Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Bellman' Category


Årets siste

Posted by The Lodger on 2006-11-20

Aktiviteten har ikkje vore den største i det siste, og eg tek konsekvens av det, og melder herved at dette blir årets siste post om ikkje noko ekstraordinært skulle skje. Satsar på auka posting til neste år.

Rundar av med tips til fersk, snart og nyleg plateaktulle og anna snadder.

Bellman
Svevande pop frå Larvik. Er plukka ut til by:Larm 2006
Bellman - Spaceship, move slow!
bellmanmusic.com

The Captain & Me
Køntrifisert og balkanifisert med fersk plate på Saint Thomas sitt plateselskap. Opptil 13 personar på scena.
thecaptainandme.com

Catastrophes
Bergensk indierock med eit par gromlåtar på Urørt. Så nokon The Strokes?
Catastrophes - Easier if you killed me
Catastropes @ Urørt

Det är jag som är döden
Før kalla dei seg Flying Edward, no er det under svensk namn dei vil bli gjenkjent. Ny plate til våren.
Det är jag som är döden - Boogie (Myspace)
Det är jag som är döden @ Myspace

Harmonica
Gladpopfyrverkeri. Skal også på by:larm
30.11 - Oslo, Dattera til Hagen (Plan B presenterer)
02.12 - Oslo, Spasibar (You gotta go!-videoslepp)
Harmonica - Rocking Girl
harmonica.no

I was a King!
Vakker indie frå Egersund/Oslo. EPen Remove the Crown i emning.
10.01 - Oslo, John Dee
11.01 - Bergen, Hulen
12.01 - Egersund, Grandkjelleren
I was a King! - Remove the crown
Urørt, Myspace

Lionheart Brothers
Jess, ny plate Dizzy Kiss kjem 22. januar. To nye låtar på Myspace
04.12 - Oslo, Mono
15.12 - Kristiansansd, Charlies (Trashpop)
Lionheart Brothers @ Myspace

The Murder Mystrey
Duo frå Hønefoss som miksar det beste av den elektroniske indien frå 80-talet med catchy shoegazing frå 90-talet, og krydrar med sine eigne ingrediensar. EP på veg, bl.a med låten under.
15.12 - Oslo, Skuret (m/This Sect + Hope I Die Virgin)
16.12 - Hønefoss, Lloyds Pub
The Murder Mystery - We Have a Miracle
heimeside, Myspace

Erlend Ropstad
Rock av den tilbakelente sorten. EP kom i vinter, plate snart på veg?
erlendropstad.com

Shit City
Køntritwang frå Lillehammer og omegn. Ingrid Olava spelar i dette orkesteret saman med 7 karar som ikkje har dusja sidan Kåre Willoch var russ.
Shit City - Once in awhile
Shit City @ Urørt

Soda Fountain Rag
La ikkje det at bandet er oppkalla etter Duke Ellington sin aller første komposisjon skreme deg. Dette er skjør og naiv jenteromscasiopop med ei bøtte sjarm. Ukas Urørt tidlegare i haust. Heilt fersk låt lagt ut på Urørt igår under.
30.11 - Oslo, Spasibar (m/Rough Bunnies)
Soda Fountain Rag - The Saddest Boy in Town
Soda Fountain Rag @ Urørt

Einar Stenseng
To fulle demoalbum pluss eit ferskt sjølvtittulert offisielt album på under eit år tyder på at denne karen busett i Berlin boblar over av kreativitet. Singer/songwriter med sting og gode hjelparar.
einarstenseng.com

Susanne Sundfør
Eg har enno kun høyrt to låtar av Susanne, men for nokre låtar då. Ho lagar låtar Joni Mitchell kunne vore stolt av, og stemma er ikkje langt unna den heller. Lytt til den ferske Walls på Myspace. Support for Minor Majority på Rockefeller til helga seier jo også litt. Album er snart på veg.
24.11 - Oslo, Rockefeller (m/Minor Majority)
26.11 - Oslo, Mono
Susanne @ Myspace

Elisabeth Yndestad
Jenta frå Bergen gav ut sin første EP i somar, og somarmånadane er jo ikkje dei beste for å få merksemd, noko denne plata hadde fortjent meir av. Folk/country-låtar ofte med steelgitar. Fine saker, og tre av låtane ligg på Myspace.
23.11 - Bergen, Hulen
Elisabeth @ Myspace

Oppdatert 23.11: Bloggen For the Eardrums hadde igår ein liknande post med 13 ferske norske band, og berre to overlappingar frå denne posten, så ta også turen dit for meir snadder.
[lenkje]

Posted in Bellman, Det är jag som är döden, Elisabeth Yndestad, Erlend Ropstad, Harmonica, I was a King, Lionheart Brothers, Shit City, Soda Fountain Rag, Susanne Sundfør, The Captain & Me, The Catastrophes, The Murder Mystery, Uncategorized | No Comments »