Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Espen Jørgensen' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-08-09

120 Days kjem neste veke ut med singelen Come out, come down, fade out, be gone. Den vil kun vere å finne på 12″, og i tillegg til den 10 minutt lange A-sida, følger der også med ein like lang remix gjort av Mental Overdrive. Du finn låta på Myspace. Albumet er venta 2. oktober her heime, og 10. oktober i USA.
11.08 - Oslo, Øyafestivalen
09.09 - Stavanger, NuMusic
10 Days @ Myspace
120days.no

Espen Jørgensen er kanskje mest kjend som medlem i Green Carnation, men er no ute med soloplata On The Great Alkali Plains på selskapet Jester. Plata er innspelt in Rainbow Studios, live med 5 mikrofoner, ingen overdubs, og rett til tape. Terje Isungset bidreg på eit spor. Ein låt ligg ute på Jester sine Myspace-sider.
Jester @ Myspace
travelingmonk.com

Lorraine skal gje ut Psychedelic Furs-låta Heaven som sin neste singel. Versjonen vart orignalt spela inn til magasinet Q sin “Q Covered”-serie med tema 80-talet, men blir no også utgjeven kommersielt. Singelen kjem 2. oktober, og vil i tillegg innehalde When I Return To The World, Confetti og ein demoversjon av Saved. Du kan lytte til låta på bandet sine heimesider.
01.09 - Peterborough, The Park
02.09 - Coventry, Colosseum
08.09 - Plymouth, Hub
09.09 - Exeter, Cavern
12.09 - Leicester, Charlotte
15.09 - Tunbridge Wells, Forum
30.09 - Aberdeen, Tunnels
Lorraine - Heaven (Psychelic Furs cover) (straum)
lorrainemusic.co.uk

MTV Music Video Awards har i år oppretta den nye kategorien “Beste dataspel-lydspor”. Magnet var ikkje snauare enn at han plukka opp ein nominasjon for sin siste EP Dreamfall - The Longest Journey. Her må det seiast at EPen kun inneheld ein ny låt, nemleg Be with You. At deen i tillegg er noko av det semraste han har gjeve ut på lenge, har ikkje stoppa nominasjonen. Då igjen kan det godt vere at den passar bra inn i spelet, men det har eg ikkje testa. “B-spora” held alle ein mykje høgre standard, men alle tre er då også henta frå dei to siste albuma hans. Publikum stemmer fram prisen, og du kan stemme fram til 31. august.
Stem via gametrailers.com
Dreamfall - spelet sine heimesider
homeofmagnet.com

JR Ewing vil i haust gjere sine aller siste show, og turnélista er no klar. Først vert det ein Europa-tur, før fire stadar i Noreg får oppleve bandet for aller siste gong. Rumble in Rhodos blir med på turen som support.
24.08 - Berlin, Magnet
25.08 - Hamburg, Molotow
26.08 - Ieper, Ieperfest (same stad som første Europa-gig)
27.08 - München, Backstage Club
28.08 - Saarbrücken, Garage Club
29.08 - Paris, Batofar
30.08 - Cologne Underground
18.10 – Bergen, Garage
19.10 – Volda, Rokken
20.10 – Trondheim, Isak (U-1 8)
20.10 – Trondheim, Blæst
21.10 – Oslo, Rockefeller
thejrewing.com
jrewing-forever.com (ny hyllestside)

Posted in 120 Days, Espen Jørgensen, JR Ewing, Lorraine, Magnet, Rumble in Rhodos | No Comments »