Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Ella Guru' Category


Zoom Urørt-finalen

Posted by The Lodger on 2007-11-18

21. og 22. november vert årets Zoom Urørt-finale arrangert på Garage i Oslo. Her er banda som skal spele dei to kveldane. Og som vanleg på Zoom-finalen, det er gratis inngong, så det er berre å stille opp for å lytte, sjå og danse.

by:Larm-klare The Shock! frå Stavanger køyrer slagordet Fuck Art, Let’s Kill der dei fuzzar avgarde. Spanande frå eit relativt nystarta (?) band.
15.12 - Stavanger, Tou Scene
12.01 - Stavanger, Checkpoint Charlie (Nordic Music Week kickoff)
The Shock! - This Play Is Run (My Love)
The Shock! @ Myspace

Ella Guru er Trondheimspønk, postpunk eller rock alt etter som. Det går iallefall fort og gæli.
Ella Guru - Ræggi (live frå Storåsfestivalen)
Ella Guru @ Myspace

Gerilja er ein trio med tilhald i Oslo. Ifølge seg sjølv er banda forma / inspirert av følgande ingrediensar: Claudio Cannigia, Marc Bolan, Sly & The Family Stone og Verdensromet. Bandet har snart på veg med ein 7-tommar. Solid og dyktig rock til bandet som nok får min største tommel opp i heile startfeltet (saman med The Love Cramps).
15.12 - Oslo, Gloria Flames
Gerlijaz - Masters of the Universe
Gerilja @ Myspace

Sigh & Explode er også frå Oslo. Dei spelar tett og heftig screamo/hardcore, og gav nyleg ut EPen ¡O Bailan Todos o No Baila Nadie! på Mas-kina Recordings. Nettstaden under er ikkje heilt oppe enno, men kjem nok snart, for dette bandet som også er by:Larm-klare.
24.11 - Halden, Rockehuset
30.11 - Stavanger, Tou Scene (m/Infidels Forever)
01.12 - Bergen, Garage (m/Infidels Forever)
Sigh & Explode - Si C’est Une Épreuve, On S’en Trompe
sighandexplode.com

Med låttitlar som HiAce of Spades er ein ikkje heilt sikker på om ein kan ta BART frå Bergen heilt seriøst. Musikken er skitten blues og soul a la Black Keys og John Spencer Blues Explotion. Bandet har ein stort turné framfor seg som husband for Kristopher Schau sitt show “De syv dødssyndene”. Og eg har ein mistanke om at det nok er betre å sjå denne duoen live enn å lytte til dei på plate.
22.11 - Volda, Rokken
23.11 - Sogndal, Meieriet
24.11 - Bergen, Garage
29.11 - Tromsø, Kulturhuset
30.11 - Tønsberg, Messehall B
01.12 - Oslo, Betong
05.12 - Stavanger, Folken
07.12 - Drammen, Union Scene
14.12 - Surnadal, Kulturhuset
15.12 - Åndalsnes, Kulturhuset
27.12 - Askøy, Loftet
BART - HiAce of Spades
BART på Myspace

Litt i same genre finn vi The Love Cramps frå Tromsø. Bandet har ein EP bak seg, og er nok litt mindre rufsete i kantane enn BART, men minst like røft og skittent. R&B og garagerock av den gode gamle sorten.
The Love Cramps - Around Town
The Love Cramps @ Myspace

In Minor frå Kristiansand er nok den hardaste pakken under Zoom-treet. Her snakkar vi breibeint hardrock.
In Minor - Can’t Give Me
inminor.com

Posted in BART, Ella Guru, Gerilja, In Minor, Sigh & Explode, The Love Cramps, The Shock! | No Comments »