Smågodt
Posted by The Lodger on 2007-01-27
Sjå William Hut sin minikonsert hjå VGTV. Her framførar William tre låtar frå den nye glitrande plata si Nightfall som kom ut i romjula. Plata har allereie solgt over 20.000, noko som sikrar gullplate. Låtane han spelar er You Might Thrill Me, Take it Easy og Nightfall.
27.01 - Sogndal Kulturhus
21.02 - Oslo, John Dee
22.02 - Drammen, Union Scene
23.02 - Stord, Arena
24.02 - Stavanger, Folken
William Hut - live og akustisk på VGTV
williamhut.com
Neon Meltdown er neste radiosingel ut frå Lukas Kasha sitt debutalbum Animated People’s Republic. Albumet kjem ut på måndag, og singelen vil nok vere å høyre på radio no framover. Sjå den forrige videoen Love Abuse på bandet sine oppdaterte nettsider lukaskasha.com.
01.02 - Oslo John Dee
09.02 - Kongsberg, Energimølla
14.02 - Stavanger, Checkpoint Charlie
15.02 - Bergen, Kvarteret
16.02 - Ås, Studentsamfunnet
17.02 - Tromsø, Driv
20.02 - Trondheim, Coffee Annan
20.02 - Trondheim, Blæst
23.02 - Harstad, Studentkroa
24.02 - Bodø, Sinus
08.03 - Lillestrøm, Martins
09.03 - Horten , Kulturklubben
16.03 - Volda, Rokken
17.03 - Haugesund, Stødden
13.04 - Drammen, Union Scene
Lukas Kasha - Love Abuse (video) (straum)
lukaskasha.com
Superfamily er i ferd med å leggje siste hand på verket til det som skal bli deira plate nr. 2. Den har fått ein førebels sleppedato som ligg såpass langt fram i tid som 22. mai, men allereie er første smakebit ute på Myspace. Låta med den fiffige tittelen The Radio Has Expressed Concern About What You Did Last Night har fått den æra. Ein video til låta vart også spela inn for eit par veker sidan.
Superfamily @ Myspace
superfamily.com
Frost slepp sin neste singel One Hundred Years kun i digitalt format den 19. februar. Den vil også kome med eit par remiksa versjonar, gjorde av Skatebård, Kompis, Mental Overdrive og Cato Canari. Nettstaden 24:Hours har lagt ut Skatebård-remiksen. Frost sitt nye album Love Revolution! kjem i butikken 26. mars.
frostworld.com
Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars slapp før jul ut plata si Love’s Come To Town i Storbritannia, og no vil dei også vitje landet for å gjere eit par konsertar der borte.
01.02 - Glasgow, Celtic Connections Festival
03.02 - Liverpool, Americana UK House
04.02 - Manchester, Klondyke
05.02 - Bristol, St Bonaventure’s
06.02 - London, Borderline
olavlarsen.com
Årets andre Urørt-panel er ute på podkast denne veka. Banda som blir vurdert denne kvelden er Katzenjammer, Cyanide og Soul T/Keem O. Du kan som vanleg abonnere på podkasten gjennom adressa, og i tillegg kan låtane lastast ned frå Urørt sine nettsider.
NRK Urørt-panelet vurderer - podkast
Katzenjammer - A Bar in Amsterdam
Cyanide - Cyanide Love
Soul Theory m/Keem One - Leker deilig
For the Earrdrums har vore ein del meir aktive enn Bates Motel i den siste tida, og har nyleg laga fire artiklar om nye band. Les desse under her. Lydklipp følger med på alle saman. Ta turen over.
The School
Syme
Monomen
Heroes & Zeros
Einar Stenseng vil vere ein av musikarane som blir portretterte i Uli M Schüppel sin nye dokumentar om singer/songwriters busett i Berlin. Filmen har premiere 16. februar, og du kan lese meir på nettstaden til Schüppel. Stenseng vil forøvrig flytte tilbake til Noreg no, men gjer ein avskjedskonsert i Berlin i slutten av månaden. Truleg vil det etter heimkomsten til Noreg bli fleire konsertar her heime også, men ingen er annonserte for augeblinken.
31.01 - Berlin, Schokoladen
einarstenseng.com
Dersom du kjøper The Lionheart Brothers si siste plate Dizzy Kiss digitalt gjennom iTunes, vil du også med med eit bonus-spor som ikkje er med på den ordinære utgjevinga. Låta Love Ludicrus, pt. 2 får du altså med eksklusivt om du følger lenka under.
01.02 - Stavanger, Checkpoint Charlie
02.02 - Haugesund, Studenthuset Stødden
03.02 - Bergen, Garage
08.02 - Trondheim, by:Larm
10.02 - Trondheim, by:Larm
15.02 - Volda, Rokken
16.02 - Valderøy, 3M
22.02 - Lillehammer, tba
23.02 - Trondheim, Olavshalllen (ISFiT: Studentenes fredsprisseremoni)
24.02 - Trondheim, Samfundet, (ISFiT: Fredspriskonsert)
12.03 - New York - Tonic
15.03 - Austin - SXSW-festivalen
The Lionheart Brothers - Dizzy Kiss (m/ bonusspor) @ iTunes
thelionheartbrothers.com
Evergary slapp denne veka 7″-en Clip-On/Tornado Hearts. Begge låtane kan lyttast til på bandet sine Myspace-sider. Plateselskapet Smoking Frog Records står også bak utgjevinga, slik dei gjorde med bandet sin første EP som kom ut for om lag eit år sidan. Ikveld er det sleppekonsert i Drammen på Union Scene, der også Honkoburger og Funguson er med på festen.
Evergary @ Myspace
Susperia har posta smakebitar av to låtar frå den komande plata si Cut From Stone på nettsidene sine. Plateselskapet TABU står bak utgjevinga som kjem i Europa i april, og i USA litt seinare på året.
Susperia - More
Susperia - The Clone
susperia.net
Marit Larsen plukka opp årets første Spellemannspris for videoen til låta Don’t Save Me. Dei andre nominerte var Bjørn Eidsvåg og Elvira Nikolaisen (Floden), Christel Alsos (Come on), Grand Island (Us annexed) og The White Birch (Seer believer). Sjå videoen under. Du må heller ikkje gløyme live-blogginga av årets Spellemannspris frå kl. 2135 ikveld.
Marit Larsen - Don’t Save Me (video) (straum)
Posted in Einar Stenseng, Evergary, Frost, Lionheart Brothers, Lukas Kasha, Marit Larsen, Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars, Superfamily, Susperia, William Hut | No Comments »