Bates Motel

no med betre smak

Archive for the 'A Bunnys Caravan' Category


A Bunnys Caravan

Posted by The Lodger on 2006-08-24

frontprettysmall_1149272559.JPGDet neste bandet eg skal skrive om har aldri spela ein konsert. Duoen har heller aldri øva saman, og dei er faktisk allereie oppløyst. Medlem nr. 1 slutta med musikken for å satse på ei politisk karriere, medan medlem nr. 2 har hoppa på andre bandprosjekt i staden. Likevel er A Bunnys Caravan plateaktuelle. Forvirra? Ja, eg også ein smule, men slik er i alle fall biografien skal eg tru plateselskapet.

Og plateselskapet som då likevel har teke på seg å gje ut denne plata er How is Annie Records, og som vanleg frå den kanten er det snakk om saker av skikkeleg kvalitet. Berre lytt til denne 10 minutt lange og episke smakebiten frå Draining puddles, retrieving treasures. Fantastiske saker.

A Bunnys Caravan - Inclosed by Skies
Kjøp plata hjå How is Annie Records

Posted in A Bunnys Caravan | No Comments »