Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Fighterpilot' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-03-16

Marit Larsen si Spellemannsprisvinnande album Under the Surface er no tilgjengeleg på vinyl. EMI er ganske motvilleg mot å gje ut LP-versjonar av utgjevingane sine, og spesielt då plater som i første omgong kun blir distribuert i få land. Men platesamlar Jon Sandem skal etter sigande ha kontakta Larsen sjølv med førespurnad om ei vinyl-utgjeving, og dermed var mykje gjort. Plata er utgjeven på etiketten Sandem Records. Er du ikkje ein av dei 40.000+ som har sikra seg CDen, eller vil ha vinyl (pluss plakat), kan du blant anna kjøpe den hjå Big Dipper.
maritlarsen.com

Viseplaneten er ein relativt nystarta blog med fokus på viserelatert norsk musikk. Eit bra tiltak. Ein del av postane manglar lenker til artistane sine sider, men dette kjem vel snart på plass vil eg tru. Ta turen innom Viseplaneten

Norwegian Recycling er eigentleg Peter frå Ålesund. Han har fått litt omtale i det siste på grunn av mash-upane sine. Det vil seie at han strengt teke ikkje lagar musikken sin sjølv, men heller tek to eller fleire kjende, men ganske adskilte låtar og miksar dei saman til ein ny låt. Han har til no ikkje brukt norske artistar i mash-upane, men det kan jo kanskje skje? Er forresten ikkje så mange kjende mash-up eg kjenner som inneheld norske artistar. DJ-Kicks platane til Annie og Erlend Øye er jo offisielle utgjevingar. Den siste uoffiselle eg var borti, var Erlend Øye miksa saman med Kraftwerk og Gwen Stefani. [lenke]. Er det nokon som har vore borti fleire gode “norske” mash-ups?
Norwegian Recycling

Datarock slepp EPen See What I Care her heime samstundes som debutalbumet blir lansert i ca 30 land. Dette skjer 26. april, og det vil då også vere mogleg å sjå bandet live. For tida er Datarock i Austin, der dei skal gjere 7 jobbar på tre dagar, før dei reiser litt meir rundt i USA.
26.04 - Bergen, Bergenfest, Grieghallen
27.04 - Oslo, Rockefeller
28.04 - Trondheim, Samfundet
05.05 - Stavanger, Folken
datarock.no

Morfar er i ferd med å spele eit album som vil dukke opp i lpet av året. På plateselskapet How is Annie sine nettsider kan du no lytte til første smakebit frå det enno tittellause albumet.
Morfar - Ute ute

Same selskap gjevo oss også ein demo til det som skulle bli ein låt på det neste albumet til Youth Pictures of Florence Henderson, men sidan bandet er oppløyst, er det lite truleg eit nytt album vil sjå dagens lys.
YPoFH - Our Doorhandles Stopped Moving Years Ago

Til sist gjev dei oss også nokre smakebitar frå det komande Fighterpilot-albumet Between Homes and Travels. Ein av låtane har fått den geniale tittelen This is not Kaizers Orchestra, så då skulle vel den saka vere klar.
Fighterpilot - This is not Kaizers Orchestra
Fighterpilot - The Instructor

Posted in Datarock, Fighterpilot, Marit Larsen, Morfar, Youth Pictures of Florence Henderson | No Comments »