Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'Anja Garbarek' Category


Rundtur i bloggosfæren

Posted by The Lodger on 2006-08-15

For the Eardrums skriv ein post angåande 120 Days si utgjeving av vinylsingelen Come out (come out, fade out, be gone). Du finn også link til nedlasting av songen via plateselskapet Vice.
[lenkje]

Arjanwrites ser nærare på Kate Havnevik når ho no slepp Melankton i resten av Europa 19. september. (25. sept i UK).
[lenkje]

Aurgasm har for tida to norske artiklar. Først ut får du to kutt frå Anja Garbarek si siste plate saman med ein liten profil.
[lenkje]

Dei ser også nærare på Ane Brun, og også her får du to spor frå A Temporary Dive. Plata har vore ute i England og USA i heile somar, og i september er det Australia sin tur.
[lenkje]

Fleire har også fått med seg Moldejenta sine to siste plater. På My Old Kentucky Blog kan du lese meir godord om Ane Brun, og der er to andre lydkutt også.
[lenkje]

Bloggen Mainstream Isn’t So Bad… Is It? har laga ein nordisk samlepost, der du blant anna finn musikk av Ane Brun og a-ha
[lenkje]

Feed Me Good Tunes gjev oss ein retrospektiv gjennomgang av Lindström & Prins Thomas sine karrierer. Her finn du heile 6 kutt (deira eigne og remixar) og ein lang og bra artikkel.
[lenkje]

Britisk-norske The Wombats har eg skreve om eit par gongar her. Også Indie MP3 har no ein post om denne gjengen. Knallsingelen Lost in the Post kom ut som 7″ for ein månad sidan, og du finn både den og b-sida her.
[lenkje]

Same bloggen tek også tak i Ragnhild Hogstad Jordahl (aka Soda Fountain Rag). Ho lagar naiv indiepop, og vart nyleg Ukas Urørt på NRK. Fell musikken i smak, kan du bytte til deg eit eksemplar av debutplata hennar for ein pakke bamsemums eller eit gamalt Donald-pocket (jepp, seriøst).
[lenkje]
Soda Fountain Rag på Urørt
Soda Fountain Rag - The Year I’m 17

The Oh So Quiet Show gjev ein liten stemningsrapport frå nok ein spesiell Kings of Convenience-konsert, denne gongen i Russland.
[lenkje]

A Lovestory av Thomas Dybdahl var dagens låt på nettstaden til amerikanske NPR (National Public Radio). Du får også lytte til låten der.
[lenkje]

Undomondo har ein jazzpost, der dei blant anna profilerar Hanne Hukkelberg. Du kan lytte til to spor frå den forrige plata hennar. Hanne er forøvring snart klar med si andre plate Rykestrasse 68, og den vil kome i handelen 4. september. Første singelen, A Cheater’s Armoury har vore ute i somar, og du kan også sjå videoen til denne via produsent Andreas Paleologos sine nettsider.
[lenkje til Undomondo]
Hanne Hukkelberg - A Cheater’s Game (video)

I Guess I’m Floating har også ein lengre post om Hanne Hukkelberg, der du kan lese meir om det komande albumet hennar.
[lenkje]

Snow-Globe Universe tipsar meg om eit nytt bekjentskap i form av bandet The Catastrophes. Du får tre smakebitar frå dette bandet som etter ein spe start i London, no held til i Bergen. Liknar på ei blanding mellom Babyshambles og The Strokes med fine indiepopmelodiar.
[lenkje]

Sonic Corpse Glide tek for deg dei tyngre delane av musikkscena, og har laga ei sak om metallbandet Bloodthorn akkompagnert av to låtar frå plata Genocide.
[lenkje]

Poster Girl sin rundtur på nettet har gjort at ho har kome over det ferske bandet SuperJupiter. Lenkje til ein låt.
[lenkje]

Into the Groove har lytta nørare på Margaret Berger sin siste singel Samantha, og gjev deg også moglegheit til å høyre (laste). Låta er frå Pretty Scary Silver Fairy, som kjem seinare i haust.
[lenkje]

The Yellow Stereo skriv om The Whitest Boy Alive, og har også lagt ut eit par spor frå plata til bandet.
[lenkje]

Posted in 120 Days, Ane Brun, Anja Garbarek, Bloodthorn, Hanne Hukkelberg, Kate Havnevik, Kings of Convenience, Lindström & Prins Thomas, Margaret Berger, Soda Fountain Rag, SuperJupiter, The Catastrophes, The Whitest Boy Alive, The Wombats, Thomas Dybdahl | No Comments »