Smågodt
Posted by The Lodger on 2007-12-28
Center of the Universe hadde sleppefest for albumet sitt Simulacra 21. desember, sjølv om albumet ikkje har offisiell sleppedato før 21. januar. På plateselskapet Metronomicon Audio sine nettsider finn du tre smakebitar frå plata.
Center of the Universe - Hercolubus is Approaching
20 Bones slapp nyleg eit sjølvtitulert debutalbum. Du kan lytte til ein av låtane frå plata via plateselskapet Snotpope sine nettsider. Streit rock med kvinnevokal.
20 Bones - Teenage Girl
Heimeside
Oslo Inn har lagt ut ein demo-EP for nedlasting på plateselskapet Plastic Strip sine nettsider. Bandet syng på norsk, og er i ferd med å spele inn debutalbumet sitt. Når albumet er klart, blir det også ein turné.
Oslo Inn - EP (zip)
osloinn.com
Bare Egil Band skal ut på ein liten akustisk turné i januar. Konsertane vil bli tekne opp med tanke på ei komande utgjeving. Like før turnéen startar, vil Bare Egil Band sleppe ein DVD med konsertopptak frå Rockefeller, dokumentarfilmar laga av NRK og masse bonusmateriale.
16.01 - Kristiansand, Charlies Bar (Trashpop)
17.01 - Stavanger, Checkpoint Charlie
18.01 - Bergen, Garage
19.01 - Storebø, Grendahuset
23.01 - Oslo, Café Mono
24.01 - Trondheim, Storås Utested
25.01 - Tromsø, Blårock
26.01 - Lilleaker, Stoppestedet Ungdomshus (under 1 ![]()
Bare Egil Band @ Duplex Records
Pønkebandet Slips stod nyleg opp frå grava etter ei pause på ca 25 år, då dei slapp debutplata Slips på CD i august, og på vinyl no rett før jul. Alle låtane vart skrevne i 1980, men innspelt i 2007. Slips var også å finne på begge pønk-samlarane Hurra for Norge, men dette er deira første album.
Slips - Jeg er lei
slips.tv
PearlyCatz kjem med albumet Hallingpünk til neste år. Første singelen Harald er ute no, og du kan lytte til den via bandet sine nettsider. Dette er rockabilly, munnharpe, sulling og pønk på hallingdølsk.
pearlycatz.com
Posted in 20 Bones, Bare Egil Band, Center of the Universe, Oslo Inn, PearlyCatz, Slips | No Comments »