Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Gatas parlament' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-12-05

TrulsandtheTrees har lagt ut nesten heile den komande plata si Ailanthus på Myspace. Du kan framover lytte til 8 låtane på denne glitrande popplata, som er tilgjengeleg frå fredag av. Metronomicon, som gjev ut denne plata, har no inngått distribusjonavtale med Musikkoperatørene, noko som betyr at fleire platesjapper vil få moglegheit til å selge den og andre framtidige Metronomicon-plater.
07.12 - Oslo, Blå
26.12 - Larvik, Trudvangen slott
TrulsandtheTrees - Upside Journey
TrulsandtheTrees @ Myspace

Bergenske Catastrophes har nyleg avslutta innspelinga av debutplata, og den kjem ut ein gong på nyåret. Bandet burde ha nok av låtar å velge mellom til plata, noko denne sida med heile 19 (!) ulike demoar tyder på. Om nokre av desse kjem på plata i nyinnspelt form er ikkje godt å vite, men kanskje ein eller fleire av låtane som ligg på Urørt kjem med. Under finn du iallefall ferskaste skot på stamma med poplåtar.
06.12 - Bergen, Hulen
Catastrophes - That Boy is Ready for Eternity
Catastrophes @ Myspace

Indietronika-duoen Attention Now! leverer sin hittil beste låt med Hard to stay alive. Du finn låta både på Urørt og Myspace. Silje og Stian jobbar med å ferdigstille eit album, men sleppedato er ikkje klar enno. Dei er også aktuelle med ein remix for danske Oliver North Boy Choir, som vert å finne på plata deira som snart er i butikken.
Attention Now! - Hard to Explain
Attention Now! @ Myspace

Det har lenge vore stille rundt Mary Me Young, men bandet kom i haust med EPen The Mary EP. Dei spelte nyleg i Trondheim, og kjem til Oslo rett før jul for å gjere ein konsert, der du sikkert kan sikre deg eit eksemplar av EPen også. Under finn du ein smakebit.
19.12 - Oslo, Spasibar
Mary Me Young - My Strenght
marymeyoung.com

Bluegrassgjengen Ila Auto kjem med plate nr. 2 Over The Next Hill rett over nyttår, og allereie no er første singelen Little Honey å høyre både på radio og nett. Berre ein ny konsert er annonsert pr dags dato, men her kjem nok fleire til etterkvart.
22.02 - Oslo, Herr Nilsen
Ila Auto - Little Honey
ilaauto.com

Gutta i Gatas parlament har den siste tida vore mest synlege som medlemmar av Samvirkelaget, men har av den grunn ikkje lagt GP på hylla. Snarare tvert om. Den 13. desember kjem “gateplata” 93 til Infinity, som vert å rekne for ei halvoffisiell utgjeving av både gamalt og nytt materiale. Men dette er ikkje einaste albumet dei kjem med. Til våren neste år kjem dei med si tredje offisielle plate. På gatasp.no kan du tinge 93 til Infinity, samt sjå ein festleg trailer for plata, der dei stel uhemma frå alskens action-filmar, samt fjorårets pseudo-doku Death of a President.
13.12 - Oslo, Spasibar
14.12 - Oslo, Sub scene (fri alder)
Gatas parlament - 93 til Infinity trailer (video)
gatasp.no

Eg saksar frå kommentarfeltet:
Erik og Kriss har plateslepp på andreplata si, Verden vil bedras 14. januar. Dei planlegg storkonsert på Rockefeller den 19. januar, men skal også gjere fleire andre konsertar framover. Duoen er for tida aktuelle med singelen Dra tilbake.
07.12 - Lommedalen, Helsethallen
08.12 - Bardufoss
12.12 - Stavanger, Javel
19.01 - Oslo, Rockefeller
25.01 - Vang, Jotnerock
01.02 - Mosjøen, Topic
16.02 - Stranda, Torget
23.02 - Stryn, Basecamp
12.03 - Porsangermoen
30.04 - Vollen, Sjøstrand (Maifestivalen)
Erik og Kriss - Dra tilbake (video) (youtube)
erikogkriss.no

“Retro”:
Davy Jones’ Locker har lagt sin EP Healthy People Prepare to Die (2005) ut for nedlasting, men då kanskje ikkje på den beste måten for eit såpass lite band. Gå til nettsidene deira for å laste ned ein torrent med EPen, og sjekk om der er liv. Lite aktivitet akkurat no.
Davy Jones’ Locker - Healthy People Prepare to Die (torrent)
davyjoneslocker.net

Posted in Attention Now!, Catastrophes, Davy Jones' Locker, Erik & Kriss, Gatas parlament, Ila Auto, Mary Me Young, Truls & The Trees | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-09-06

Psych/popbandet Gravel Control har lagt ut to nye låtar på heimesidene sine.
Gravel Control - High Time
Gravel Control - Day of Pain
multigrafisk.no/gravelcontrol

Bjørn Eidsvåg har fått med seg Elvira Nikolaisen på låta Floden, som vert første song ut frå det komande albumet hans Nåde (16. oktober). Via Sony Music kan du no lytte til singelen.
Bjørn Eidsvåg & Elvira Nikolaisen - Floden (wma-straum)

Rockebandet The Swamp Babies (aktive 1987 - 1993) gjer no eit aldri så lite live-comeback i samband med utgjevinga av samleplata Twisted Tales Of Lust, Hate And Violence, And A Little Bit Of Love. Plata kjem ut 18. september på Karisma records. Du finn låtar på bandet sine heimesider.
21.09 - Oslo, Café Mono
23.09 - Bergen, Garage
The Swamp Babies - I am a Dog
The Swamp Babies - I hate You
theswampbabies.com

Karisma records har også signa elektronikagruppa Casiokids, og vil gje ut debutalbumet Fuck Midi 2. oktober.
30.09 - Stavanger, Tou Scene
20.10 - Ås, Uka
21.10 - Oslo, Spasibar
26.10 - Kristiansand, trash-pop
CasioKids - N’Dur (live @ Kamelon)
CasioKids - N’Dur (utdrag av albumversjon)
casiokids.com

Malice in Wonderland har no endeleg fått ferdigstilt produksjonen av vidoen til Lucifer’s Town, og resultatet kan du bivåne på bandet sine nettsider. Videoen er produsert av Yesbox. Den same låta er også å finne på den amerikanske skrekkfilmen The Passing.
Malice in Wonderland - Lucifer’s Town (video) (40 mb)
malice-in-wonderland.com
The Passing - nettsidene til filmen

Jazzvokalisten Siri Gjærde (av og til medlem i Aire & Angels saman med Tord Gustavsen) gjev ut si andre soloplate Survival Kit førstkomande måndag. På nettsidene hennar kan du lytte til førstesingelen derifrå, Loveless Cafe.
06.09 - Levanger Jazzklubb
07.09 - Oslo, Kampen Bistro
08.09 - Hitra, Ægir
10.09 - Blæst, Trondheim
13.-17.09 - miniturné, Edinburgh
heimeside

I same genre finn ein Randi Tytingvåg, som kjem med si andre plate Let go, også det på måndag. Under finn du låta Ghost, som er henta frå albumet.
Randi Tytingvåg - Ghost
tytingvaag.no

Du finn videoen til Schtimm-låta The Onceuponatimer’s theme på Google sin videotjeneste. Bandet er for tida i Tyskland, der dei promoterar albumet Time, Space and other stories.
06.09 - Cottbus, Gladhouse
07.09 - Halle, Objekt 5
08.09 - Berlin, Mashinenhaus
09.09 - Hamburg, Grüner Jäger
Schtimm - The Onceuponatimer’s theme (video) (@ Google)
heimesider

Har du DV-kamera og er i nærleiken av Bergen på laurdag? Gatas Parlament er på jakt etter to personar som har lyst til å filme konserten dei skal gjere i byen saman med Karpe Diem. Som løn for strevet vil du få gratis konsertbillett for deg og ein gjest. Les meir på gatasp.no

Haustprogramet til konsertscena 13th Floor Club i Oslo er no klart. Fleire godbitar er i vente. Klubben held til i lokala til Ampifier.
16.09 - Brimstone Solar Radiation Band + Tellusalie
29.09 - The Ghetto Ways + Strychnine
27.10 - The Movements + The Heretics
04.11 - Los Plantronics (Day of the Dead-feiring)
10.11 - The Tijuana Bibles +
02.12 - Len Price Tree + The Patsy Walkers
13th Floor Club @ Myspace
musikknyheter.no


Fredag 8. september vert gata “Joachim Nielsens gang” offisielt opna. Gata ligg ved Det Åpne Teater på Grønland/Oslo Øst, og vil vere ein hyllest til Joachim “Jokke” Nielsen som hadde fylt 42 denne dagen. Valentourettes spelar kl 17:00 denne ettermiddagen.
valentourettes.com
[foto: Petter Pogo]

Bandet med ein av Noregs største diskografiar og flest søndagskonsertar, Frank Znort Quartet (100+ live-plater, 1 studioalbum og 400+ søndagskonsertar) har fått seg nye heimesider. Her ligg blant anna jukebox med Tanta til Beate, Voi Voi og andre live-favorittar, videoar og mykje anna.
fzq.no

The Whitest Boy Alive starta Noregsturnéen sin igår i Kristiansand. Resten av stadane bandet skal spele før dei gjer fleire konsertar i heile Europa, ser du under. På Myspace ligg tre låtar frå bandet si debutplate Plans, som kom ut tidlegare i haust.
06.09 - Stavanger, Folken
07.09 - Bergen, Hulen
08.09 - Ørsta, Rust
09.09 - Trondheim, Klubben-Samfundet
10.09 - Oslo, Blå
12.09 - Lund, Mejeriet-cafe
13.09 - Uppsala, Pang Musik! @ Kalmar Nation
14.09 - Linköping, Herrgår’n
15.09 - Göteborg, Pustervik Göteborg
16.09 - Aarhus, Revopop Festival
17.09 - København, Lille Vega
19.09 - Roma, Enzimi festival
25.09 - Leipzig, NATO
26.09 - Dresden, Scheune
27.09 - Augsburg, Kerosin
30.09 - Basel, Schiff
01.10 - Wien, Planet
03.10 - Graz, Postgarage
05.10 - Freiburg, Fri-son
06.10 - Zurich, Zukunft
09.10 - Erlangen, E werk
10.10 - Stuttgart, Rocker 33
11.10 - Offenbach, Robert Johnson
13.10 - Köln, Studio 672
14.10 - Antwerpen, Trix
15.10 - Hamburg, Übel und Gefährlich
19.10 - Reykjavik, Island Airwaves
03.11 - Istanbul, Phonem festival @ babylon
The Whitest Boy Alive @ Myspace

Hopalong Knut si andre plate vil heite Evolusjonens trøst, og kjem 25. september. Samstundes dreg bandet på ein landsdekkjande turné:
23.09 - Trondheim, Studentersamfundet
04.10 - Lillehammer, Bingo’n
05.10 - Kroa i Bø
06.10 - Oslo, Det Norske Studentersamfund
07.10 - Ås, Samfunnet
10.10 - Kongsberg, Energimølla
11.10 - Tønsberg, Vestfold Studentsamfunn
12.10 - Bergen, Hulen
13.10 - Sogndal, Meieriet
14.10 - Volda, Rokken
17.10 - Nesna, Studentkroa
18.10 - Kabelvåg, Prestengbrygga
19.10 - Harstad, Studentkroa
20.10 - Tromsø, Driv
21.10 - Alta, Studentkroa
25.10 - Hamar, Hydranten
26.10 - Grimstad, ??
27.10 - Kristiansand, Østsia
28.10 - Stavanger, Folken
Hopalong Knut - Ut gjennom vinduet (frå Myspace)
hopalongknut.no

Posted in Bjørn Eidsvåg, CasioKids, Elvira Nikolaisen, Frank Znort Quartet, Gatas parlament, Gravel Control, Hopalong Knut, Malice in Wonderland, Randi Tytingvåg, Schtimm, Siri Gjærde, The Swamp Babies, The Whitest Boy Alive | No Comments »

Videoar

Posted by The Lodger on 2006-08-02

Videoen til Bahamas frå Low Frequency in Stereo sin siste fullengdar er ein heilanimert 4-minuttar du absolutt bør få med deg, om du ikkje har sett den allereie. Heute, som har laga filmen, har jaggu også fått inn ein Hitchcock-hyllest her, noko som gjev den ei ekstra stjerne i mi bok. Kos deg med denne!
09.-12.08 - Oslo, Øyafestivalen
19.08 - Askim - Kraftfestivalen
23.09 - Oslo, John Dee
28.09 - Bergen Hulen
29.09 - Stavanger, Folken
Low Frequency in Stereo - Bahamas (video) (15 mb)
lowfrequencyinstereo.com

Kaada er no ute med albumet Music for Moviebikers. Plateselskapet Ipecac har lagt ut videoen til From Here On It Got Rough på YouTube. Sjå den under.
03.08 - Alterwills (Sveits), StoneHill
Kaada - From Here On It Got Rough (video) (YouTube)
kaada.no

ORBO & THe Longshots er ute med singel nr 2 til den komande plata Genuine Handmade Rock’n'Roll. Låta som er valgt ut er My Widow, komponert av Kevin Welch og ORBO. Det svenske selskapet Rootsy vil gje ut plata i Noreg og Sverige 4. september, men før det er bandet invitert til å spele under VM i BeachSoccer 06 i Marseille, Frankrike 20. og 21. august. Videoen til My Widow kan du no sjå på ORBO sine heimesider. Den er regissert av Tom Rosson for Gerilliafilm.
04.08 - Kristiansand, Eikerapen Roots Festival
05.08 - Askøy, Lost Weekend
20.08 - Marseille, FIFA Beach Soccer WC06
21.08 - Marseille, FIFA Beach Soccer WC06
26.08 - Bergen, HF-Fakultet
31.08 - Bergen, Ricks Theater (plateslepp, m/gjester)
06.09 - Bergen Expression
11.10 - Sandnes, Chili
ORBO & the Longshots - My Widow (video) (straum)
orbo.no

Eva & the Heartmaker har snekra saman den lettgløymde somarlåta Stupid Heart som ein forsmak på debutalbumet Behind the Golden Frames. Det kjem etter planen ut 28. august. Jepp, Eva var med i I***, noko som også gjev ein peikepinn på kor i poplandskapet denne låta ligg. Videoen er regissert av Alf Dyblie for 9mm.
Eva & the Heartmaker - Stupid Heart (video)

Gatas Parlament har likegodt oppretta ein eigen “kanal” på YouTube, der dei vil leggje ut både gamle og nye videosnuttar, blant anna konsertklipp.
Gatas Parlament TV
gatasp.no

Betine Zetlitz har løfta litt på lokket for å syne oss kva som vil dukke opp på den nye plata hennar. Førstesingelen 500 har rotert ein del i somar, og videoen kan du no sjå på dei nye, men minimalistiske heimesidene til BZ. Albumet My Italian Greyhound kjem 11. september.
Bertine Zetlitz - 500 (video)
bertine.com

Ane Brun promoterar stadig albumet sitt Duets og ho har no spela inn video til låta Rubber & Soul saman med Færøyiske Teitur. Ane vil også sleppe A Temporary Dive i ein australsk versjon 19. august.
Ane Brun - Rubber & Soul (video)
anebrun.com

Den russiske kunstnaren Julia Zastava har sett bileter til Alog sin song Your Secret Flesh frå 2001. Ein kollage av animasjon og verkeleg bileter som står i fint samspel til stemninga i låta.
12.08 - San Francisco, Electronic Music Festival
15.08 - Portland, tba
17.08 - Chicago, The Empty Bottle
19.08 - Boston, Mills Gallery
21.08 - New York City, Tonic
20.10 - Beograd, Dispatch Festival
Alog - Your Secret Flesh (video)
alog.net

Plywood har laga video til singelen Sunride. Låta er henta frå fjorårsalbumet The ways of the past.
09.08 - Oslo, Skuret (KlubbØya)
Plywood - Sunride (video) (28 mb)
plywood.no

Sjølv om videoen til Christine Sandtorv sin Four Leaf Clover er eit par månader gamal, så har eg visst ikkje posta noko om den før no. Regi er ved Ingvild Nielsen.
Christine Sandtorv - Four Leaf Clover (video) (43 mb)
christinesandtorv.no

Eg rundar til slutt av med ein godbit.
Sitat frå Urørt:
Bandover ble unnfanget i K-town (Kristiansand) for snart 15 år siden. Siden da har de holdt på jevnt og trutt med å sende inn demoer til plateselskaper, uten noen form for respons. Hvis ikke det skjer noe drastiskt her på Urørt er bandet offisielt oppløst.”

Ikkje veit eg når denne desperate meldinga vart lagt inn, men no har det i alle fall skjedd noko. For sjølv med berre 23 nedlastingar på over tre år, har bandet fått nokon til å lage musikkvideo til låta Køddemann. “Årets somarhit” kallar produsentane i heute den, og dei påstod at det tok eit halvår å lage den. Eg veit ikkje heilt kva eg skal meine sjølv, for eg føler meg ganske mållaus! Gjer deg klar for utanomgjordiske kostymer, flammar, blod og innleving sjølv Bobby Conn bør vere stolt over.
Bandover - Køddemann (video) (8 mb)

Posted in Alog, Ane Brun, Bandover, Bertine Zetlitz, Christine Sandtorv, Eva & the Heartmaker, Gatas parlament, Kaada, Low Frequency in Stereo, ORBO & the Longshots, Plywood | No Comments »