Komande plater
Posted by The Lodger on 2007-12-26
På Madrugada si nye plate vil blant anna Ane Brun, Ingrid Olava, Emil Nikolaisen og Alex Kloster-Jensen gjeste. Albumet, som også har fått tittelen Madrugada kjem 21. januar, og dersom du enno ikkje har høyrt førstesingelen Look away, Lucifer, kan du gjere det på bandet sine nettsider. Ifølge EMI kjem plata ut i Noreg i tre versjonar, vinyl, vanleg CD og ein limitert CD-utgåve (truleg med bonus-spor).
madrugada.net
The Margarets kjem med nytt album 21. januar. Plata har fått tittelen Twenty Years Erased, og du kan lytte til fem låtar frå den på bandet sine nettsider.
29.12 - Ørsta, Hotellet
19.01 - Ålesund, Arbeideren
21.01 - Oslo, Parkteatret
27.02 - London, Marquee club
themargarets.com
Ugress er også snart klar med ny plate. Den vil heite Unicorn, og kjem i slutten av januar. Første singel The Ultimate Fix kan lastast ned frå bandet sine nettsider. På den låta bidreg Christine Litle med vokal.
Ugress feat. Christine Litle - The Ultimate Fix
ugress.com
Mental Overdrive kjem med nytt album 25. februar, og dette vil få tittelen You are being manipulated. Og har du lyst til å vere med på manipuleringa, kan du faktisk få spelt inn eit skjult bodskap på albumet. Vinnaren av ein 10 dagars eBay-auksjon som startar 4. januar, vil få lov til å spele inn ei melding som vil bli lagt inn ein eller annan passande plass på albumet, baklengs så klart.
My Blurry Window - Mental Overdrive blog
Mental Overdrive @ Myspace
Seven Doors Hotel har signert ein avtale med VME om å gje ut bandet si andre plate. Den har fått tittelen The Great Northern, og kjem i april. Med seg på albumet har dei fått vokalhjelp av Mark Olson (Jayhawks) på to låtar, og Lars H Haugen (Hellbillies) spelar mandolin. Vokalist Alex presenterte nyleg eit par smakebitar frå plata, då han varma opp for Olson i Oslo, og Under finn du ein smakebit frå bandet si forrige plate.
22.02 - Oslo, Herr Nilsen
Seven Doors Hotel - A Song I No Longer Can Sing
sevendoorshotel.com
Jaqueline gjeng i studio andre veka i februar for å spele inn sitt tredje album. Det har fått arbeidstittelen Black Sails, og nok ein gong er det Don Dons (WE) som vil produsere. Du finn demoar til tre av låtane på bandet sine nettsider.
24.01 - Oslo, Garage (m/Ribozyme)
26.01 - Bergen, Garage (m/Ribozyme)
21.02 - Oslo, Maiden (m/eit par andre band)
05.04 - Elverum, Styx
Jaqueline - Black Sails (wav, 35 mb)
jaquelineband.com
Real Ones si neste plate All in the Neighbourhood skulle eigentleg ut i haust, men då bandet høyrde at eit eller fleire større selskap var interesserte, drøya dei utgjevinga litt. Og etter eit par gjennomlyttingar, fekk dei napp, då bandet nyleg signerte med Warner Music. Nokon sleppedato er enno ikkje klar, men april er eit heitt tips. Platekontrakta inkluderar også to album til. Neste singel blir å høyre på radio i januar.
realones.no
Phil Brown skal mikse det komande Draumir-albumet. Han har tidlegare jobba med David Gilmour og Robert Plant. Bandet har no også knytt til seg trommmeslagar Torstein Lofthus og multiinstrumentalist Mathias Eick til innspelinga av plate nr. 3.
draumir.com
Posted in Draumir, Jaqueline, Madrugada, Mental Overdrive, Seven Doors Hotel, The Margarets, Ugress | 2 Comments »