Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Bright Paper Werewolves' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-11-27

Bright Paper Werewolves har lagt ut låt frå ein komande (?) split-12″, der også sambygdingane Autoplasma bidreg. Låta er No passion for the cure.
Bright Paper Werewolves - No passion for the cure
brightpaper.net

Bermuda Triangle er i studio for å mikse si neste plate. Den kjem etter planen ut i januar / februar. Første smakebit er å finne på bandet sine Myspace-sider.
Bermuda Triangle @ Myspace

Stein Roger Sordal er nok mest kjend som medlem i Green Carnation, men 14. desember kjem sørlendingen med soloplata In Fort Know with a Penny. I motsetnad til bandet sitt tyngre progaktige uttrykk, kjem Sordal med ei nedstrippa melankolsk popplate. Du finn tre av låtane på nettsidene hans.
29.11 - Oslo, Gloria Flames (m/Petter Carlsen)
15.12 - Kristiansand, Kick
Sordal @ Myspace

Janove Ottensen har laga musikken til teaterstykket “Det tusende hjertet”, og den vart også utgjeven på plate via CCAP forrige veke. Stykket er skreve av Tore Renberg, og det hadde premiere i helga. CCAP har laga ei Myspace-side, der du kan lytte til to av låtane frå stykket.
Det tusende hjerte

I påvente av nytt Serena-Maneesh-materiale, kan du i februar skaffe deg SM Backwards, eit dobbelt-album med materiale som var unnfanga før debutalbumet kom ut. Det heile har blir satt saman og miksa på ny av Emil Nikolaisen. Plata kjem på Smalltown Supersound i veke 5 neste år.

Samvirkelaget er ute med ny video. Denne gongen er det låta Ikke snakk til meg om interiør som blir visualisert. Du kan sjå videoen på bandet sine nettsider.
Samvirkelaget - Ikke snakk til meg om interiør
Samvirkelaget @ blogspot

Karianne Arntzen er plukka ut som ein av dei som får opptre på opninga av Stavanger 2008, som markerar at byen er europeisk kurlturby neste år. Arntzen platedebuterte for ein månad sidan med den jazza popplata Igår kveld. Lytt til tre låtar på myspace.
02.12 - Stavanger, Tou scene
08.12 - Stavanger, Sølvberget film- og musikkbibliotek
20.12 - Sandnes, Brygga
12.01 - Stavanager 2008 opningsfest
kariannearntzen.com
Karianne Arntzen @ Myspace

Det är jag som är döden har lagt ut sin siste singel 200 hrs på Urørt. Låta er henta frå bandet si debutplata Hey Space!, som kom ut tidlegare i vinter. Bandet spelar imorgon ein siste konsert før jul saman med Bates-favoritt Sirka Ragnar. Videoen til 200hrs finn du på vimeo.com.
28.11 - Oslo, Betong (m/Sirka Ragnar)
Det är jag som är döden - 200hrs
Det är jag som är döden @ Myspace

Posted in Bermuda Triangle, Bright Paper Werewolves, Det är jag som är döden, Janove Ottesen, Karianne Arntzen, Samvirkelaget, Serena-Maneesh | No Comments »

Bright Paper Werewolves

Posted by The Lodger on 2007-05-03

Stavanger-bandet Bright Paper Werewolves har lenge vore ein Bates-favoritt, og endeleg er det aktivitet i den leiren att. Ikkje det at det har skorta på aktivitet, men den har kanskje vore meir retta mot alle dei andre banda medlemmane er involverte i (The Substitutes, Attention Now!, Thomas Dybdahl ++)

Men endeleg ser det ut til at den lenge bebuda EPen Hope to Join the Fun snart skal få sjå dagens lys. I april vart nemleg eit par av låtane til EPen spela inn, og ein av desse kan no lyttast til på både heimeside og Myspace. Låta heiter We Will Not Take a Dive, og kan anbefalast.

Bright Paper Werewolves - We Will Not Take a Dive
brightpaper.net

Posted in Bright Paper Werewolves | No Comments »