Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Build Nest Sleep' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-02-16

Norsk-svenske This Sect slepp EPen Distress Signals komande måndag. Ikveld er det konsert for å feire utgjevinga på Club Maiden i Oslo. Bandet har og invitert gjesteartistar denne kvelden. Dette er deira tredje EP, og under finn du førstesporet frå denne.
16.02 - Oslo, Maiden
03.03 - Bergen, Kvarteret
10.03 - Trondheim, Samfundet
26.05 - Oslo, John Dee (m/Monomen)
This Sect - Oh, Ballerina
thissect.com

Ingrid Olava skreiv nyleg kontrakt med EMI. Tidleg denne veka spelte ho inn demoar til det som skal bli debutplata hennar, og idag reiser ho på ein omfattande turné saman med Sivert Høyem & The Volunteers. På Myspace-sida hennar finn du no den nye songen Headlines, som forhåpentlegvis vil vere å finne på albumet hennar.
Ingrid Olava @ Myspace

Shit City signerte nyleg også kontrakt. Selskapet Voices of Wonder gjev ut plata God Bless Our Home i byrjinga av mai. Eg har ikkje oversikt over komande konsertar med bandet, men dei har planar om å spele på masse festivalar i somar.
Shit City @ Myspace

Ane Brun sin video til The Dancer er no å finne på Myspace. Låta er ein PJ Harvey-cover, og den er henta frå hennar aktuelle album Ane Brun - Live in Scandinavia. I morgon gjer Ane sin einaste konsert i Noreg før somaren, då ho saman med DMF String Quintet, Nina Kinert og Staffan Johansson spelar på Rockefeller. I mars og april skal ho vitje Sverige og Danmark. Full turneliste finn du på heimesidene hennar.
Ane Brun @ Myspace
anebrun.com

Don Martin frå Gatas Parlament har starta sin eigen blogg. Ikkje så mykje musikalsk innhald enno, men det kan kanskje endre seg?
donmartin.no

Skambankt har turnéstart ikveld for å promotere den nye plata deira Eliksir. Ein god gamal Ford Club Wagon fra 1989 skal frakte gutta land og strand rundt dei neste fem vekene. På bandet sine nettsider kan du djå videoen til første singel Dynasty.
16.02 - Stavanger, Folken
17.02 - Bergen, Hulen
22.02 - Haugesund, Lille Byscenen
23.02 - Grimstad, Luftslottet
24.02 - Kvinesdal, Harvest Bar
01.03 - Ålborg, Studenterhuset
02.03 - Århus, Voxhall Århus
03.03 - København, The Rock
08.03 - Tromsø, Kaos
09.03 - Harstad, Studentkroa
15.03 - Trondheim, Blæst
16.03 - Drammen, Union Scene
17.03 - Oslo, Rockefeller
22.03 - Kristiansand, Havnekvarteret
23.03 - Horten, Scene 37
24.03 - Sandnes, Tribute
Sakmbankt - Dynasty (video) (25 mb)
skambankt.com

Ein annan Kaizer-mann, nemleg Geir Zahl slepp også plate i desse dagar. Debuten Nice for a Change fekk si live-premiere på P1-Scena til NRK samt på by:Larm, og på måndag er den å finne i butikken. Du kan lytte til to låtar på Myspace, eller heile programmet Kveldsåpent frå NRK P1. (Søk opp Kveldsåpent 6. februar i NRK sin nettradio). Live har Zahl blant anna med seg Eirik Lye og Christer Knutsen
23.03 - Stavanger, Folken
24.02 - Bergen, Garage
02.03 - Oslo, John Dee
NRK P1 nettradio
Zahl @ Myspace

Washington slepp andreplata si Astral Sky 5. mars, men du kan allereie lytte til førstesingelen Vaults på Myspace. Eg har lytta gjennom heile plata, og må seie at dei minnar skremande mykje om det skotske indiebandet Geneva (dersom det er nokon som hugsar dei?). Den er ikkje like umiddelbar som debuten eller EPen Black Wine, men får definitivt fleire snurringar. I starten av mars vert det 5 konsertar i Noreg, før bandet tek turen til Tyskland, Belgia, Ungarn og Austerrike
02.03 - Tromsø, Verdensteatret
07.03 - Stavanger, Checkpoint Charlie
08.03 - Bergen, Garage
09.03 - Trondheim, Blæst
10.03 - Oslo, John Dee
Washington @ Myspace
washington.no

Den nedlastbare versjonen av Marte Wulff si nye plate Safety Pins kjem med to ekstraspor som ikkje er å finne på den ordinære utgjevinga. Dette er låtane Levelled og Sailors. Plata kjem på måndag. Ifølge heimesida si har Marte planar om å gjere ein konsert i Austin, Texas neste månad, men før det er det to lanseringskonsertar her heime.
20.02 - Oslo, Café Mono (m/The Boat)
28.02 - Oslo, Gloria Flames
17.03 - Austin, TX, Platform
22.03 - Kristiansand, Havana (m/The Boat)
martewulff.com

Kvalitetssselskapet How is Annie Records si tiande utgjeving er i butikken i desse dagar, og det er Build Nest, Sleep sin EP Abouts som får den æra. Dei er også så greie at dei gjev oss ein liten smakebit frå plata i form av låta K.i.s.s.i.n.g.
Build Nest, Sleep - K.i.s.s.i.n.g
Build Nest, Sleep @ Myspace

Posted in Ane Brun, Build Nest Sleep, Don Martin, Ingrid Olava, Marte Wulff, Skambankt, This Sect, Washington, Zahl | No Comments »