versjon av 10.000 Lovers (In One) denne hausten, og det med hjelp frå Øyvind Sauvik (Vinni frå Paperboys). Som om ikkje originalen var gale nok.
rockofnorway.com
10 norske artistar vil spele på årets PopKomm-konferanse i slutten av september.
Cloroform, Animal Alpha, WE, Kaizers Orchestra, Bjørn Berge (”rockescena”), Marit Larsen, Adjagas, Thomas Dybdahl og Bermuda Triangle (”popscena”) spelar alle under banneret “Norwegian Night” på same arenaen 21.09, medan Einar Stenseng må klare seg aleine dagen etter. Karin Park spelar også på “Norwegian Nights”.
popkomm.de
Annie bidreg på Ercola sin ferske singel Follow Me. Du kan lytte til låten på nettsidene til plateselskapet Eyezcream.com
anniemusic.co.uk
Madrugada har svevd høgt det siste året, men eg kom nyleg over eit lite gullkorn frå litt tilbake i karriera deira. Musikkvideoen til Ready blir sjeldan vist på TV (har den nokon gong?), men er ein morosamt snutt frå ein del år tilbake. “Regi” er ved Thomas Hilland.
Madrugada - Ready (video) (23 mb)
madrugada.net
Det nye albumet til Ralph Myerz & The Jack Herren Band får tittelen Sharp knives & Loaded Guns når det kjem i butikken 25. september. I dei påfølgande månadane skal bandet ut på ein stor Noregsturné. Forøvrig blir songen Deepest Red å finne på lydsporet til FIFA-07-spelet.
16.09 - Bergen, LAX-festivalen
11.10 - Kongsberg, Energimølla
12.10 - Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset
13.10 - Trondheim, Studentersamfunnet
14.10 - Tromsø, Insomnia Festival
20.10 - Bodø, Studentersamfunnet
21.10 - Meløy, Ørnes Hotell
25.10 - Lillehammer, Bingo’n
26.10 - Sandnes Kulturhus
27.10 - Ås, Aud Max
28.10 - Horten, Lace
01.11 - Drammen, Union
02.11 - Gjøvik, Huset
03.11 - Notodden, Stua
09.11 - Lillestrøm, Martin’s
10.11 - Stavangerm Folken
11.11 - Haugesund, Byscenen
15.11 - Kristiansand, Østsia
16.11 - Grimstad, Luftslottet
17.11 - Husnes, Vift
18.11 - Oslo, Sentrum Scene
24.11 - Bergen, Hulen
ralphmyerz.net
Selskapet Sublife har lagt ut eit par smakebitar frå komande og nylege album. Under finn du eit kutt frå albumet til Harm, som kjem 11. september, og ein akustisk låt henta frå Green Carnation si siste plate Acoustic Verses. Sjekk nettsidene for fleire låtar og videoar.
Harm - Devil
Green Carnation - The Burden is Mine… Alone (akustisk)
sublifeproductions.com
Voices at Play er eit canadisk hyllestband til Kings of Convenience. På Purevolume.com har dei lagt ut fire av sine tolkingar av låtar frå Riot on an Empty Street. Sjarmerande greier.
Voices at Play (Kings of Convenience-tribute @ Purevolume
kingsofconvenience.com