Bolibompa records
Posted by The Lodger on 2007-12-27

Bolibompa records er eit Oslo–basert plateselskap eg nyleg kom over, sjølv om dei har dreve på i eit par år allereie. Dei er no ute med ein sampler med fleire av artistane i stallen sin. Her finn du blant anna Nomber 5s, Pönkarna og Yoyoyo Acapulco. På selskapet sine nettsider kan du tinge denne samleplate, og du kan også laste ned alle tidlegare utgjevingar selskapet står bak. Og som om ikkje der var nok, så tilbyr dei også ein “podkast”, der dei no er på nr. 7 i rekkja.
Ifølge den siste podkasten vil Bolibompa stå for tre utgjevingar i februar. Då vil Ingeborg Selnes og Lofiman gje ut kvart sitt album, medan Yoyoyo Acapulco og Nomber 5s vil gje ut ein split 7″. Det vil bli ein felles sleppekonsert med alle fire banda i Oslo ein gong i februar.
Ingeborg Selnes og Nomber 5s skal også spele ein konsert i Fredrikstad 6. januar.
Låtlista på Bolibompa records vol. 1:
1. Nomber 5s - Harry Hamlin
2. The Ginheads - Strike Gold
3. Ingeborg Selnes - Hey Hey (Sundown)
4. Pönkarna - Hey Officer
5. Lofiman - The music’s there to
6. Yoyoyo Acapulco - Kamasutra Tsunami
7. Campfire Kansas - Der Dada
8. I and the number 5 - I am Bobby Gee McNeal
9. Hiphoparna - Funkar det her för dig
10. Sven’s Bodega - Pick me up
11. hiawata! - Luke Perry
Bolibompa records julepodcast m/bl.a Truls & the Trees, Little Hands of Asphalt + fleire Bolibompa-band
bolibomparecords.com
Posted in Bolibompa records | No Comments »