Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'elvin friendly' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-03-18

To nye Thomas Dybdahl-videoar er no tilgjengelege på nettsidene hans. Det er videoane til låtane Something Real og Dice. Begge låtane er henta frå plata Science, som nyleg er sluppen i USA og Benelux. Thomas vil turnere i USA saman med Sondre Lerche ut mars, før han reiser på ein Europa-turné i slutten av april.
Thomas Dybdahl - Dice (video) (77 mb)
Thomas Dybdahl - Something Real (video) (80 mb)
thomasdybdahl.com

Harmonica var eit av dei mange banda eg fekk med meg live på by:Larm, men eg synast ikkje bandet leverte fullt like bra på scena som dei har gjort på plate til no. Det vart fort litt for masete for min smak, og kan nok skruast tettare saman, men potensialet det er der. Det er det tydelegvis også andre som har fått med seg. Under Canadian Music Week nyleg, vart bandet kåra til festivalens aller beste konsert-opptreden med ein imponerande score på 99 av 100! Les meir hjå Chart Attack, og vil du sjekke dei ut live sjølv, skal dei ha eit par konsertar her heime framover. Og under er også to live-opptak til nedlasting.
23.03 - Larvik, Det gule galleriet
29.03 - Kristiansand, Østida kulturhus
21.04 - Bodø, Sinus
22.04 - Oslo, Blå (Sivil Ulyd)
Harmonica - You Gotta Go (live)
Harmonica - Rocking Girl (live)
harmonica

Hiawata! er kanskje mest kjende for at dei SKULLE spele oppvarming for Babyshambles på deira planlagde Oslo-besøk i haust, no det dessverre ikkje vart noko av. No er bandet i ferd med å ta eit nytt steg mot meir omtale, då albumet They could have been so much bigger than Hiawata! er rett rundt hjørnet. På bandet sine nettsider er det mogleg å laste ned masse låtar, men eg er litt usikker på om dette er demoar eller dei versjonane som faktisk dukkar opp på plata som kjem 26. mars. Fleire låtar her.
24.03 - Trondheim, Samfundet
30.03 - Oslo, Garage (sleppefest med gjest: Evan Selevan)
28.04 - Lillehammer, Böghockey-festivalen
Hiawata! - Dylan McKay
Hiawata! - Something for the Ladies (In Us)
hiawata.net

Elvin Friendly kjem neste måndag ut med plata Elvin Friendly, og på Myspace-sidene til bandet kan du lytte til tre av låtane frå denne. Dei gjer også to konsertar i samband med platesleppet
22.03 - Oslo, Café Mon
23.03 - Bergen, Logen
Elvin Friendly - Desert Queen (frå Myspace)
elvinfriendly.no (ikkje særleg oppdatert)
Elvin Friendly @ Myspace

Videoproduksjonsselskapet Kollektiv har stått bak ein del bra musikkvideoar i det siste, men det er jo ikkje alltid så lett å få sjå nye norske musikkvideoar på fjernsyn, då kanskje med unntak av på Svisj Urørt. Difor tenkte eg peike til to av dei siste videoane selskapet har laga, begge ganske fornøyelege i stilen. Ta gjerne turen innom nettsidene deira også for å lese meir.
Alexandria Quartet - Into the Light (video) (23 mb)
Sgt Petter - Geeks R Cool (video) (20 mb)

Posted in Harmonica, Hiawata!, Thomas Dybdahl, elvin friendly | 1 Comment »