Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Attention Now!' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-12-05

TrulsandtheTrees har lagt ut nesten heile den komande plata si Ailanthus på Myspace. Du kan framover lytte til 8 låtane på denne glitrande popplata, som er tilgjengeleg frå fredag av. Metronomicon, som gjev ut denne plata, har no inngått distribusjonavtale med Musikkoperatørene, noko som betyr at fleire platesjapper vil få moglegheit til å selge den og andre framtidige Metronomicon-plater.
07.12 - Oslo, Blå
26.12 - Larvik, Trudvangen slott
TrulsandtheTrees - Upside Journey
TrulsandtheTrees @ Myspace

Bergenske Catastrophes har nyleg avslutta innspelinga av debutplata, og den kjem ut ein gong på nyåret. Bandet burde ha nok av låtar å velge mellom til plata, noko denne sida med heile 19 (!) ulike demoar tyder på. Om nokre av desse kjem på plata i nyinnspelt form er ikkje godt å vite, men kanskje ein eller fleire av låtane som ligg på Urørt kjem med. Under finn du iallefall ferskaste skot på stamma med poplåtar.
06.12 - Bergen, Hulen
Catastrophes - That Boy is Ready for Eternity
Catastrophes @ Myspace

Indietronika-duoen Attention Now! leverer sin hittil beste låt med Hard to stay alive. Du finn låta både på Urørt og Myspace. Silje og Stian jobbar med å ferdigstille eit album, men sleppedato er ikkje klar enno. Dei er også aktuelle med ein remix for danske Oliver North Boy Choir, som vert å finne på plata deira som snart er i butikken.
Attention Now! - Hard to Explain
Attention Now! @ Myspace

Det har lenge vore stille rundt Mary Me Young, men bandet kom i haust med EPen The Mary EP. Dei spelte nyleg i Trondheim, og kjem til Oslo rett før jul for å gjere ein konsert, der du sikkert kan sikre deg eit eksemplar av EPen også. Under finn du ein smakebit.
19.12 - Oslo, Spasibar
Mary Me Young - My Strenght
marymeyoung.com

Bluegrassgjengen Ila Auto kjem med plate nr. 2 Over The Next Hill rett over nyttår, og allereie no er første singelen Little Honey å høyre både på radio og nett. Berre ein ny konsert er annonsert pr dags dato, men her kjem nok fleire til etterkvart.
22.02 - Oslo, Herr Nilsen
Ila Auto - Little Honey
ilaauto.com

Gutta i Gatas parlament har den siste tida vore mest synlege som medlemmar av Samvirkelaget, men har av den grunn ikkje lagt GP på hylla. Snarare tvert om. Den 13. desember kjem “gateplata” 93 til Infinity, som vert å rekne for ei halvoffisiell utgjeving av både gamalt og nytt materiale. Men dette er ikkje einaste albumet dei kjem med. Til våren neste år kjem dei med si tredje offisielle plate. På gatasp.no kan du tinge 93 til Infinity, samt sjå ein festleg trailer for plata, der dei stel uhemma frå alskens action-filmar, samt fjorårets pseudo-doku Death of a President.
13.12 - Oslo, Spasibar
14.12 - Oslo, Sub scene (fri alder)
Gatas parlament - 93 til Infinity trailer (video)
gatasp.no

Eg saksar frå kommentarfeltet:
Erik og Kriss har plateslepp på andreplata si, Verden vil bedras 14. januar. Dei planlegg storkonsert på Rockefeller den 19. januar, men skal også gjere fleire andre konsertar framover. Duoen er for tida aktuelle med singelen Dra tilbake.
07.12 - Lommedalen, Helsethallen
08.12 - Bardufoss
12.12 - Stavanger, Javel
19.01 - Oslo, Rockefeller
25.01 - Vang, Jotnerock
01.02 - Mosjøen, Topic
16.02 - Stranda, Torget
23.02 - Stryn, Basecamp
12.03 - Porsangermoen
30.04 - Vollen, Sjøstrand (Maifestivalen)
Erik og Kriss - Dra tilbake (video) (youtube)
erikogkriss.no

“Retro”:
Davy Jones’ Locker har lagt sin EP Healthy People Prepare to Die (2005) ut for nedlasting, men då kanskje ikkje på den beste måten for eit såpass lite band. Gå til nettsidene deira for å laste ned ein torrent med EPen, og sjekk om der er liv. Lite aktivitet akkurat no.
Davy Jones’ Locker - Healthy People Prepare to Die (torrent)
davyjoneslocker.net

Posted in Attention Now!, Catastrophes, Davy Jones' Locker, Erik & Kriss, Gatas parlament, Ila Auto, Mary Me Young, Truls & The Trees | No Comments »