Videoen til Bahamas frå Low Frequency in Stereo sin siste fullengdar er ein heilanimert 4-minuttar du absolutt bør få med deg, om du ikkje har sett den allereie. Heute, som har laga filmen, har jaggu også fått inn ein Hitchcock-hyllest her, noko som gjev den ei ekstra stjerne i mi bok. Kos deg med denne!
09.-12.08 - Oslo, Øyafestivalen
19.08 - Askim - Kraftfestivalen
23.09 - Oslo, John Dee
28.09 - Bergen Hulen
29.09 - Stavanger, Folken
Low Frequency in Stereo - Bahamas (video) (15 mb)
lowfrequencyinstereo.com
Kaada er no ute med albumet Music for Moviebikers. Plateselskapet Ipecac har lagt ut videoen til From Here On It Got Rough på YouTube. Sjå den under.
03.08 - Alterwills (Sveits), StoneHill
Kaada - From Here On It Got Rough (video) (YouTube)
kaada.no
ORBO & THe Longshots er ute med singel nr 2 til den komande plata Genuine Handmade Rock’n'Roll. Låta som er valgt ut er My Widow, komponert av Kevin Welch og ORBO. Det svenske selskapet Rootsy vil gje ut plata i Noreg og Sverige 4. september, men før det er bandet invitert til å spele under VM i BeachSoccer 06 i Marseille, Frankrike 20. og 21. august. Videoen til My Widow kan du no sjå på ORBO sine heimesider. Den er regissert av Tom Rosson for Gerilliafilm.
04.08 - Kristiansand, Eikerapen Roots Festival
05.08 - Askøy, Lost Weekend
20.08 - Marseille, FIFA Beach Soccer WC06
21.08 - Marseille, FIFA Beach Soccer WC06
26.08 - Bergen, HF-Fakultet
31.08 - Bergen, Ricks Theater (plateslepp, m/gjester)
06.09 - Bergen Expression
11.10 - Sandnes, Chili
ORBO & the Longshots - My Widow (video) (straum)
orbo.no
Eva & the Heartmaker har snekra saman den lettgløymde somarlåta Stupid Heart som ein forsmak på debutalbumet Behind the Golden Frames. Det kjem etter planen ut 28. august. Jepp, Eva var med i I***, noko som også gjev ein peikepinn på kor i poplandskapet denne låta ligg. Videoen er regissert av Alf Dyblie for 9mm.
Eva & the Heartmaker - Stupid Heart (video)
Gatas Parlament har likegodt oppretta ein eigen “kanal” på YouTube, der dei vil leggje ut både gamle og nye videosnuttar, blant anna konsertklipp.
Gatas Parlament TV
gatasp.no
Betine Zetlitz har løfta litt på lokket for å syne oss kva som vil dukke opp på den nye plata hennar. Førstesingelen 500 har rotert ein del i somar, og videoen kan du no sjå på dei nye, men minimalistiske heimesidene til BZ. Albumet My Italian Greyhound kjem 11. september.
Bertine Zetlitz - 500 (video)
bertine.com
Ane Brun promoterar stadig albumet sitt Duets og ho har no spela inn video til låta Rubber & Soul saman med Færøyiske Teitur. Ane vil også sleppe A Temporary Dive i ein australsk versjon 19. august.
Ane Brun - Rubber & Soul (video)
anebrun.com
Den russiske kunstnaren Julia Zastava har sett bileter til Alog sin song Your Secret Flesh frå 2001. Ein kollage av animasjon og verkeleg bileter som står i fint samspel til stemninga i låta.
12.08 - San Francisco, Electronic Music Festival
15.08 - Portland, tba
17.08 - Chicago, The Empty Bottle
19.08 - Boston, Mills Gallery
21.08 - New York City, Tonic
20.10 - Beograd, Dispatch Festival
Alog - Your Secret Flesh (video)
alog.net
Plywood har laga video til singelen Sunride. Låta er henta frå fjorårsalbumet The ways of the past.
09.08 - Oslo, Skuret (KlubbØya)
Plywood - Sunride (video) (28 mb)
plywood.no
Sjølv om videoen til Christine Sandtorv sin Four Leaf Clover er eit par månader gamal, så har eg visst ikkje posta noko om den før no. Regi er ved Ingvild Nielsen.
Christine Sandtorv - Four Leaf Clover (video) (43 mb)
christinesandtorv.no
Eg rundar til slutt av med ein godbit.
Sitat frå Urørt:
“Bandover ble unnfanget i K-town (Kristiansand) for snart 15 år siden. Siden da har de holdt på jevnt og trutt med å sende inn demoer til plateselskaper, uten noen form for respons. Hvis ikke det skjer noe drastiskt her på Urørt er bandet offisielt oppløst.”
Ikkje veit eg når denne desperate meldinga vart lagt inn, men no har det i alle fall skjedd noko. For sjølv med berre 23 nedlastingar på over tre år, har bandet fått nokon til å lage musikkvideo til låta Køddemann. “Årets somarhit” kallar produsentane i heute den, og dei påstod at det tok eit halvår å lage den. Eg veit ikkje heilt kva eg skal meine sjølv, for eg føler meg ganske mållaus! Gjer deg klar for utanomgjordiske kostymer, flammar, blod og innleving sjølv Bobby Conn bør vere stolt over.
Bandover - Køddemann (video) (8 mb)