Smågodt
Posted by The Lodger on 2007-11-07
Pop-orkesteret TrulsandtheTrees er siste skotet ut på Metronomicon Audio-stamma, når dei gjev ut plata si Ailanthus 7. desember. Låta Cardinal Mountains Heart har allereie blitt snappa opp som Ukas Urørt. Det vert moglegheit for å få med seg Truls og co fleire plassar i landet fram til jul.
17.11 - Bergen, Hulen (”Indiegranskauen” m/Center of the Universe)
22.11 - Bodø, Sinus
29.11 - Trondheim, tba (Metronomicon-kveld)
30.11 - Trondheim, Blæst (m/The Lionheart Brothers)
07.12 - Oslo, Blå (sleppefest)
Truls & The Trees - Cardinal Mountains Heart
TrulsandtheTrees @ Myspace
Same selskap slepp også nytt album med Now We’ve Got Members no snart. Plata Then is Just Another Kind of Now kjem allereie 26. november, både på CD og gatefold vinyl.
20.11 - Oslo, Café Mono (m/Hanny)
27.11 - Oslo, Månefisken (sleppefest)
Now We’ve Got Members - Half & Half
Now We’ve Got Members @ Myspace
Kom over ein fin liten DVD-utgjeving her om dagen. Det er regissør Geir Henning Hopland som har samla 10 av sine musikkvideo-produksjonar, saman med eit par kortfilmar har har gjort. Tittelen på DVDen er Five Short Films & More Than 8 Music Videos, og du finn den truleg på velassorterte salsstadar. Musikkvideoane er som følger:
Madrugada - Blood Shot Adult Commitment
Cato Salsa Experience Lovesick, Deadbeat og So, The Circus Is Back In Town
William Hut - It´s The Breeze
Poor Rich Ones - Drown og Other Days
Evil Tordivel - A Fine Young Man
Ralph Myerz & The Jack Herren Band - Think Twice
deLillos - Ut
WE slepp singel nr.2 frå den komande albumet sitt neste veke. A-sida er Hurdy gurdy, og på baksida finn du eit live-opptak av RNR (I Put My Life). Forrige singel, That’s Why (You’re So Fine) kom berre i 300 eksemplar, og den nye vil sikkert vere like eksklusiv. That’s Why… blir forøvrig streama på werock.org for tida. Albumet Tension & Release kjem 21. januar, og vil blant anna innehalde ein DVD-dokumentar frå bandet sin Europa-turné saman med Motörhead ifjor. Bandet er allereie booka til Hove neste år.
Smakebit frå DVDen @ Myspace Videos
werock.org
Teeny (Trond Holter) frå bl.a WigWam, Dream Police og Evenrude har fått opp ein nettstad. Han er også igong med eit solo-prosjekt under sitt eige namn, og du finn smakebitar på nettstaden.
Trond Holter - Lucifer’s Chamber
trondholter.com
Kveldens konsert med Alarm-vinnar Dimmu Borgir på Sentrum Scene vart filma for ei framtidig DVD-utgjeving. Konserten er den siste på European Invaluable Darkness Tour.
Dimmu Borgir - The Sacrilegious Scorn (video) (80 mb)
Henning Kvitnes (pop), Brazz Brothers (jazz) og Lene Marlin (open klasse) var blant gårsdagens mottakarar av for meg den ukjende Rolf Gammleng-prisen. Prisen på kr. 40.000,- går til “… artister … for fortjenstfull medvirkning ved innspilling av grammofonplater”. Gratulerer. Det er Fond for Utøvende kunstnere som delar ut prisane.
[lenkje]
Plastic Strip er eit relativt ferskt plateselskap. Dei har fått til ei lisensieringsavtale med NRK om å dykke ned i dei gamle arkiva der for å eventuelt gje ut noko av denne musikken på plate. Til no er det planlagt 6 utgjevingar, og 4 av desse er allereie ute. Blant desse er NRK Sessions - Soul, Afro-Jazz and Latin from the Club 7 Scene, der, som tittelen seier, band frå Club 7-scena boltrar seg i genrar sjeldan innspelt av norske band på den tida. Lytt til ein 11 minutt mix frå plata under. Av dei andre utgjevingane på Plastic Strip kan ein nemne opptak både med Helge Hurum og Sven Finnerud Trio. På nettsiden finn du også utdrag frå desse platene.
Diverse Club 7-artistar - NRK Sessions
Posted in Dimmu Borgir, Now We've Got Members, Truls & The Trees, WE | No Comments »