Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Blokk 5' Category


Blokk 5

Posted by The Lodger on 2007-03-10

blokk5.jpg
Medan den store oppsummerande posten om by:Larm-2007 let vente på seg, trekk eg heller fram eit par av dei verkeleg bra banda eg såg i år. Tommy Tokyo har eg allereie skreve om, og neste band ut er Blokk 5. Forrige gong eg nemnte bandet, var i november 2005, men no er det på tide å trekke dei fram i lyset att, fordi konserten dei leverte gav absolutt meirsmak.

Blokk 5 er nemleg også snart klare med sitt debut-album Scandals and Animals, som har teke dei omlag eit år å bli ferdig med. Den 16. april vil plata vere å finne i butikken. Blokk 5 held seg innanfor den instrumentale delen av musikk-scena, og kan til tider bikke mot jazz, men er vel så ofte innom folkelege tonar, samstundes som dei også gjev post-rocken god plass. Blåsarar står også sentralt i bandoppsettet. Etter plateslepp blir det eit par konsertar på austlandet og i Trondheim. dbut records står bak utgjevinga av Scandals and Animals. Lytt til eit par studio-opptak under, og forsøk å få med deg dette bandet live.

13.04 - Oslo, Blå
20.04 - Sandefjord, Promenaden
24.04 - Trondheim, Storås
05.05 - Larvik, Passagen
19.07 - Tønsberg, Slottsfjell Festival
Blokk 5 - The Great Lakes
Blokk 5 - Casino Totale
blokk5.com
Blokk 5 @ Myspace

Posted in Blokk 5 | No Comments »