Smågodt
Posted by The Lodger on 2006-11-02
The Wombats skal ut på ein kort Noregsturné i november. Bandet slepp i november singelen Moving to New York, og debutplata Girls, Boys and Marsupials er allereie ute i Japan. Når den blir tilgjengeleg på våre lengdegrader er enno ukjent, men du kan tinge plata via Vinyl Junkie Records.
07.11 - Oslo, Gloria Flames
09.11 - Bergen, Det Akademiske Kvarter
10.11 - Trondheim, Knaus (Samfundet)
11.11 - Oslo, Café Mono
The Wombats - Moving to New York
thewombats.co.uk
Sternklang kom tidlegare denne månaden med plata Transistor Beach. På plateselskapet dBut får vi ein smakebit frå denne plata. Låta er Tricky Girls, som Sternklang har laga saman med Therese Lunde frå x.lover.
Sternklang - Tricky Girls
dbut.no
X.lover er for øvrig også ute med nytt materiale i november. Då albumdebutarar synthglampunkbandet med Transatlantic på Honeymilk records. Plata er hovudsakleg innspelt i New York City. Under finn du ein demoversjon til ein av låtane som dukkar opp på albumet.
x.lover - Prostitution (demo ‘05)
xlover.no
Hurra Torpedo har laga sin aller første offisielle musikkvideo. Tidlegare har eit opptak av Total Eclipse of the Heart gjort av NRK sirkulert på nettet, men no er videoen til All the Things (S)he Said ute. Den er laga av John Carlucci.
Hurra Torpedo - All the Things (S)he Said (video) (60 mb)
Saint Thomas sitt plateselskap Cornerman Records har signert The Captain & Me, og vil gje ut debutalbumet deira Automata 6. november. Utgjevinga er eit samarbeid med bandet sitt eige plateselskap Movemountains. Du finn eit par smakebitar på NRK Urørt.
The Captain & Me - My Darling Mary K.
The Captain & Me - There Is No Tomorrow (obs! reposting)
movemountains.no/captainandme
Filmselskapet Animidas, Lyder og Åsmund Janøy har regissert videoen til Odd Nordstoga sin siste landeplage Heim te mor. Ein morosam animert sak, som sikkert ein del har sett allereie.
Odd Nordstoga - Heim te mor (video)
nordstoga.no
Annie har gjort ein remix / delvis nyinnspeling av The Teddybears si låt Yours to Keep, der det er ho sjølv som bidreg med vokalen. Bloggen You Ain’t No Picasso har posta dette sporet, og du finn lenkja her.
Margareth Olin vil regissere den neste singelen til Thomas Dybdahl. Det er låta Dice som no snart skal sleppast som radiosingel.
thomasdybdahl.com
Magnet har sett seg nøydd til å avlyse ein planlagd turné i Nord-Amerika saman med Imogen Heap. Grunnen skal visstnok vere at Magneten heller vil prioritere fullføringa av sitt komande album.
homeofmagnet.com
Rockarkivet er eit nytt forlag grunna av Willy B. Dei gav nyleg ut “Riller over fjord og fjell - norsk rock på plate 1955-1977 - en diskografi” forfatta av Thor-Rune Haugen. Forlaget har også ei anna bok på sleppeplanen. Willy B si oppfølgar “I Dovregubbens Hall - vol. 2″ kjem snart ut på Rockarkivet.
Rockarkivet
Hip hop-gutta Tabasco og Hajoken i Tonna Brix har sluppe ein digital promo-pakke til sitt komande album Testament. Her finn du eit knippe andre låtar av bandet, men også utdrag frå den komande plata. Duoen er restane av Fifty 50 Bunch, som oppløyst for ei tid tilbake.
Tonna Brix - Promopakke 2 til Testament (39 mb)
tonnabrix.com
Posted in Annie, Hurra Torpedo, Odd Nordstoga, Sternklang, The Captain & Me, The Wombats, Thomas Dybdahl, Tonna Brix, x.lover | No Comments »