Smågodt
Posted by The Lodger on 2008-04-16
Ane Brun sin konsert på Paradiso i Amsterdam i morgon vil bli sendt direkte over nettet (vevkasta?) via Fabchannel.com. Konserten startar kl. 2045, men sendinga byrjar allereie fem kvarter tidlegare, med oppvarming frå svenske Nina Kinert og hollandske Blaudzun. Skulle du ikkje kunne sjå konserten live, blir den også arkivert på nettstaden. I arkivet finn du allereie ein konsert Ane Brun gjorde i 2005, saman med over 850 andre opptrednar, fleire av desse med norske artistar.
17.04 - Amsterdam, Paradiso
18.04 - Rotterdam, Lantaren/Venster
19.04 - Paris, Maroquienerie, Les Femmes s’en Mélent
.2204 - Basel, Kaserne
23.04 - Zürich, Mascotte
24.04 - Bern, ISC
25.04 - Schorndorf, Club Manufaktur
26.04 - Heidelberg, Karlstorbahnhof
27.04 - Berlin, Quasimodo
28.04 - Hamburg, Knust
29.04 - Århus, Voxhall
13.05 - Dublin, Crawdaddy
14.05 - London, Bush Hall
15.05 - Birmingham, Glee Club
16.05 - Bury, Met
18.05 - Glasgow, King Tuts
fabchannel webcast og Ane Brun konsert frå 2005
anebrun.com
Seven Doors Hotel slepp si andre plate The Great Northern 28. april, og same kveld har bandet sleppekonsert i Oslo. Det blir ikkje nokon lanseringskonsert i den forstand etter det, men vokalist Alexander Lindbäck vil varme opp for Grant Lee Buffalo på alle konsertane hans i Noreg den påfølgande veka. Under finn du ein av låtane frå The Great Northern.
28.04 - Oslo, Café Mono
30.04 - Oslo, Rockefeller (m/Grant Lee Buffalo)
01.05 - Trondheim, Blæst (m/Grant Lee Buffalo)
02.05 - Bergen, BergenFest @ Hotel Norge (m/Grant Lee Buffalo)
03.05 - Stavanger, Folken (m/Grant Lee Buffalo)
15.06 - Oslo, Norwegian Wood (både eigen konsert og som backingband for Mark Olson)
Seven Doors Hotel - Three Sundays
sevendoorshotel.com
På Ingrid Olava sin promo for den nye radiosingelen Back to Love, har ho lagt ved ein coverversjon av Christer Knutsen sin No Love #1 & 2. Denne songen har ho også gjort live ved fleire anledningar. Du kan også få tak i låta dersom du kjøper albumet Juliet’s Wishes digitalt på Telenor sin musikkbutikk. Dersom du istaden handlar hjå iTunes, vil du få med ein versjon av kjenningsmelodien til Les mondes engloutis (Arkadia - reisen til jordas indre eller Shagma på norsk).
17.04 - Oslo, Parkteateret
18.04 - Gjøvik, Ampfield
19.04 - Trondheim, Samfundet
21.04 - Hamar, Hydranten
25.04 - Horten, Stallen
26.04 - Hauge i Dalane, Sogndalsstrand Kulturhotell
30.04 - Bergen, Bergenfest
14.06 - Haugesund, Rockfest
21.06 - Lunde sluser, Viser ved kanalen (m/Henning Kvitnes)
26.06 - Arendal, Hovefestivalen
12.07 - Trænafestivalen
07.08 - Oslo, Øyafestivalen
Christer Knutsen - No Love #1 & 2
Juliet’s Wishes @ Telenor nettbutikk (m/No Love) (med førehandslytting)
Juliet’s Wishes @ iTunes (m/Les mondes engloutis)
ingridolava.com
Frost sin versjon av Prince-låta Sex Shooter blir singel frå den komande tribute-plata til den kortvokste. Albumet får tittelen Shockadelica - 50th Anniversary Tribute To The Artist Known As Prince. Men du skal ikkje sjå bort frå at der kjem fleire singlar frå denne 5CD-plata med heile 80 (!) bidrag. Plata blir trykt i 5.000 eksemplar (truleg 4.000 for mykje), og blir lagt ut for sal på 50-årsdagen hans, 2. juni. Du kan førehandstinge via ccrecords.com allereie no.
Don Juan Dracula si neste plate får tittelen New Sensation. Den kjem ut for sal 23. juni, men allereie no er tittelsporet samt ein låt til lyttbare på heimesidene deira.
Don Juan Dracula - New Sensation
donjuandracula.com
Herr Nilsson har posta Kaptein Kaliber sin remiks av Downhill Thrill på Myspace. Låta er å finne på EPen Tuesday is my Birthday som kjem om to veker.
25.04 - Bergen, Hulen (m/Razika)
21.06 - Oslo, Blå
Herr Nilsson @ Myspace
Nettstaden Musikkavisen er tilbake etter eit år med få oppdateringar. Men dei er stadig vekk på jakt etter nye skribentar, så er du skrivefør og lysten er det berre å ta kontakt.
musikkavisen.no
Posted in Ane Brun, Don Juan Dracula, Frost, Herr Nilsson, Ingrid Olava, Seven Doors Hotel | No Comments »