Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Flunk' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-03-10

King Midas slepp plata Sorry på måndag, og på bandet sine ny-designa nettsider kan du blant anna sjå videoane til dei to første singlane frå det albumet.
15.03 - Bodø, Samfunnet (tba)
19.03 - Haugesund, Stødden
23.03 - Oslo, Rockefeller
24.03 - Sarpsborg, Glenghuset
31.03 - Stavanger, Folken
19.04 - Bømlo, Olavsskulen
27.04 - Bergen, Bergenfest
King Midas

Washington har også fått nytt design på sine sider, men innhaldet er nærast identisk med det som var der tidlegare. Einaste nye til no er tekstane til den nye plata Astral Sky som kom 5. mars, samt eit par pressebileter. Meir nytt innhald kjem forhåpentlegvis.
washington.no

Låtlista på den nye plata til Flunk er no klar. Plata heiter Personal Stereo og vil innehalde to cover-låtar i tillegg til 8 eigne songar. Den blir slept 23. april, og same veka vil bandet spele ein konsert ein eller annan plass i Oslo:
01. Personal Stereo
02. Heavenly
03. If We Kiss
04. Haldi (Daniel Johnston)
05. Sit Down
06. See You (Depeche Mode)
07. Two Icicles
08. Change My Ways
09. Keep On
10. ‘Diet Of Water And Love’ by The Valium Poets
flunkmusic.com
Flunk @ Myspace (m/tre låtar frå plata)

Den komande Turboneger-singelen Do You Do You Dig Destruction vil bli distribuert eksklusivt gjennom Telenor og djuice sine mobiltjenester. Det einaste du tydelegvis treng for å få låta gratis er å sende ein sms med ordet “musikk” til 2244. Men eg trur du treng ein litt meir fancy mobil enn min, og du må også vere kunde hjå djuice/Telenor. Hadde bandet berre prøvd å lage litt meir nyskapande musikk istaden for å prøve nyskapanade distribusjonskanalar hadde eg kanskje brydd meg.
turbonegro.com

Poporkesteret Love Dance er i ferd med å gje ut debutplata si Result, og på dei sparsomleg innreia nettsidene deira kan du lytte til ein liten smakebit.
Love Dance - Ninetysix (edit)
lovedancepop.com

Mannssterke (7 menn og 1 kvinne) Herr Nilsson er ute med si andre plate i desse dagar, og vil i den samanheng gjere ein del konsertar framover. Plata har fått tittelen Downhill Thrill, og er ute på Karisma Records. Tittel-låta kan lastast ned på Myspace.
15.03 - Haugesund, Stødden
17.03 - Bergen, Festplassen
30.03 - Stavanger, Checkpoint Charlie
31.03 - Haugesund, Cafe Moody
26.04 - Kristiansand, Østsia
28.04 - Oslo, Café Mono
Herr Nilsson @ Myspace
herrnilsson.no (ny heimeside på veg)

Eit anna band som no er tilknytta Karisma Records er Vaiping frå Stavanger. Bandet vil gje ut debutplata si The Great Polar Expedition i april, og visuelt sett ser denne gjengen også ut som om dei har lyst å gå i Amundsen og Scott sine fotspor. Bart og helsetrøye er sentralt her. Musikken er ikkje heilt lett å genre-sette, men ein slags arktisk/tysk/elektronisk/industrial-mix.
Vaiping - Vaiping on the Rocks
Vaiping - The Great Polar Expidition
Vaiping - Vaiping Vaiping (video) (23 mb)
vaiping.com

Ida Maria har lagt ut ein ny låt på Urørt. Denne gongen ein ballade, kanskje litt overraskande frå den kanten, men slett ikkje verst av den grunn. Låta har tittelen (We’re all) Going to Hell. Ida Maria er framleis på Zoom-turné saman med The Cables.
13.03 - Oslo, Garage
14.03 - Kongsberg, Energimølla
15.03 - Drammen, Union Scene
17.03 - Grimstad, Luftslottet
19.03 - Nesna, Thorvalds
21.03 - Trondheim, Blæst
22.03 - Harstad, Studentkroa
23.03 - Tronmsø, Kaos
24.03 - Bodø, Sinus
Ida Maria - (We’re all) Going to Hell
Ida Maria @ Myspace

Serena-Maneesh skal varme opp for Nine Inch Nails i Australia og Japan i mai. Halve turnéen er allereie utseld. Bandet skal også spele på Kongsberg jazzfestival 7. juni. Les heile turnélista på Myspace, då bandet ikkje har klart å oppdatere sine eigne heimesider.

Susperia har med seg dei gamel “heltane” i W.A.S.P på turné i april. Det passar som hand i hanske med lanseringa av plata deira Cut from Stone som vil vere i sal frå 4. april.
19.04 - Kristiansand, Kick
20.04 - Stavanger, Folken
21.04 - Haugesund, Bycenen
22.04 - Bergen, USF
23.04 - Volda, Rokken
24.04 - Trondheim, Samfundet
25.04 - Oslo, Sentrum Scene
(+ konsertar i Storbritannia og Sverige)
susperia.net

Posted in Flunk, Herr Nilsson, Ida Maria, King Midas, Love Dance, Serena-Maneesh, Susperia, Turboneger, Vaiping, Washington | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-09-13

The School platedebuterte på måndag med albumet Espionage. Under finn du ein smakebit frå plata, og på YouTube kan du sjå videoen til Bad to the Bone.
15.09 - Trondheim, Ramp
17.09 - Oslo, Last Train
19.10 - Trondheim, Blæst
10.11 - Bergen, Garage
11.11 - Stavanger, Cementen
12.11 - Farsund, Pakkhuset
13.11 - Arendal, Kulturkafeen
15.11 - Kongsberg, Energimølla
16.11 - Oslo, John Dee
The School - You Belong
The School - Bad to the Bone (video) (YouTube)
theschoolrock.com

New Violators gjorde sin første konsert i mars (eg måtte gå heim tidleg for å sove før bandet gjekk på scena, herregud) har berre gjeve ut ein demo, men det var nok til å lokke fleire festival-bookarar til å sikre seg bandet i somar. Ikkje er dei signa av noko selskap enno, men det kan ikkje vare lenge. Heldigvis fekk eg med meg bandet live for ca ein månad sidan, og her har fleire noko å gle seg til. Lytt til demoen Burma, og berre gled deg til neste konsert.
New Violators - Burma
newviolators.com

Heroes & Zeros har signa med Universal med ein avtale om å gje ut minst eit album. Albumet kan ikkje ventast før tidleg neste år. Bandet jobbar for tida med dette materialet, og det er berre å smøre seg godt med tolmod, både for dei og oss. Låta Cellophane er forøvrig aktuell i filmen Uro, noko som var delar av premien etter at dei vant Zoom. Under finn du blant anna eit herlig live-spor frå Zoom-turnéen.
Heroes & Zeros - Rapture 180° (frå Circles EP)
Heroes & Zeros - A Strange Constellation (live) (Zoom, Alta)
heroesandzeros.net

Aksel Hennie vart så begeistra då han høyrte Grand Island for første gong. Så mykje faktisk at han tok kontakt med bandet og tilbaud sine tjenester som musikkvideo-regissør. Singelen som vart valgt ut er Us Annexed, og videoen ser du under. Bandet er snart i ferd med å runde av ein Noregsturné.
14.09 - Trondheim, Cherrox
16.09 - Notodden, Arno Musikkbar
22.09 - Bø, Kroa
28.09 - Lillestrøm, Martins
30.09 - Oslo, Blå
03.11 - Sogndal, Meieriet
04.11 - Ørsta, Club Rust (m/The School & Incognito Inc)
Grand Island - Us Annexed (video) (23 mb)
grandisland.no


Flunk sin opptreden på KEXP i mai vert no tilgjengeleg som ein digital EP for sal. To av låtane er også å finne på bandet sin Myspace-profil. EPen kjem er 9. oktober, og bandet utelukkar ikkje at den blir utgjeven som ordinær CD/vinyl. Flunk sitt debutalbum For Sleepyheads Only har nyleg blitt relansert i USA som følge av stor interesse etter ein austkyst-turné i vår, då dei bl.a vitja KEXP. Bandet vil og gjere ein sjeldan opptreden i Noreg i slutten av september.
30.09 - Oslo, Pavilion
10.10 - Beograd
Flunk @ KEXP
Flunkmusic.com

Satyricon sin siste video The Pentagram Burns kan no lastast ned frå bandet sine nettsider. Howie Arnstad har regissert det heile.
Satyricon - The Pentagram Burns (video) (20 mb)
satyricon.com

Posted in Flunk, Grand Island, Heroes & Zeros, New Violators, Satyricon, The School | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-08-29

Monomen jobbar stadig vekk med debutplata si, og gjev oss no eit liten peikepinn på kva vi kan vente oss. Dei har lagt ut ein gnistrande ny låt på dei midlertidige heimesidene sine. Albumet vil truleg heite Twilight Princess når det kjem. Det er berre å starte å gle seg.
07.09 - Oslo, John Dee (m/Stereo Total)
08.09 - Bergen, Garage (Phonofestivalen)
09.09 - Stavanger, Folken (Numusic Festival)
Monomen - Asian Spacestation
monomen.no

Hanne Hukkelberg gjev ut si andre plate Rykestrasse 68 komande måndag, og der vil du blant anna finne ein versjon av The Pixies sin song Break My Body (Surfer Rosa, 1988). På bloggen Aurgasm finn du eit liveopptak av denne låten med Hanne.
Hanne Hukkelberg - Break My Bones (live)
hanne.hukkelberg.net

The Wombats har lagt ut låtar frå alle fem EPane/singlane sine. Bandet slepp debutalbumet Girls, Boys and Marsupials i midten av september.
The Wombats - Derail and Crash
The Wombats - Little Miss Pipedream
thewombats.co.uk

Thomas Dybdahl har hoppa av CCAP-skuta og borda den litt større Universal-båten. Ikkje verst for ein kar som tidlegare har uttala at han hatar major-selskapa. Albumet Sacrifice blir iallefall utgjeve av storegutta 18.september, og dei er tilogmed så snille at du kan lytte til låta Always på nettsidene deira. Han planlegg ein større Noregsturné med avspark i Oslo 15. november, men før det vitjar han Frankrike, Belgia og Holland.
11.10 - Nantes, Salle Paul Fort
12.10 - Rennes, L’ubu
14.10 - Nancy, Le Hublot
16.10 - Paris, Theatre De L’Atelier
17.10 - Tourcoung, Le grand mix
20.10 - Montpellier, Victoire 2 (Saint Jean De Vedas)
23.10 - Brussel, Botanique
24.10 - Nijmegen, Podium
25.10 - Groningen, Vera
26.10 - Rotterdam, Rotown
27.10 - Amsterdam, Paradiso
15.11 - Oslo, Sentrum Scene
Thomas Dybdahl - Always (straum)
thomasdybdahl.com

Flunk vitja i mai studioet til den superbe Seattle-baserte radiostasjonen KEXP. Stasjonen har for vane å leggje ut konsertar og intervju med artistane sine på nett, og har også ein podcast med eksklusive opptrednar. No finn du også Flunk sitt sett frå mai, deriblant med ein finfin versjon av Depeche Mode sin låt See You (A Broken Frame, 1982)
Flunk - See You (Depeche Mode cover, live)
Flunk @ KEXP
flunkmusic.com

Nei, nei, nei! TNT vil sleppe ein ny versjon av 10.000 Lovers (In One) denne hausten, og det med hjelp frå Øyvind Sauvik (Vinni frå Paperboys). Som om ikkje originalen var gale nok.
rockofnorway.com

10 norske artistar vil spele på årets PopKomm-konferanse i slutten av september.
Cloroform, Animal Alpha, WE, Kaizers Orchestra, Bjørn Berge (”rockescena”), Marit Larsen, Adjagas, Thomas Dybdahl og Bermuda Triangle (”popscena”) spelar alle under banneret “Norwegian Night” på same arenaen 21.09, medan Einar Stenseng må klare seg aleine dagen etter. Karin Park spelar også på “Norwegian Nights”.
popkomm.de

Annie bidreg på Ercola sin ferske singel Follow Me. Du kan lytte til låten på nettsidene til plateselskapet Eyezcream.com
anniemusic.co.uk

Madrugada har svevd høgt det siste året, men eg kom nyleg over eit lite gullkorn frå litt tilbake i karriera deira. Musikkvideoen til Ready blir sjeldan vist på TV (har den nokon gong?), men er ein morosamt snutt frå ein del år tilbake. “Regi” er ved Thomas Hilland.
Madrugada - Ready (video) (23 mb)
madrugada.net

Det nye albumet til Ralph Myerz & The Jack Herren Band får tittelen Sharp knives & Loaded Guns når det kjem i butikken 25. september. I dei påfølgande månadane skal bandet ut på ein stor Noregsturné. Forøvrig blir songen Deepest Red å finne på lydsporet til FIFA-07-spelet.
16.09 - Bergen, LAX-festivalen
11.10 - Kongsberg, Energimølla
12.10 - Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset
13.10 - Trondheim, Studentersamfunnet
14.10 - Tromsø, Insomnia Festival
20.10 - Bodø, Studentersamfunnet
21.10 - Meløy, Ørnes Hotell
25.10 - Lillehammer, Bingo’n
26.10 - Sandnes Kulturhus
27.10 - Ås, Aud Max
28.10 - Horten, Lace
01.11 - Drammen, Union
02.11 - Gjøvik, Huset
03.11 - Notodden, Stua
09.11 - Lillestrøm, Martin’s
10.11 - Stavangerm Folken
11.11 - Haugesund, Byscenen
15.11 - Kristiansand, Østsia
16.11 - Grimstad, Luftslottet
17.11 - Husnes, Vift
18.11 - Oslo, Sentrum Scene
24.11 - Bergen, Hulen
ralphmyerz.net

Selskapet Sublife har lagt ut eit par smakebitar frå komande og nylege album. Under finn du eit kutt frå albumet til Harm, som kjem 11. september, og ein akustisk låt henta frå Green Carnation si siste plate Acoustic Verses. Sjekk nettsidene for fleire låtar og videoar.
Harm - Devil
Green Carnation - The Burden is Mine… Alone (akustisk)
sublifeproductions.com

Voices at Play er eit canadisk hyllestband til Kings of Convenience. På Purevolume.com har dei lagt ut fire av sine tolkingar av låtar frå Riot on an Empty Street. Sjarmerande greier.
Voices at Play (Kings of Convenience-tribute @ Purevolume
kingsofconvenience.com

Posted in Annie, Flunk, Green Carnation, Hanne Hukkelberg, Harm, Kings of Convenience, Madrugada, Monomen, Popkomm, Ralph Myerz & The Jack Herren Band, TNT, The Wombats, Thomas Dybdahl, Vinni | 2 Comments »