Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Egil Olsen' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-11-13

Einar Stenseng har lagt ut eit par smakebitar frå både offisielle og meir sjeldne utgjevingar på nettsidene sine. Han har no flytta tilbake til Oslo etter eit par år i Berlin, og jobbar med sitt neste album.
18.11 - Drammen, Union Scene (m/Tord Gustavsen trio)
09.02 - Asker kulturhus (m/Shit City)
21.02 - Oslo, by:Larm
Einar Stenseng - The Librarian (frå Love & Loss)
Einar Stenseng - I’m Cold (frå filmen BerlinSong)
einarstenseng.com

Ronny Pøbel er ute med debutplata si Føkk døkk i desse dagar. Den klokkar inn på under 20 minutt, og består av rimelig rett-fram-tekstar om fyll, noia, samfunnshat og anna sinne, i stort sett første forsøks-takningar utan nokon som helst polering, slik berre ein 36 år gamal platedebuterande pønkar frå bygda kan levere. Smakebitar finn du på nettsidene til Ronny og co.
16.11 - Bergen, Hulen (m/Valentourettes)
24.11 - Drammen, Union Scene (m/Baby Woodrose)
06.12 - Trondheim, Ramp (m/Bin Lads)
07.12 - Fredrikstad, Daen bar
12.12 - Stavanger, Folken (m/Valentourettes)
Ronny Pøbel - Brutal mot dritt
Ronny Pøbel - Mandag
ronnypobel.com

Rune Grammofon har letta litt på sløret for kva 2008 vil innehalde for selskapet. I januar kjem bandet Box med plate. Medlemmar i supergruppa er Raoul Björkenheim (Scorch Trio), Ståle Storløkken (Supersilent, Humcrush), Trevor Dunn (Mr. Bungle, Fantomas, John Zorn) and Morgan Ågren (Zappa´s Universe, Mats / Morgan, Flesh Quartet). Samleplata Money Will Ruin Everything vil kome i ei ny utgåve med to ekstra plater med nytt og stort sett eksklusivt materiale. Skyphone, Scorch Trio og Humcrush kjem også med plater til våren, medan Arve Henriksen, Susanna, Huntsville og Jono El Grande også vil burke somaren 2008 på å bli ferdig med sine nye album.
runegrammofon.com

Davy Jones’ Locker går snart i studio for å spele inn debut-plata si. Med seg som produsent får dei amerikanske Mike Jensen frå bandet Showbread. Innspelinga vil skje fram til 18.desember, og deretter skal den miksast i RadioStar Studios i California.
Davy Jones’ Locker - Stop Praising Yourself (preprod til albumet)
davyjoneslocker.net og DJL @ Myspace (med demo til låt på albumet)

120 Days er iferd med å avslutte turneringa etter førstealbumet, og dei har berre eit par jobbar att før dei tek ei velfortjent spelepause. Det vert også meldt at bandet sine to første EPar vil kome pakka saman som Sedated Times før jul. Innspelinga av nytt materiale er i gong i Harry’s Gym Studios i Oslo. Ein 12″ vil dukke opp ikkje så veldig langt ut i 2008, før album nr 2 skal ferdigstillast same år.
17.11 - Oslo, Rockefeller (m/Salvatore + DJs)
24.11 - Tokyo, Makuhari Messe (m/Underworld)
15.12 - Oslo, Sunkissed
120days.no

Egil Olsen vart forrige veke fråstålen merchendise, album og kontantar for store verdiar. Blant anna stakk tjuveraddane av med ca. 100 ex. av Olsen sitt ferske album Singer / Songwriter. Både dusør og skotpremier er utlova, og kontakt-informasjon finn du på egilolsen.com dersom du skulle vite noko om dette. Siste del av lanseringsturneen hans vart heldigvis ikkje skadeliden av tjuveriet.
13.11 - Ulsteinvik, Vikingen
14.11 - Volda, Rokken
16.11 - Ålesund, Ta det piano
13.12 - Oslo, Litteraturhuset
Egil Olsen - Green Room (Lydverket session)
Egil Olsen - Wannabe (ny video)
egilolsen.com

Big Dipper melder om eit par norske klassiskarar som er tilgjengelege på vinyl.
Jokke med Tourettes - Trygge Oslo (ikkje tidl utgjeven på vinyl, Kick Me records)
Junipher Greene - Friendship (remaster m/2 bonuslåtar) (Sandem records)

Av andre komande vinyl-utgjevingar kan ein nemne WE si Tension & Release. Den kjem i 3xLP med bonus-spor, posters og etched side F i 666 nasjonale og 666 internasjonale eksemplar. Planlagt gatedato på vinylen er 14. januar. Bandet er no ute med video til sin siste singel Hurdy Gurdy
WE - Hurdy Gurdy (video) (Youtube)
werock.com

Garagerockarane i Pirate Love vil sleppe EPen Death Surf Negro Spirituals neste veke, og kjem med debutalbumet sitt 12. januar.
19.11 - Oslo, MS Innvik (sleppefest for EP)
06.12 - København, Stengade 30
07.12 - Stockholm, Debaser
08.12 - Oslo, Debaser
Pirate Love @ Myspace

Skulle det friste med bossa- og easy-listening-versjonar av City of Satan, I Got Erection eller andre Turboneger-låtar, ligg no heile (?) plata Los Suaves Negroes - a lounge and bossa tribute to Turbonegro ute på Myspace. Det er selskapet Desptoz Records som står bak utgjevinga som kjem 19. november.
Los Suaves Negroes - a lounge and bossa tribute to Turbonegro @ Myspace

Bloodlights kjem med debutplata si neste veke, og også dei er så heldige at dei får drahjelp av Myspace i promoteringa. Heile plata kan streamast no.
22.11 - Oslo, John Dee
23.11 - Bergen, Garage
28.11 - Tromsø, Blårock
Bloodlights @ Myspace
bloodlights.com

Harry’s Gym spelte nyleg på In the City i Manchester, og har denne veka også to jobbar i London. Bandet si debutplate er no snart rundt hjørenet, då den vart mastra i Sterling Sound tidlegare i haust. Du finn fire pre-mastra låtar på Myspace.
14.11 - London, Fandango
19.11 - London, Notting Hill Arts Club
Harry’s Gym @ Myspace
harrys-gym.com

Ralph Myerz kjem med soloplate til neste år, og første singelen ut vil vere All Night Long, ein retro-diskolåt ifølge plateselskapet Beatservice. Albumet Ralphorama er også venta litt seinare på vinteren/våren.

Du kan no sjå videoen til Professor Pez-singelen Papillon. Låta er henta frå albumet Hordaland, som kom tidlegare i haust.
Professor Pez - Papillon (video)
professorpez.com

Posted in 120 Days, Bloodlights, Davy Jones' Locker, Egil Olsen, Einar Stenseng, Harry's Gym, Pirate Love, Professor Pez, Ralph Myerz & The Jack Herren Band, Ronny Pøbel, Turboneger, WE | No Comments »