Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Grand Island' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2008-04-09

Roger Græsberg & The Anti-Music Bonanza var eit av dei mest særeigne banda eg såg under by:Larm i år. Denne gjengen er det nærast umogleg å genre-sette, då du vil finne alt frå hip-hip via bossa nova til honky tonk. Men tøft er det i alle fall, og absolutt noko du bør prøve å få med deg live. Datoane under må dog takast med ei klype salt. Dei er henta frå nrk.no/urort, medan han på Myspace opererar med litt andre datoar.
24.04 - Oslo, Blå
28.06 - Nordre Odal Rockefestival (27.06 iflg Myspace)
05.07 - Kongsvinger, Festningen
08.08 - Oslo, Øyafestivalen (07.08 iflg MS)
25.11 - Fredrikstad, Dean Bar (27.11 iflg MS)
Roger Græsberg & The Anti-Music Bonanza - Coffee & Cigarettes
Roger Græsberg & The Anti-Music Bonanza - F*ck Bad Bands
Roger Græsberg @ Myspace

Herr Nilsson slepp EPen Tuesday is my Birthday den 28. april. Som vanleg høyrast det ellevilt og lystig ut frå denne Bergensgjengen. Du finn ein smakebit under.
25.04 - Bergen, Hulen (m/Razika)
Herr Nilsson - Don’t Put Your Money on My Horse
Herr Nilsson @ Myspace

Det nyleg premierte Urørt-bandet Children and Corpse Playing in the Streets er i finne i den siste Varg Veum-filmen. Låta heiter The Greatest Thrill, og den kan du høyre låta under. I tillegg kan du laste ned låta dei vant Ukas Urørt med.
18.04 - Trondheim, ISAK
Children and Corpse Playing in the Streets - The Greatest Thrill (straum frå nrk.no)
Children and Corpse Playing in the Streets - France (Ukas Urørt veke 11)
Children … @ Myspace

Garden State slapp ein finfin singel i form av Make You Smile i fjor somar. No er bandet i studio for å snikre saman det som skal bli debutalbumet It’s Been a Year. Blant anna har dei fått med seg Einar Stenseng på ein låt. Denne og ein annan heilt fersk song er å finne på Urørt akkurat no. Garden State har ingen konsertar annonsert for tida, men det har hr Stenseng, og dei datoane finn du under.
09.04 - Bergen, Hulen
28.04 - Oslo, Sentrum Scene (m/Einstürzende Neubauten)
12.07 - Drammen, Vaffelføzzfestivalen
02.08 - Disenå, Audunbakkenfestivalen
05.12 - Fredrikstad, Dean Bar
Garden State - Greenweed (med Einar Stenseng)
Garden State - Put the Lights Out
Garden State @ Myspace
einarstenseng.com

Alpine Those Myriads? var i eit gjestmildt hjørne før påske. Då la dei nemleg ut den nye EPen Góra for nedlasting på heimesidene sine. Du kan framleis plukke opp dei fire vindskeive og heller eksperimentelle instrumentallåtane her.
Alpine Those Myriads? - Góra EP (zip)
alpinethosemyriads.com

Monzano kjem med ein ny EP komande måndag, og første smakebit er ein nydeleg pop-låt med allsongpotensiale. Samstundes som EPen kjem ut her heime, blir fjorårs-albumet deira High Horses & One Trick Ponies sluppe i Japan.
12.04 - Oslo, Blå (m/Hiawata!)
10.05 - Notodden, Pleasure Party
Monzano - Pine Trees
monzano.com

Edit 13.04: For the Eardrums har ein fersk post om Monzano, og ein ny låt for nedlasting. [lenkje]

Grand Island skal på vegen for å promotere andreplata si Boys & Brutes, som dei slapp på måndag. Både innland og utland blir vitja i april og mai. Internasjonal sleppedato er 25. april.
11.04 - Oslo, Blå
17.04 - Trondheim, Storås utested
30.04 - Stavanger, Folken
01.05 - Bergen, Hulen
10.05 - Notodden, Arno musikkbar
17.05 - Den Haag, Zwarte ruiter
18.05 - Tilburg, 013
19.05 - Den Helder, De Bliksem
22.05 - Fulda, Kulturkeller
23.05 - Heidelberg, Halle 02
24.05 - Cottbus, Gladhouse
26.05 - Hamburg, Frau Hedi & Hafenklang (2 konsertar)
27.05 - Berlin, Festsaal Kreuzberg
06.06 - Munster, festival
04.07 - Freibad Hagenwerder, La Pampa festival
19.07 - Åsnes, Tømmerfløytivalen
05.08 - Oslo, Øyafestivalen (enno ikkje klart kva dag)
22.08 - Saarbrück, Rocco Del Schlacko Festival
grandisland.no (innhaldslause heimesider)
Grand Island @ Grandspace

Ekstrem-metalbandet Cor Scorpii kjem med debutplata Monument neste veke. Bandet, som blant anna består dei tidlegare medlemmar av Windir, spelte nyleg på Inferno-festivalen. Under finn du ein smakebit frå albumet, samt ein låt frå bandet sin første demo (2005).
25.04 - Haugesund, Karmøygeddon
Cor Scorpii - Ei fane svart
Cor Scorpii - Attergangar (demo)
corscorpii.net

Ikkje fullt så dyster er folk&røvere si neste plate, men du finn heller ikkje nokon Utadæsjælåpplevelse der. Albumet Lysrædd er det åttande i rekkja, men vel det første frå den kanten med referansar til blant anna Henrik Ibsen, mulla Krekar og Jean Paul Sartre. Du finn heile seks låtar på folk&røverespace.
10.04 - Oslo, Pavillion (DJ-set)
14.04 - Oslo, Parkteatret kafé (DJ-set)
folk&røvere @ Myspace

Tommy Fredvang er ein kar i ei no snart lang rekkje norske artistar som har vore innom LIPA i Liverpool. Han er for tida i studio for å lage sitt første album. På den ferske heimesida hans kan du lytte til fire nye låtar i pop/rock-gata.
Tommy Fredvang - Have Another Start
tommyfredvang.com

Posted in Alpine Those Myriads?, Children and Corpse Playing in the Streets, Cor Scorpii, Einar Stenseng, Garden State, Grand Island, Herr Nilsson, Monzano, Roger Græsberg & The Anti-Music Bonanza, Tommy Fredvang | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-09-13

The School platedebuterte på måndag med albumet Espionage. Under finn du ein smakebit frå plata, og på YouTube kan du sjå videoen til Bad to the Bone.
15.09 - Trondheim, Ramp
17.09 - Oslo, Last Train
19.10 - Trondheim, Blæst
10.11 - Bergen, Garage
11.11 - Stavanger, Cementen
12.11 - Farsund, Pakkhuset
13.11 - Arendal, Kulturkafeen
15.11 - Kongsberg, Energimølla
16.11 - Oslo, John Dee
The School - You Belong
The School - Bad to the Bone (video) (YouTube)
theschoolrock.com

New Violators gjorde sin første konsert i mars (eg måtte gå heim tidleg for å sove før bandet gjekk på scena, herregud) har berre gjeve ut ein demo, men det var nok til å lokke fleire festival-bookarar til å sikre seg bandet i somar. Ikkje er dei signa av noko selskap enno, men det kan ikkje vare lenge. Heldigvis fekk eg med meg bandet live for ca ein månad sidan, og her har fleire noko å gle seg til. Lytt til demoen Burma, og berre gled deg til neste konsert.
New Violators - Burma
newviolators.com

Heroes & Zeros har signa med Universal med ein avtale om å gje ut minst eit album. Albumet kan ikkje ventast før tidleg neste år. Bandet jobbar for tida med dette materialet, og det er berre å smøre seg godt med tolmod, både for dei og oss. Låta Cellophane er forøvrig aktuell i filmen Uro, noko som var delar av premien etter at dei vant Zoom. Under finn du blant anna eit herlig live-spor frå Zoom-turnéen.
Heroes & Zeros - Rapture 180° (frå Circles EP)
Heroes & Zeros - A Strange Constellation (live) (Zoom, Alta)
heroesandzeros.net

Aksel Hennie vart så begeistra då han høyrte Grand Island for første gong. Så mykje faktisk at han tok kontakt med bandet og tilbaud sine tjenester som musikkvideo-regissør. Singelen som vart valgt ut er Us Annexed, og videoen ser du under. Bandet er snart i ferd med å runde av ein Noregsturné.
14.09 - Trondheim, Cherrox
16.09 - Notodden, Arno Musikkbar
22.09 - Bø, Kroa
28.09 - Lillestrøm, Martins
30.09 - Oslo, Blå
03.11 - Sogndal, Meieriet
04.11 - Ørsta, Club Rust (m/The School & Incognito Inc)
Grand Island - Us Annexed (video) (23 mb)
grandisland.no


Flunk sin opptreden på KEXP i mai vert no tilgjengeleg som ein digital EP for sal. To av låtane er også å finne på bandet sin Myspace-profil. EPen kjem er 9. oktober, og bandet utelukkar ikkje at den blir utgjeven som ordinær CD/vinyl. Flunk sitt debutalbum For Sleepyheads Only har nyleg blitt relansert i USA som følge av stor interesse etter ein austkyst-turné i vår, då dei bl.a vitja KEXP. Bandet vil og gjere ein sjeldan opptreden i Noreg i slutten av september.
30.09 - Oslo, Pavilion
10.10 - Beograd
Flunk @ KEXP
Flunkmusic.com

Satyricon sin siste video The Pentagram Burns kan no lastast ned frå bandet sine nettsider. Howie Arnstad har regissert det heile.
Satyricon - The Pentagram Burns (video) (20 mb)
satyricon.com

Posted in Flunk, Grand Island, Heroes & Zeros, New Violators, Satyricon, The School | No Comments »