Posted by The Lodger on 2007-11-30
Kenneth Ishak er aktuell med albumet Silver Lightning from a Black Sky. Herifrå kjem singelen Don’t Touch My Brother, som no også har fått seg ein video, regissert av Kristoffer Borgli for babusjka.no.
04.12 - Oslo, Chateau Neuf, Bokcaféem
03.02 - Boujis, Truro
04.02 - London, Kings Cross
09.02 - London, Rota Club
23.02 - Oslo, Revolver (m/Thom Hell)
Kenneth Ishak - Don’t Touch My Brother (video) (22 mb)
kennethishak.net
Ein ikkje like fullt så ny video, men likevel ein eg ikkje har sett for nedlasting før, er Kurt Nilsen sin somarhit Push Push. Nilsen er for tida aktuell med singelen Silence, som er den andre frå plata Push Push. I februar kjem han med ei meir country-inspirert plate, som blant anna skal innehalde ein duett med Willie Nelson.
Kurt Nilsen - Push Push
Kurt Nilsen @ Myspace
Loch Ness Mouse i gong med innspelinga av si neste plate, og første singel er allereie ute. På Midnight Blue har dei fått med seg souldama Myrna Braza, og låta kan lastast ned frå bandet sine Myspace-sider. Sleppedato for plata er ikkje klar enno.
Loch Ness Mouse feat. Myrna Braza - Midnight Blue
Loch Ness Mouse @ Myspace
myrnabraza.com
Metallbandet Vreid er ute på vegen att. Bandet som slapp plata I krig skal gjennom både Tyskland, Spania, Frankrike og andre land framover mot jul. Under finn du eit par av låtane frå I krig.
29.11 - Sheffield, The Corporation
30.11 - Vosselaar, Biebob
01.12 - Arnhem, Metal Meeting
02.12 - Paris, Elysee Montmartre
03.12 - Strasbourg, La Laiterie
04.12 - Lyon, Ninkasi Kao
05.12 - Barcelona, Mephisto
06.12 - Madrid, Caracol
07.12 - Mountauban, Le Rio Grande
08.12 - Erstfeld, Transilvania Live
09.12 - Bologna, Estragon
10.12 - Dornbirn, Spielboden
11.12 - München, Metropolis Club
12.12 - Brno, Fleda
13.12 - Leipzig, Hellraiser
14.12 - Saarbrucken, Roxy
15.12 - Werl, Stadthalle
Vreid - Svart
Vreid - Under isen
vreid.no
Draumir har slutta samarbeidet med vokalist Alexandra Bråten. Bandet er i studio for å spele inn sitt tredje album. Det har arbeidstittelen The Hawk Sings. Om tittelen skal henspele på at det no blir bassist Håvard Stokstad som vil ha ansvaret for all vokal framover gjenstår å sjå, då plata ikkje er planlagd ferdig før til neste haust. Delar av plata vil bli spela inn i bandet sitt nybygde studio. Draumir har også nyleg fått seg nye nettsider.
draumir.com
Datarock har også fått nye nettsider sidan sist eg var innom. Bandet vil gjere fleire jobbar i USA framover mot jul, og skal også tilbake for å spele inn det nye året.
05.12 - Los Angeles, Dec Avalon
07.12 - Buenos Aires, Personal Fest
11.12 - Cleveland, Grog shop
12.12 - Columbus, The Vault (privat)
13.12 - Cincinnati, Gypsy Hut (privat)
14.12 - Vancouver, Biltmore
18.12 - Magna, Saltair Drive
19.12 - Reno, The New Oasis
20.12 - Sacramento, The Empire
21.12 - San Diego, House of Blues
31.12 - Philadelphia, Electric Factory
datarockmusic.com
Bigbang har også bytta vev-hotell. Bandet er snart aktuelle med ei best of-plate her heime, som kjem no rett i jule-rushet. Til neste år vil dei gje ut ein limitert EP i USA for å introdusere det amerikanske publikumet for både gamle og nye låtar. EPen vil innehalde Wild Bird, Early December, Something Special og Hurricane Boy.
03.12 - København, Lille Vega
05.12 - Norderstedt, Music Star
06.12 - Toneburg, Höxter
07.12 - Innsbruck, Projekt 42
08.12 - Roding, Grammophon
09.12 - Wien, B72
11.12 - Berlin, Knaack
12.12 - Dresden, Puschkin
13.12 - Dortmund, FZW
14.12 - Köln, Kantine
15.12 - Schrecksback, Mylord
19.12 - Bergen, Ole Bull teater
20.12 - Stavanger, Folken
22.12 - Oslo, Sentrum Scene
thebigbangweb.com
Don Juan Dracula er tilbake i studio, og lovar at dei har eit nytt album klart i 2008. Innspelinga foregår i bandet sitt studio i Åsgårdstrand, Vestfold. Bandet, som jo for ei stund tilbake meldte at dei la ned heile butikken, har tydelegvis fått ein ny giv. Dei vil også vere å sjå tilbake på norske scener over nyttår.
donjuandracula.com
The Carburetors vil sleppe ein limitert 7″ picturedisc på sin komande julekonsert på John Dee i Oslo. Du finn no også ein låt frå det komande albumet på Myspace.
15.12 - Oslo, John Dee
Carburetors @ Myspace
thecarburetors.com
Animal Alpha kjem med plate nr. 2 i slutten av januar, og også denne gong har bandet fått amerikansk hjelp med plateinnspelinga. No er det Dave Collins som har stått ved spakane. Bandet er også i beit for ein ny trommis. Første oppgåve vil bli ein større turné i samband med platesleppet. Unge og lovande blir bedne om å ta kontakt på post@animalalpha.com.
animalalpha.com
Posted in Bigbang, Datarock, Don Juan Dracula, Draumir, Kenneth Ishak, Kurt Nilsen, Loch Ness Mouse, The Carburetors, Vreid | 1 Comment »