Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Elektro Ompaniet' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-06-06

Larviksbandet Harmonica har fått seg nye heimesider. Bandet vil på seinsomaren spele inn sin første EP saman med Lars Erik Westby i H10 Productions (bl.a Surferosa). Dei jobbar enno med å sikre seg platekontrakt, men i somar vert det også ein del festivalspeling på dei sju mann store kollektivet.
18.06 - Oslo, Norwegian Wood
15.07 - Grimstad, Skralfestival
09.08 - Oslo, Parkteateret (KlubbØya)
02.09 - Oslo, St.Hanshaugen (Kongene på Haugen)
??.09 - Oslo, Vent Naa Litt festival
Harmonica - Boys and girls (they kiss at night)
harmonica.no

Elektro Ompaniet hadde med seg den svenske Ida Maria (busett i Bergen) på to låtar på det forrige albumet sitt som kom i fjor haust. No har ho lagt ut ein av desse på Urørt-sidene sine, og det er første gongen eg høyrer denne låten. Stemma hennar passar ypperleg til bandet sine blåsarar og elektroniske lydar. c151 er ein laidback jazza låt som fortjener ein lytt eller to, sjølv om den altså ikkje er heilt fersk.
c151 - Ida Maria og Elektro Ompaniet
elektroompaniet.com
Ida Maria @ Myspace

Hopalong Knut si plate nr 2 har fått den førebelse sleppedatoen 25. september.
hopalongknut.no

Radioshowet Good shit radio har fått nye heimesider. Enklare å laste ned gamle program og abonnere på podkast.
goodshitradio.com

Andresingelen frå Tier’n og Lars si komande plate figurerar ingen ringare enn Jan Eggum! Låta Sånn kan det gå kjem i august, omlag ein månad før albumet Kulturcrash er i butikken.
atpmusic.com

Apropos ATP Music, så har selskapet signert eit nytt band. A-Laget vart danna tidleg i år, og er snart klare med undergrunnsalbumet Nokke feita vol.1: Utrygt for utflipp. Som med Tier’n og Lars, vil albumet vere gratis, og kunne lastast ned på atpmusic.com. Eit begrensa antal CDar vert og trykt opp.

Grorud granitt frå Don Martin og Supa sin EP Motgift kan no lastast ned på gatasp.no. Motgift kjem også seinare i månaden på vinyl, som 7″.
Don Martin og Supa - Grorud granitt
gatasp.no

Karpe Diem kjem etter lang ventetid med debutalbumet Rett fra hjertet den 12. juni. Dagen etter vert det sleppefest på Parkteatret i Oslo. No kan du sjå den ferske videon til låta Piano på bandet sine heimesider.
Karpe Diem - Piano (video) (13 mb)

Til hausten vil nok eit (minst) norsk band bli “hylla” med tributeplate. Denne gongen er det Stage Dolls som skal få låtane sine nyinnspelt av folk som har blitt inspirert av trønder-rockerane. Blant bidragsyterane er Malice in Wonderland. Stage Dolls er sjølve framleis aktive, og skal ut på ein lengre turné i somar/haust.
10.06 - Brekstad
16.06 - Sandnessjøen
17.06 - Røyrvik, Bærflekkdagan
21.06 - Aukra
23.06 - Selbu, Sommerfestivalen
24.06 - Otta
01.07 - Hemnesberget
21.07 - Nedstrand
04.08 - Treungen
05.08 - Gaupne
12.08 - Singsås
02.09 - Sykkulven
20.10 - Verdal
28.10 - Selbu, Neatun
04.11 - Tynset (akustisk)
10.11 - Hommelvik, Rampa (akustisk)
11.11 - Støren Hotell (akustisk)
25.11 - Storlien (akustisk)
stagedolls.com

The Substitutes ar lagt ut to nye låtar på Myspace. Fine saker begge to, men Fire it up falt spesielt i smak. Ikkje veit eg enno om desse vil dukke opp på noko framtidig utgjeving, men det er berre å vente og håpe.
The Substitutes - Fire it up
The Substitutes @ Myspace
thesubstitutes.net

Beautiful Day Without You vert den neste singelen til Röyksopp. Den kjem i butikken 12. juni, og 12″ vil innehalde remiksar av Rex The Dog, Cass & Mangan og The Wighnomy & Robag Whruhmes Spekkfakkel Remikks.

Posted in A-Laget, Don Martin, Elektro Ompaniet, Good Shit Radio, Harmonica, Hopalong Knut, Ida Maria, Karpe Diem, Röyksopp, Stage Dolls, Supa, The Substitutes, Tier'n og Lars | No Comments »