Smågodt
Posted by The Lodger on 2008-01-13
Motorpsycho har nyleg avslutta ei ny periode i studio, og er no ferdige med innspelinga av sitt neste album. Dei neste vekene vil bli brukt til å plukke ut kva låtar som får vere med på plata som kjem i mars/april. Bandet er også i fierd med å avslutte planlegginga av ein DVD, og meir informasjon om denne skal vere like rundt hjørnet.
Motorpsycho @ Myspace
Jessica Fletchers slepp albumet You Spider i Tyskaland, Sveits og Austerrike i mars, og gjer i den samanheng ein liten turné der nede.
03.04 - Salzburg, Rockhouse
04.04 - Dornbirn, Spielboden
05.04 - St.Peter / Wimberg, Höller, SPIK live !
09.04 - Wien, Flex
16.04 - Graz, PPC
18.04 - Klagenfurt, Pankraz
19.04 - Aflenz, Sublime
thejessicafletchers.com
Frost og Oslo Ragagtronics (bl.a. Bugge Wesseltoft) skal av alle plassar spele to konsertar i India neste veke.
19.01 - Mumbai, The Blue Frog Club
20.01 - Mumbai, The Blue Frog Club
frostworld.no
Don Juan Dracula jobbar stadig med å ferdigstille sitt nye album her heime, men dei vil til våren også sleppe ein utvida utgåve av albumet Young Debutantes II for den australske, new zealandske og japanske marknaden. Der kan du blant anna finne ein ny remiks av Take Me Home, der svenske Sally Shapiro bidreg med ny vokal.
Don Juan Dracula - Take Me Home (feat. Sally Shapiro) (Johan Agebjørn remix)
donjuandracula.com
På Spellemannsprisen i år kan publikum stemme på to kategoriar. I tillegg til årets “hit”, er det no også mogleg for publikum å stemme fram det du synast har vore årets beste video. Du kan stemme på, og sjå alle videoane hjå Prefuelded.com. I tillegg til å stemme på spellemann.no.
Dei nominerte til beste video er:
Dimmu Borgir - The Serpentine Offering
Heroes & Zeros - A Strange Constellation
My Midnight Creeps - Don’t Let ‘em Bring You Down
Turboneger - Do You Do You Dig Destruction
WE - Hurdy Gurdy
The Goo Men har fått musikken sin med i den komande snuskefilmen “Bad Luck Betties”. Filmen er etter det kan sjå ein slags sleaze, alt-porn, Russ Myers-homage, med yppige, men tøffe pinup-jenter og skumle skurkar, og så klart mykje sleazy garagerock. Regissøren Winkytiki var også han som tok coveret til The Goo Men si debutplate. Dei to filmklippa eg har funne, inneheld ikkje etter det eg klarer å høyre musikk frå The Goo Men. Filmen kjem på DVD 9. febuar.
25.01 - Fredrikstad, Dean bar
26.01 - Moss, Private
28.02 - Oslo, The Villa
19.03 - Otta
Back Luck Betties trailer (5mb, flv)
Back Luck Betties - behind the scenes (sjekk t-skjorta til regissøren)
thegoomen.no
Ane Brun vil ha premiere på sin nyaste video The Puzzle på Myspace 17. januar.
02.04 - Oslo, Sentrum Scene
04.04 - Stavanger Konserthus
09.04 - Stockholm, Göta Lejon
11.04 - Göteborg, Trägårn
12.04 - Malmö, KB, Malmö
13.04 - København, Lille Vega
14.04 - Køln, Blue Shell
15.04 - Brussel, Botanique, Witloofbar
16.04 - Breda, Mezz
17.04 - Amsterdam, Paradiso
18.04 - Rotterdam, Lantaren/Venster
19.04 - Paris, Maroquienerie, Les Femmes s’en Mélent
22.04 - Basel, Kaserne
23.04 - Zürich, Mascotte
24.04 - Bern, ISC
25.04 - Schorndorf, Club Manufaktur
26.04 - Heidelnberg, Karlstorbahnhof
27.04 - Berlin, Quasimodo
28.04 - Hamburg, Knust
29.04 - Århus, Voxhall
13.05 - Dublin, Crawdaddy
14.05 - London, Bush Hall
15.05 - Birmingham, Glee Club
16.05 - Bury, Met
18.05 - Glasgow, King Tuts
anebrun.com
Ane Brun @ Myspace
Anneli Drecker har lagt ut nok ein demo til si komande plate på Myspace.
02.02 - Tromsø, Verkstedet (Nordlysfestivalen)
annelidrecker.com
Anneli Drecker @ Myspace
W.I.R.T.T.W og P.U.Y.L.A.W. er dei komande singlane til henholdsvis Lorraine og Silver. Forstå det dei som kan. Lorraine spelar forresten to konsertar dei komande månadane.
14.02 - Sogndal - Meieriet (Veka)
01.03 - Bergen, NHH (Uken)
lorrainemusic.com
thesilverband.com
Posted in Ane Brun, Anneli Drecker, Don Juan Dracula, Frost, Jessica Fletchers, Lorraine, Motorpsycho, Silver, The Goo Men | No Comments »