Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Don Juan Dracula' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2008-04-16

Ane Brun sin konsert på Paradiso i Amsterdam i morgon vil bli sendt direkte over nettet (vevkasta?) via Fabchannel.com. Konserten startar kl. 2045, men sendinga byrjar allereie fem kvarter tidlegare, med oppvarming frå svenske Nina Kinert og hollandske Blaudzun. Skulle du ikkje kunne sjå konserten live, blir den også arkivert på nettstaden. I arkivet finn du allereie ein konsert Ane Brun gjorde i 2005, saman med over 850 andre opptrednar, fleire av desse med norske artistar.
17.04 - Amsterdam, Paradiso
18.04 - Rotterdam, Lantaren/Venster
19.04 - Paris, Maroquienerie, Les Femmes s’en Mélent
.2204 - Basel, Kaserne
23.04 - Zürich, Mascotte
24.04 - Bern, ISC
25.04 - Schorndorf, Club Manufaktur
26.04 - Heidelberg, Karlstorbahnhof
27.04 - Berlin, Quasimodo
28.04 - Hamburg, Knust
29.04 - Århus, Voxhall
13.05 - Dublin, Crawdaddy
14.05 - London, Bush Hall
15.05 - Birmingham, Glee Club
16.05 - Bury, Met
18.05 - Glasgow, King Tuts
fabchannel webcast og Ane Brun konsert frå 2005
anebrun.com

Seven Doors Hotel slepp si andre plate The Great Northern 28. april, og same kveld har bandet sleppekonsert i Oslo. Det blir ikkje nokon lanseringskonsert i den forstand etter det, men vokalist Alexander Lindbäck vil varme opp for Grant Lee Buffalo på alle konsertane hans i Noreg den påfølgande veka. Under finn du ein av låtane frå The Great Northern.
28.04 - Oslo, Café Mono
30.04 - Oslo, Rockefeller (m/Grant Lee Buffalo)
01.05 - Trondheim, Blæst (m/Grant Lee Buffalo)
02.05 - Bergen, BergenFest @ Hotel Norge (m/Grant Lee Buffalo)
03.05 - Stavanger, Folken (m/Grant Lee Buffalo)
15.06 - Oslo, Norwegian Wood (både eigen konsert og som backingband for Mark Olson)
Seven Doors Hotel - Three Sundays
sevendoorshotel.com

Ingrid Olava sin promo for den nye radiosingelen Back to Love, har ho lagt ved ein coverversjon av Christer Knutsen sin No Love #1 & 2. Denne songen har ho også gjort live ved fleire anledningar. Du kan også få tak i låta dersom du kjøper albumet Juliet’s Wishes digitalt på Telenor sin musikkbutikk. Dersom du istaden handlar hjå iTunes, vil du få med ein versjon av kjenningsmelodien til Les mondes engloutis (Arkadia - reisen til jordas indre eller Shagma på norsk).
17.04 - Oslo, Parkteateret
18.04 - Gjøvik, Ampfield
19.04 - Trondheim, Samfundet
21.04 - Hamar, Hydranten
25.04 - Horten, Stallen
26.04 - Hauge i Dalane, Sogndalsstrand Kulturhotell
30.04 - Bergen, Bergenfest
14.06 - Haugesund, Rockfest
21.06 - Lunde sluser, Viser ved kanalen (m/Henning Kvitnes)
26.06 - Arendal, Hovefestivalen
12.07 - Trænafestivalen
07.08 - Oslo, Øyafestivalen
Christer Knutsen - No Love #1 & 2
Juliet’s Wishes @ Telenor nettbutikk (m/No Love) (med førehandslytting)
Juliet’s Wishes @ iTunes (m/Les mondes engloutis)
ingridolava.com

Frost sin versjon av Prince-låta Sex Shooter blir singel frå den komande tribute-plata til den kortvokste. Albumet får tittelen Shockadelica - 50th Anniversary Tribute To The Artist Known As Prince. Men du skal ikkje sjå bort frå at der kjem fleire singlar frå denne 5CD-plata med heile 80 (!) bidrag. Plata blir trykt i 5.000 eksemplar (truleg 4.000 for mykje), og blir lagt ut for sal på 50-årsdagen hans, 2. juni. Du kan førehandstinge via ccrecords.com allereie no.

Don Juan Dracula si neste plate får tittelen New Sensation. Den kjem ut for sal 23. juni, men allereie no er tittelsporet samt ein låt til lyttbare på heimesidene deira.
Don Juan Dracula - New Sensation
donjuandracula.com

Herr Nilsson har posta Kaptein Kaliber sin remiks av Downhill Thrill på Myspace. Låta er å finne på EPen Tuesday is my Birthday som kjem om to veker.
25.04 - Bergen, Hulen (m/Razika)
21.06 - Oslo, Blå
Herr Nilsson @ Myspace

Nettstaden Musikkavisen er tilbake etter eit år med få oppdateringar. Men dei er stadig vekk på jakt etter nye skribentar, så er du skrivefør og lysten er det berre å ta kontakt.
musikkavisen.no

Posted in Ane Brun, Don Juan Dracula, Frost, Herr Nilsson, Ingrid Olava, Seven Doors Hotel | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2008-01-13

Motorpsycho har nyleg avslutta ei ny periode i studio, og er no ferdige med innspelinga av sitt neste album. Dei neste vekene vil bli brukt til å plukke ut kva låtar som får vere med på plata som kjem i mars/april. Bandet er også i fierd med å avslutte planlegginga av ein DVD, og meir informasjon om denne skal vere like rundt hjørnet.
Motorpsycho @ Myspace

Jessica Fletchers slepp albumet You Spider i Tyskaland, Sveits og Austerrike i mars, og gjer i den samanheng ein liten turné der nede.
03.04 - Salzburg, Rockhouse
04.04 - Dornbirn, Spielboden
05.04 - St.Peter / Wimberg, Höller, SPIK live !
09.04 - Wien, Flex
16.04 - Graz, PPC
18.04 - Klagenfurt, Pankraz
19.04 - Aflenz, Sublime
thejessicafletchers.com

Frost og Oslo Ragagtronics (bl.a. Bugge Wesseltoft) skal av alle plassar spele to konsertar i India neste veke.
19.01 - Mumbai, The Blue Frog Club
20.01 - Mumbai, The Blue Frog Club
frostworld.no

Don Juan Dracula jobbar stadig med å ferdigstille sitt nye album her heime, men dei vil til våren også sleppe ein utvida utgåve av albumet Young Debutantes II for den australske, new zealandske og japanske marknaden. Der kan du blant anna finne ein ny remiks av Take Me Home, der svenske Sally Shapiro bidreg med ny vokal.
Don Juan Dracula - Take Me Home (feat. Sally Shapiro) (Johan Agebjørn remix)
donjuandracula.com

På Spellemannsprisen i år kan publikum stemme på to kategoriar. I tillegg til årets “hit”, er det no også mogleg for publikum å stemme fram det du synast har vore årets beste video. Du kan stemme på, og sjå alle videoane hjå Prefuelded.com. I tillegg til å stemme på spellemann.no.
Dei nominerte til beste video er:
Dimmu Borgir - The Serpentine Offering
Heroes & Zeros - A Strange Constellation
My Midnight Creeps - Don’t Let ‘em Bring You Down
Turboneger - Do You Do You Dig Destruction
WE - Hurdy Gurdy

The Goo Men har fått musikken sin med i den komande snuskefilmen “Bad Luck Betties”. Filmen er etter det kan sjå ein slags sleaze, alt-porn, Russ Myers-homage, med yppige, men tøffe pinup-jenter og skumle skurkar, og så klart mykje sleazy garagerock. Regissøren Winkytiki var også han som tok coveret til The Goo Men si debutplate. Dei to filmklippa eg har funne, inneheld ikkje etter det eg klarer å høyre musikk frå The Goo Men. Filmen kjem på DVD 9. febuar.
25.01 - Fredrikstad, Dean bar
26.01 - Moss, Private
28.02 - Oslo, The Villa
19.03 - Otta
Back Luck Betties trailer (5mb, flv)
Back Luck Betties - behind the scenes (sjekk t-skjorta til regissøren)
thegoomen.no

Ane Brun vil ha premiere på sin nyaste video The Puzzle på Myspace 17. januar.
02.04 - Oslo, Sentrum Scene
04.04 - Stavanger Konserthus
09.04 - Stockholm, Göta Lejon
11.04 - Göteborg, Trägårn
12.04 - Malmö, KB, Malmö
13.04 - København, Lille Vega
14.04 - Køln, Blue Shell
15.04 - Brussel, Botanique, Witloofbar
16.04 - Breda, Mezz
17.04 - Amsterdam, Paradiso
18.04 - Rotterdam, Lantaren/Venster
19.04 - Paris, Maroquienerie, Les Femmes s’en Mélent
22.04 - Basel, Kaserne
23.04 - Zürich, Mascotte
24.04 - Bern, ISC
25.04 - Schorndorf, Club Manufaktur
26.04 - Heidelnberg, Karlstorbahnhof
27.04 - Berlin, Quasimodo
28.04 - Hamburg, Knust
29.04 - Århus, Voxhall
13.05 - Dublin, Crawdaddy
14.05 - London, Bush Hall
15.05 - Birmingham, Glee Club
16.05 - Bury, Met
18.05 - Glasgow, King Tuts
anebrun.com
Ane Brun @ Myspace

Anneli Drecker har lagt ut nok ein demo til si komande plate på Myspace.
02.02 - Tromsø, Verkstedet (Nordlysfestivalen)
annelidrecker.com
Anneli Drecker @ Myspace

W.I.R.T.T.W og P.U.Y.L.A.W. er dei komande singlane til henholdsvis Lorraine og Silver. Forstå det dei som kan. Lorraine spelar forresten to konsertar dei komande månadane.
14.02 - Sogndal - Meieriet (Veka)
01.03 - Bergen, NHH (Uken)
lorrainemusic.com
thesilverband.com

Posted in Ane Brun, Anneli Drecker, Don Juan Dracula, Frost, Jessica Fletchers, Lorraine, Motorpsycho, Silver, The Goo Men | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2008-01-01

Sleepyard har snikra saman ei ny plate. Den har fått tittelen Future Line, og kjem ut i løpet av året. På heimesida deira finn vi dei to første smakebitane, og i tillegg ein ny låt på Myspace.
Sleepyard - Less than Zero (2:00 utdrag)
sleepyard.com

Brimstone Solar Radiation Band er i studio i januar for å spele inn si tredje plate.
brimstone.no

William Hut er også i studio. Den komande plata vil bli Hut si femte soloplate. To konstertar i Hordaland er planlagde for 2008.
18.01 - Uskedalen, Dønhaug Gard
19.01 - Herand, Hardanger Kulturgalleri
williamhut.com

Lionheart Brothers skal til Storbritannia for å promotere plata Dizzy Kiss, som snart er ute der borte. I februar tek dei turen til Danmark.
12.01 - Wakefield, Escobar
14.01 - London, Social
15.01 - Korova Liverpool
16.01 - London, Rough Trade platesjappe-konsert
17.01 - Bath, Moles
18.01 - London, KoKo Club (NME)
19.01 - Nottingham, Bodega Social
14.02 - København, Musikcafeen Huset
15.02 - Ålborg, Ålborg Studenterhus
16.02 - Ålborg, Ålborg Studenterhus
thelionheartbrothers.com

Minor Majority skal på turné i Tyskland i februar.
02.02 - Hamburg, Knust
03.02 - Berlin, Roter Salon
04.02 - Hannover, Bei Chez Heinz
05.02 - Halle, Objekt 5
06.02 - Jena, Volksbad
07.02 - Offenbach, Hafen 2
08.02 - Marburg, KFZ
09.02 - Münster, Gleis 22
minormajority.no

Harmonica er no tilbake til å vere eit soloprosjekt. Ingeborg, Nina og Kai har valgt å satse på andre prosjekt, så det er berre vokalist og grunnleggar Monica som står att.
harmonica.no

Gothminister er i studio no for å jobbe med eit nytt album+DVD. Utgjevingsdato blir ikkje før til hausten, men dei håpar å få ut første radiosingel i mars.
23.03 - London, Gotham Festival
04.04 - Den Bosch, W2
05.04 - Sneek, Het Bolwerk
gothminister.com

Side Brok e ute med ein mixtape med bygdemusikk, der du stort sett finn bidrag frå Ørsta/Volda, men ein og annan bergensar har også sneke seg med. Ny heimeside skal også vere oppe no like over nyttår.
Side Brok - D e pina det ein kassett - side B (m/bl.a Tier’n & Lars og Skatebård)
sidebrok.no

Det er ikkje så ofte eg lenkar til reklamefilmar for nye kleskolleksjonar her, men når det er Don Juan Dracula som står bak musikken kan eg gjere eit unnatak. Til den nyaste Arne & Carlos-kolleksjonen blir presentert som ein video istaden for med eit vanleg moteshow, og det er ein instrumental av The Night frå Don Juan Dracula si komande plate som spelar i bakgrunnen filmen gjennom.
arne-carlos.com

Til slutt eit par Myspace-oppdateringar:
Sgt. Petter kjem med ny plate i år, og første singel Kindest Kind of Girl viser at ‘Sjanten framleis held god pop-standard på låtane sine. Du kan lytte til låta på Myspace. Når plata kjem er enno ikkje klart.
Sgt. Petter @ Myspace

Solefald feirar ti år som artist med å gje ut plata The Circular Drain denne veka. Albumet vil i første omgong kun vere tilgjengeleg via bandet sine nettsider (Myspace). The Circular Drain samlar tidlege demoar og remiksar av låtar frå fleire av bandet sine seks tidlegare album. Du kan lytte til to av låtane på nettsidene.
solefald.org

Lukestar kjem med albumet Lake Toba 14. januar, og du kan no høyre førstesingelen White Shades på Myspace.
25.10 - Oslo, John Dee (sleppekonsert)
Lukestar @ Myspace
lukestar.com

Lyst til å remikse Monomen? Bandet tilbyr no lydpakkar med Oscillate og Asian Spacestation dersom du sender ein mail til kim@monomen.no. Kun seriøse remiksarar blir bedne om å ta kontakt. Låta Drum of Glass også snart vere tilgjengeleg. Lytt til originalane av Oscillate og Drum of Glass på Myspace.
Monomen @ Myspace
Monomen @ Trust Me Records

Modan Garu har du nye låtar oppe på Myspace. St. Swithin’s Day har blitt lasta opp på ny, og i tillegg finn du King Knut sin NuDisco remix av Schiller’s Children.
16.02 - Stavanger, Folken (m/Client)
22.02 - Oslo, by:larm
23.02 - Oslo, by:larm
Modan Garu @ Myspace
modangaru.no

Surferosa sin nye radiosingel The Future er ute på Myspace. Ikkje like ellevilt som før, men likevel i kjend stil. Meir info om albumet kjem seinare.
Surferosa @ Myspace
surferosa.com

The Murder Ballad of Mary er den nye singelen til Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars. Låta er henta frå plata Sad & Happy Sing-a-longs, som kjem 4. februar. Du finn denne songen i tillegg til I’ll do Anything på Myspace. Ein turné til Skotland i slutten av mars er planlagt i tillegg til datoane som står under.
01.02 - Stavanger, Cementen
02.02 - Sandnes Kulturhus
07.02 - Oslo
08.02 - Kvinesdal, Harvest
09.02 - Bryne, Sekkelageret
16.02 - Bergen, Garage
Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars @ Myspace
olavlarsen.com

Jake Ziah slapp si andre plate Lights and Wires i Frankrike i oktober, medan den ikkje blir tilgjengeleg i Noreg før 3. mars. Forrige plate vart sluppe på Grand Slam Happy Time her heime, men det selskapet har no lagt inn årene. Foreløpig ser det ut som bandet må gje ut den nye plata på eige selskap (Psychelling), dersom ingen andre trår til. På Myspace-sidene til bandet kan du iallefall lytte til to låtar frå plata, og hjå det franske selskapet Le Maquis finn du ytterlegare to låtar. Jake Ziah skal på MIDEM i slutten av januar, og gjer i den samanheng eit par ekstra konsertar på kontinentet.
27.01 - Cannes, MIDEM
28.01 - Bordaux
30.01 - Paris
31.01 - Beauvais
02.02 - Angoulême
Jake Ziah @ Myspace
Le Maquis radio med bl.a Jake Ziah
jakeziah.com

Posted in Brimstone Solar Radiation Band, Don Juan Dracula, Gothminister, Harmonica, Jake Ziah, Lionheart Brothers, Lukestar, Minor Majority, Modan Garu, Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars, Sgt Petter, Side Brok, Sleepyard, Solefald, Surferosa, William Hut | 1 Comment »

Posted by The Lodger on 2007-11-30

Kenneth Ishak er aktuell med albumet Silver Lightning from a Black Sky. Herifrå kjem singelen Don’t Touch My Brother, som no også har fått seg ein video, regissert av Kristoffer Borgli for babusjka.no.
04.12 - Oslo, Chateau Neuf, Bokcaféem
03.02 - Boujis, Truro
04.02 - London, Kings Cross
09.02 - London, Rota Club
23.02 - Oslo, Revolver (m/Thom Hell)
Kenneth Ishak - Don’t Touch My Brother (video) (22 mb)
kennethishak.net

Ein ikkje like fullt så ny video, men likevel ein eg ikkje har sett for nedlasting før, er Kurt Nilsen sin somarhit Push Push. Nilsen er for tida aktuell med singelen Silence, som er den andre frå plata Push Push. I februar kjem han med ei meir country-inspirert plate, som blant anna skal innehalde ein duett med Willie Nelson.
Kurt Nilsen - Push Push
Kurt Nilsen @ Myspace

Loch Ness Mouse i gong med innspelinga av si neste plate, og første singel er allereie ute. På Midnight Blue har dei fått med seg souldama Myrna Braza, og låta kan lastast ned frå bandet sine Myspace-sider. Sleppedato for plata er ikkje klar enno.
Loch Ness Mouse feat. Myrna Braza - Midnight Blue
Loch Ness Mouse @ Myspace
myrnabraza.com

Metallbandet Vreid er ute på vegen att. Bandet som slapp plata I krig skal gjennom både Tyskland, Spania, Frankrike og andre land framover mot jul. Under finn du eit par av låtane frå I krig.
29.11 - Sheffield, The Corporation
30.11 - Vosselaar, Biebob
01.12 - Arnhem, Metal Meeting
02.12 - Paris, Elysee Montmartre
03.12 - Strasbourg, La Laiterie
04.12 - Lyon, Ninkasi Kao
05.12 - Barcelona, Mephisto
06.12 - Madrid, Caracol
07.12 - Mountauban, Le Rio Grande
08.12 - Erstfeld, Transilvania Live
09.12 - Bologna, Estragon
10.12 - Dornbirn, Spielboden
11.12 - München, Metropolis Club
12.12 - Brno, Fleda
13.12 - Leipzig, Hellraiser
14.12 - Saarbrucken, Roxy
15.12 - Werl, Stadthalle
Vreid - Svart
Vreid - Under isen
vreid.no

Draumir har slutta samarbeidet med vokalist Alexandra Bråten. Bandet er i studio for å spele inn sitt tredje album. Det har arbeidstittelen The Hawk Sings. Om tittelen skal henspele på at det no blir bassist Håvard Stokstad som vil ha ansvaret for all vokal framover gjenstår å sjå, då plata ikkje er planlagd ferdig før til neste haust. Delar av plata vil bli spela inn i bandet sitt nybygde studio. Draumir har også nyleg fått seg nye nettsider.
draumir.com

Datarock har også fått nye nettsider sidan sist eg var innom. Bandet vil gjere fleire jobbar i USA framover mot jul, og skal også tilbake for å spele inn det nye året.
05.12 - Los Angeles, Dec Avalon
07.12 - Buenos Aires, Personal Fest
11.12 - Cleveland, Grog shop
12.12 - Columbus, The Vault (privat)
13.12 - Cincinnati, Gypsy Hut (privat)
14.12 - Vancouver, Biltmore
18.12 - Magna, Saltair Drive
19.12 - Reno, The New Oasis
20.12 - Sacramento, The Empire
21.12 - San Diego, House of Blues
31.12 - Philadelphia, Electric Factory
datarockmusic.com

Bigbang har også bytta vev-hotell. Bandet er snart aktuelle med ei best of-plate her heime, som kjem no rett i jule-rushet. Til neste år vil dei gje ut ein limitert EP i USA for å introdusere det amerikanske publikumet for både gamle og nye låtar. EPen vil innehalde Wild Bird, Early December, Something Special og Hurricane Boy.
03.12 - København, Lille Vega
05.12 - Norderstedt, Music Star
06.12 - Toneburg, Höxter
07.12 - Innsbruck, Projekt 42
08.12 - Roding, Grammophon
09.12 - Wien, B72
11.12 - Berlin, Knaack
12.12 - Dresden, Puschkin
13.12 - Dortmund, FZW
14.12 - Köln, Kantine
15.12 - Schrecksback, Mylord
19.12 - Bergen, Ole Bull teater
20.12 - Stavanger, Folken
22.12 - Oslo, Sentrum Scene
thebigbangweb.com

Don Juan Dracula er tilbake i studio, og lovar at dei har eit nytt album klart i 2008. Innspelinga foregår i bandet sitt studio i Åsgårdstrand, Vestfold. Bandet, som jo for ei stund tilbake meldte at dei la ned heile butikken, har tydelegvis fått ein ny giv. Dei vil også vere å sjå tilbake på norske scener over nyttår.
donjuandracula.com

The Carburetors vil sleppe ein limitert 7″ picturedisc på sin komande julekonsert på John Dee i Oslo. Du finn no også ein låt frå det komande albumet på Myspace.
15.12 - Oslo, John Dee
Carburetors @ Myspace
thecarburetors.com

Animal Alpha kjem med plate nr. 2 i slutten av januar, og også denne gong har bandet fått amerikansk hjelp med plateinnspelinga. No er det Dave Collins som har stått ved spakane. Bandet er også i beit for ein ny trommis. Første oppgåve vil bli ein større turné i samband med platesleppet. Unge og lovande blir bedne om å ta kontakt på post@animalalpha.com.
animalalpha.com

Posted in Bigbang, Datarock, Don Juan Dracula, Draumir, Kenneth Ishak, Kurt Nilsen, Loch Ness Mouse, The Carburetors, Vreid | 1 Comment »