Bates Motel

no med betre smak

Archive for the '120 Days' Category


Smågodt

Posted by The Lodger on 2007-11-13

Einar Stenseng har lagt ut eit par smakebitar frå både offisielle og meir sjeldne utgjevingar på nettsidene sine. Han har no flytta tilbake til Oslo etter eit par år i Berlin, og jobbar med sitt neste album.
18.11 - Drammen, Union Scene (m/Tord Gustavsen trio)
09.02 - Asker kulturhus (m/Shit City)
21.02 - Oslo, by:Larm
Einar Stenseng - The Librarian (frå Love & Loss)
Einar Stenseng - I’m Cold (frå filmen BerlinSong)
einarstenseng.com

Ronny Pøbel er ute med debutplata si Føkk døkk i desse dagar. Den klokkar inn på under 20 minutt, og består av rimelig rett-fram-tekstar om fyll, noia, samfunnshat og anna sinne, i stort sett første forsøks-takningar utan nokon som helst polering, slik berre ein 36 år gamal platedebuterande pønkar frå bygda kan levere. Smakebitar finn du på nettsidene til Ronny og co.
16.11 - Bergen, Hulen (m/Valentourettes)
24.11 - Drammen, Union Scene (m/Baby Woodrose)
06.12 - Trondheim, Ramp (m/Bin Lads)
07.12 - Fredrikstad, Daen bar
12.12 - Stavanger, Folken (m/Valentourettes)
Ronny Pøbel - Brutal mot dritt
Ronny Pøbel - Mandag
ronnypobel.com

Rune Grammofon har letta litt på sløret for kva 2008 vil innehalde for selskapet. I januar kjem bandet Box med plate. Medlemmar i supergruppa er Raoul Björkenheim (Scorch Trio), Ståle Storløkken (Supersilent, Humcrush), Trevor Dunn (Mr. Bungle, Fantomas, John Zorn) and Morgan Ågren (Zappa´s Universe, Mats / Morgan, Flesh Quartet). Samleplata Money Will Ruin Everything vil kome i ei ny utgåve med to ekstra plater med nytt og stort sett eksklusivt materiale. Skyphone, Scorch Trio og Humcrush kjem også med plater til våren, medan Arve Henriksen, Susanna, Huntsville og Jono El Grande også vil burke somaren 2008 på å bli ferdig med sine nye album.
runegrammofon.com

Davy Jones’ Locker går snart i studio for å spele inn debut-plata si. Med seg som produsent får dei amerikanske Mike Jensen frå bandet Showbread. Innspelinga vil skje fram til 18.desember, og deretter skal den miksast i RadioStar Studios i California.
Davy Jones’ Locker - Stop Praising Yourself (preprod til albumet)
davyjoneslocker.net og DJL @ Myspace (med demo til låt på albumet)

120 Days er iferd med å avslutte turneringa etter førstealbumet, og dei har berre eit par jobbar att før dei tek ei velfortjent spelepause. Det vert også meldt at bandet sine to første EPar vil kome pakka saman som Sedated Times før jul. Innspelinga av nytt materiale er i gong i Harry’s Gym Studios i Oslo. Ein 12″ vil dukke opp ikkje så veldig langt ut i 2008, før album nr 2 skal ferdigstillast same år.
17.11 - Oslo, Rockefeller (m/Salvatore + DJs)
24.11 - Tokyo, Makuhari Messe (m/Underworld)
15.12 - Oslo, Sunkissed
120days.no

Egil Olsen vart forrige veke fråstålen merchendise, album og kontantar for store verdiar. Blant anna stakk tjuveraddane av med ca. 100 ex. av Olsen sitt ferske album Singer / Songwriter. Både dusør og skotpremier er utlova, og kontakt-informasjon finn du på egilolsen.com dersom du skulle vite noko om dette. Siste del av lanseringsturneen hans vart heldigvis ikkje skadeliden av tjuveriet.
13.11 - Ulsteinvik, Vikingen
14.11 - Volda, Rokken
16.11 - Ålesund, Ta det piano
13.12 - Oslo, Litteraturhuset
Egil Olsen - Green Room (Lydverket session)
Egil Olsen - Wannabe (ny video)
egilolsen.com

Big Dipper melder om eit par norske klassiskarar som er tilgjengelege på vinyl.
Jokke med Tourettes - Trygge Oslo (ikkje tidl utgjeven på vinyl, Kick Me records)
Junipher Greene - Friendship (remaster m/2 bonuslåtar) (Sandem records)

Av andre komande vinyl-utgjevingar kan ein nemne WE si Tension & Release. Den kjem i 3xLP med bonus-spor, posters og etched side F i 666 nasjonale og 666 internasjonale eksemplar. Planlagt gatedato på vinylen er 14. januar. Bandet er no ute med video til sin siste singel Hurdy Gurdy
WE - Hurdy Gurdy (video) (Youtube)
werock.com

Garagerockarane i Pirate Love vil sleppe EPen Death Surf Negro Spirituals neste veke, og kjem med debutalbumet sitt 12. januar.
19.11 - Oslo, MS Innvik (sleppefest for EP)
06.12 - København, Stengade 30
07.12 - Stockholm, Debaser
08.12 - Oslo, Debaser
Pirate Love @ Myspace

Skulle det friste med bossa- og easy-listening-versjonar av City of Satan, I Got Erection eller andre Turboneger-låtar, ligg no heile (?) plata Los Suaves Negroes - a lounge and bossa tribute to Turbonegro ute på Myspace. Det er selskapet Desptoz Records som står bak utgjevinga som kjem 19. november.
Los Suaves Negroes - a lounge and bossa tribute to Turbonegro @ Myspace

Bloodlights kjem med debutplata si neste veke, og også dei er så heldige at dei får drahjelp av Myspace i promoteringa. Heile plata kan streamast no.
22.11 - Oslo, John Dee
23.11 - Bergen, Garage
28.11 - Tromsø, Blårock
Bloodlights @ Myspace
bloodlights.com

Harry’s Gym spelte nyleg på In the City i Manchester, og har denne veka også to jobbar i London. Bandet si debutplate er no snart rundt hjørenet, då den vart mastra i Sterling Sound tidlegare i haust. Du finn fire pre-mastra låtar på Myspace.
14.11 - London, Fandango
19.11 - London, Notting Hill Arts Club
Harry’s Gym @ Myspace
harrys-gym.com

Ralph Myerz kjem med soloplate til neste år, og første singelen ut vil vere All Night Long, ein retro-diskolåt ifølge plateselskapet Beatservice. Albumet Ralphorama er også venta litt seinare på vinteren/våren.

Du kan no sjå videoen til Professor Pez-singelen Papillon. Låta er henta frå albumet Hordaland, som kom tidlegare i haust.
Professor Pez - Papillon (video)
professorpez.com

Posted in 120 Days, Bloodlights, Davy Jones' Locker, Egil Olsen, Einar Stenseng, Harry's Gym, Pirate Love, Professor Pez, Ralph Myerz & The Jack Herren Band, Ronny Pøbel, Turboneger, WE | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-10-22

Imorgon kjem Lorraine ut med EPen Heaven. I den anledning er det oppretta ein mikrosite der du bl.a kan laste ned b-sida Touch Me, og vinne ei reise til deira Heaven, nemleg Bergen, eller til Hell i Trøndelag. Bandet satsar stort i Storbritannia for tida, og turnerer mykje der borte. Vil du sikre deg eit at dei første 300 nummererte eks av 7″-singelen, kan du tinge den her.
25.10 - Huddersfield, Bar 1 Twenty
26.10 - Paisley, Universitetet
27.10 - Edinburgh, Universitetet
28.10 - Sunderland, Independent
02.11 - Loughborough, Universitetet
08.11 - London, Metro
09.11 - Leicester, Sumo
11.11 - Warwick, Universitetet
16.11 - London, SeOne (Notion Presents Who The Fuck)
17.11 - Winchester, Railway
23.11 - Hull, The Lamp
27.11 - Newcastle, Digital (Club NME)
Lorraine - Heaven mikrosite
Lorraine - Touch Me
lorrainemusic.co.uk

Quasimojo har eg visst ikkje blogga om, sjølv om bandet gav ut EP-en Gettin’Up`n’Goin’Ova tidleg i år. På bandet sine nettsider får laste ned to av dei 7 låtane som utgjer denne 11 (!) minutt lange “EP”en. Men andre ord mange rimeleg korte låtar.
25.10 - Bergen, Hulen
Quasimojo - Daddy’s Little Girl
Quasimojo - D’N'A
quasimojo.no

Terroristene var eit av banda som bidrog på tributeplata Dans Til Musikken, som var ein hyllest til musikar og låtskrivar. Lasse Myrvold Deira versjon av Hong Kong kan lastast ned frå bandet sine nettsider.
Terroristene - Hong Kong
terroristene.com

Alpine Those Myriads? har laga ein mikrosite for mikroalbumet Our prolonged black rebirth. Her finn du tekstane til 5 av låtane, og du kan tinge plata. På Myspace kan du og lytte til to av songane, samt to eldre songar.
Alpine Those Myriads? - Our prolonged black rebirth mikrosite

Christer Knutsen har sikra saman nye heimesider. Ikkje alt er heilt på plass enno, men du kan blant anna kike på gamle musikkvideoar, og kjøpe t-skjorter. I tillegg kan du streame begge albuma til Knutsen. Songen Smile/Veil frå debutplata vil vere å finne i Janus den komande animasjonsfilmen til Linda Fagerli Johnsen. Kortfilmen har premiere i januar.
28.10 - Stavanger, Sting (solo-konsert)
05.12 - Oslo, Café Mono
27.12 - Stavanger, Cementen
Christer Knutsen - Bicycle Tires (video) (24 mb)
christerknutsen.com

Resultatet vart ikkje så gale som fryktaThomas Dybdahl spelte inn vidoen til B A Part. No kan du sjå den på heimesidene hans. “Julekonsertane” til Dybdahl er også klare.
15.11 - Oslo, Sentrum Scene
16.11 - Oslo, Sentrum Scene (under 18-konsert)
17.11 - Kristiansand, Kick
18.11 - Bergen, Peer Gynt
19.11 - Stavanger, Folken
20.11 - Stavanger, Folken
22.11 - Haugesund, Byscenen
23.11 - Sogndal, Meieriet
24.11 - Ørsta, Rust
25.11 - Trondheim, Olavshallen
28.11 - Nesna, Thorvalds
29.11 - Bodø, Rock Cafe
30.11 - Harstad, Kulturhuset
01.12 - Tromsø, kulturhuset
02.12 - Narvik, Folkets Hus
05.12 - Jessheim, Ullensaker Kulturhus
07.12 - Kongsvinger, Rådhusteatret
08.12 - Nes, Nes Kulturhus
09.12 - Gjøvik, Kulturhuset
Thomas Dybdahl - B A Part (video) (88 mb)
thomasdybdahl.com

Datarock har nyleg sluppe singelen Fa-fa-fa internasjonalt, og i den samanheng har Benedicte Auberg Ringnes laga ein ny video til å akkompagnere songen. Sjå den på heimesidene til bandet. Singelen kjem også med remixar frå Princess Superstar, Shakes og Bjørn Torske.
Datarock - Fa-fa-fa (video) (21 mb)
datarock.no

Du kan lytte til tre av låtane frå Jim Stärk si siste plate på bandet sine nettsider. Der finn du og videoen til den siste singelen It’s all right. Dei er for tida ute på ein stor turné for å promotere Turn around and look. Support frå Magnus Hængles eller Tingsek (kun 30.11-02.12).
25.10 - Ås, Samfunnet
26.10 - Lillestrøm, Martins
27.10 - Sarpsborg, Glenghuset
01.11 - Bodø, Rock Café
02.11 - Tromsø, Verkstedet
03.11 - Finnsnes, Ottos
04.11 - Svolvær, Bacalao
10.11 - Asker, Kulturhuset
11.11 - Askim, Kulturhuset
16.11 - Valderøy, 3M
17.11 - Volda, Rokken
18.11 - Trondheim, Samfundet
22.11 - Halden, Studenthuset
25.11 - Drammen, Union Scene
29.11 - Stavanger, Folken
30.11 - Krisitansand, Havana
01.12 - Haugesund, Lille Byscenen
02.12 - Bergen, Garage
13.12 - Oslo, Rockefeller
14.12 - Farsund, Det murede pakkhus
Jim Stärk - It’s all right (video) (27 mb)
jimstark.no

Huntsville slapp debutalbumet For the Middle ClassRune Grammofon 9. oktober. På nettsidene deira får du eit par smakebitar på den instrumentale dronebaserte musikken bandet driv med.
Huntsville - Serious like a pope
Huntsville - Melon
huntsville.no

Bloggen For the Eardrums anmelder 120 Days-plata til 8.5 av 10, og gjev deg i tillegg to smakebitar frå plata. Les anmeldelsen her.

Via It’s a Trap snappa eg opp at plateselskapet Vice Records har lagt ut to (uoffisielle?) remixar av 120 Days sin glitrande singel Come Out (Come Down, Fade Out, Be Gone).
120 Days - Come Out… (Lansing Dreiden remix)
120 Days - Come Out… (The Field remix)
120days.no

Desperados er snart klare med plata Thugs, og plateselskapet Dead Letter Records har lagt ut to smakebitar på sidene sine. Bandet er for tida midt i ein Europa-turné.
23.10 - Praha, Klub V Jeleni
24.10 - Pardubice, tbc
25.10 - Wien, Movimento
26.10 - Tyskland, tba
27.10 - Dorfen, AZ
28.10 - Hanau, AKKZ Metzgerstr
29.10 - Lyon, Trokson
30.10 - Barcelona, Castello
31.10 - Laudio, Orbeko Etxea
01.11 - San Sebastian, Mogambo
02.11 - Zaragoza, Arrebato
03.04 - Bordeaux, ‘hérétic club
04.11 - Lons Le Saunier - le typhany’s
Desperado - Broken hearts, broken bones
Desperado - Fehu
desperado.deadletterrecords.net/

Lindstrøm frå Lindstrøm og Prins Thomas debuterer på albumformatet som soloartist i morgon. Då kjem plata It’s a Feedelity Affair. Utdrag frå fem av låtane er å finne på Feedelity Recording sine nettsider.
Lindstrøm - Another Side
Lindstrøm - Music (In My Mind)
feedelity.com

In the Country kjem med si andre plate Losing Stones, Collecting Bones kjem ut 6. november, men allereie no kan du laste ned fleire smakebitar frå plata. Trioen har planlagt fleire konsertar fram mot jul, men berre ein av desse er på norsk jord.
09.11 - Helsingfors, Umo Jazzhouse
11.11 - Szeged, Youth Center
12.11 - Köln, Stadtgarden
13.11 - Paris, tbar
15.11 - London, Cargo Jazzfestival
16.11 - Genk, Casino Modern (Motives Festival)
17.11 - Sardinia, tba
18.11 - Haag, Crossing Border Festival
08.12 - Brüssel, Beursschouwburg
10.12 - Oslo, Mono (Pönk)
In the Country - Everyone Live Their Life
In the Country - Can I Come Home Now
inthecountry.no

Ugress har lagt ut ein ny EP i påvente av det komande album nr 3. EPen har fått tittelen Kosmonaut og inneheld 4 songar. Du finn alle her. Det bebuda albumet vil truleg kome ein gong i vinter.
Ugress - Kosmonaut
Ugress - Isolation
ugress.com

Den japanske utgjevinga av Kaada si siste plate Music for Moviebikers kjem i slutten november. Den vil innehalde ein bonus-CD med nye versjonar av låtane, samt remixar av ulike japanske komponistar. Kaada har også eit nytt prosjekt kalla I am the Girl Who Loves You, som er å finne på Myspace

Emmerhoff & the Melancholy Babies har teke fram og prøvd å pusse støv av den gamle Nancy Sinatra/Lee Hazlewood-duetten Some velvet morning. Og med seg på lasset har dei fått jentene i Ephemera. Eg kan ikkje seie eg er heilt imponert over denne versjonen, då dei ikkje klarer å tilføre den noko som helst slags særpreg eller originalitet. Men er du interessert i å lytte, finn du den på Emmerhoffspace.
Emmerhoff & the Melancholy Babies + Ephemera - Some Velvet Morning

RIP JR Ewing, som spelte sine aller siste konsertar denne helga.
thejrewing.com

El Caco vil ta turen til Dug-Out Productions og Daniel Bergstrand i Uppsala i november for å starte arbeidet med oppfølgaren til The Search frå ifjor. Plata vil bli bandet si fjerde, og kjem truleg i mars neste år.
elcaco.com

Frontmann og produsent Tommy Hjelm og dei medsamasvorne i Insense fordriv også tida med innspeling av nytt materiale. Plate nr tre har planlagt sleppedato 16. april 2007.
insensehq.com

Silver si plate World Against World er endeleg ute i Tyskland, og bandet skal på vegen for å promotere plata.
24.10 - Hansa 39, München (m/Zebrahead & Takota)
25.10 - Rohre, Stuttgart (m/Zebrahead & Takota)
26.10 - Schlachthof, Wiesbaden (m/Zebrahead & Takota)
27.10 - Hameln, Zumphblume (m/Zebrahead & Takota)
28.10 - Berlin, Uncle Sally’s party - Silverwings
29.10 - Hamburg, Logo
Silver - Personal Decay
thesilverband.com

Posted in 120 Days, Alpine Those Myriads?, Christer Knutsen, Datarock, Desperado, El Caco, Emmerhoff & the Melancholy Babies, Ephemera, Huntsville, Insense, JR Ewing, Jim Stärk, Kaada, Lindström & Prins Thomas, Lorraine, Quasimojo, Silver, Terroristene, Thomas Dybdahl, Ugress, in the country | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-08-23

Tiern & Lars sin singel Gåtur forsvant ein smule i somar då bandet sin promotype slutta rett rundt sleppedato. Likevel har videoen surra litt i somar, og no kan du også laste ned denne. Videoen er regissert av Synopsis Film. Albumet Kulturcrash er ute i slutten av september, og du kan også lytt til to andre låtar på Myspace.
Tiern & Lars - Gåtur (video) (32 mb)
Tiern & Lars @ Myspace

Costar slapp igår The Awakening. Singelen er den første frå Exit, andrealbumet til eksil-bergenserane. Ingen dato er sett albumet enno. Videoen til The Awakening ser du på YouTube.
Costar - The Awakening (video) (YouTube)
costarmusic.com

Amerikanske It’s a Trap har intervjua Johndoe, som for tida er aktuelle med singelen Kjøtere. Den same nettstaden har også lagt ut låta for nedlasting. Låta er henta frå albumet Dødvinkel, som kjem i september.
johndoe.no

thoma.JPGThomas Dybdahl si neste plate får tittelen Science, og den kjem i handelen 18. september. Første singel ut blir A part of som kan ventast på radio om ikkje så alt for lenge. Ny videodagbok er også lagt ut.
Thomas Dybdahl - videodagbok (del 9) (video) (56 mb)
thomasdybdahl.com

Den ferske norske mixtapen Cheapscapes Vol.2 inneheld blant anna ekslusive låtar frå OnklP, Oter, SvartePetter, Orall Bee og Tommy Orion. På nettstaden stress.no kan du laste ned heile plata.

Shaun Bartlett slapp igår debutalbumet Sometimes divided. Førstesingelen Bahrain har blitt spelelista av blant anndre…, jepp Radio Bahrain. Men klarer du ikkje spore opp den radioen på eteren, har du også sjansen her.
Shaun Bartlett - Bahrain
shaunbartlett.com

Jaqueline kom også ut med plate igår. Reaping Machines er album nr 2 frp Elverumstrioen, og den er utgjeven på bandet WE sitt plateselskap Nun Music. Du kan lytte til to av låtane på bandet sine nydesigna nettsider. Anders Timo har laga video til Demon Seed, og den kan du sjå på Myspace-sida hans.
15.09 - Elverum, Alexis (m/Wolfgang + Annar By)
21.09 - Hamar, Sebs Hotell
23.09 - Trondheim, Ramp Pub & Spiseri
24.09 - Oslo, Last Train
27.09 - Molde, Huset
30.09 - Gjøvik, Bar Ampfield
04.10 - Tromsø, Kaos
06.10 - Svolvær, Bacalao
07.10 - Nesna, Studentersamfunnet
12.10 - Bergen, Garage
13.10 - Kopervik, Borgen
14.10 - Sandnes, Tribute
jaquelineband.com


Det har teke dei eit par år, men no er Supervixen klare med debutplata Diamond Dust (release igår). Lytt til tre låtar på Myspace, og sjekk ut kor bandet skal spele framover.
24.08 - Stavanger, Checkpoint Charlie
25.08 - Stord, Arena
26.08 - Bergen, Garage
30.08 - Ås, Samfunnet
02.09 - Oslo, Garage
Supervixen @ Myspace

Tellusalie slapp si fine country-inspirerte plate Is the outside still there? i somar, og under kan du sjå videoen til låta See You Sometimes via YouTube.
16.09 - Oslo, Amplifier
Tellusalie - See You Sometimes (video) (YouTube)
Tellusalive @ Myspace

Twinlehead sin andre plate fekk like greitt den enkle tittelen Twinklehead. På nettsidene til bandet kan du lytte til to av låtane frå plata. Ein haustturné er under planlegging, men ingen datoar er klare enno.
Twinklehead - After
Twinklehead - Avenue
twinklehead.no

Wibutee skal ut på ein større Noregsturné.
23.08 - Bærum, Musikkflekken
24.08 - Kristiansand, Punktfestivalen
25.08 - Stavanger, Tou Scene
26.08 - Bergen, Kvarteret
30.08 - Kongsberg, Energimølla
31.08 - Hamar, Hydranten
01.08 - Volda, Rokken
02.09 - Bodø, Parkenfestivalen
06.09 - Sortland, Stedet
07.09 - Leknes, FOT
08.09 - Svolvær, Bacalao
09.09 - Tromsø, Kulturhuset
13.09 - Trondheim, Blæst
14.09 - Bø, Kroa
15.09 - Oslo, Blå
16.09 - Drammen, Union Scene
19.09 - Ås, UKA
20.09 - Skopje, Makedonia Jazzfestival
23.09 - Ljubljana, Cancarev Jazz
11.11 - London, ICA (London Jazz Festival)
wibutee.net

Harmonica har lagt ut to sprudlande liveinnspelingar frå deira opptreden under årets Norwegian Wood. Lytt til dei under. Bandet gjekk forrige veke i studio for å spele inn låtar til det som skal bli debut-EPen.
02.09 - Oslo, St.Hanshaugen (Kongene på Haugen)
09.09 - Oslo, Café Utsikten
Harmonica - The Rockin’ Girl (live @ Norwegian Wood)
Harmonica - You Gotta Go! (live @ Norwegian Wood)
harmonica.no

Frost sin neste singel vert One Hundred Years. Den kjem på vinyl som også inkluderar remiksar. Utgjevingsdato er enno ikkje heilt klar. Du kan høyre songen på Myspace.
Frost @ Myspace
frostworld.no


Låtlista på det komande albumet til 120 Days er no klart. Plata vil også heite 120 Days, og kjem i handelen 2. oktober. Bandet vil vitje New York både i september og oktober i samband med albumsleppet, men eg reknar med at det også kjem litt fleire norkse turnédatoar snart.
09.09 - Stavanger, NuMusic
1. Come Out, Come Down, Fade Out, Be Gone
2. Be Mine
3. C-Musik
4. Sleep Walking
5. Get Away
6. Keep On Smiling
7. Lazy Eyes
8. Sleepless Nights # 3
9. I’ve Lost My Vision
120 Days @ Myspace

Posted in 120 Days, Costar, Frost, Harmonica, Jaqueleine, Johndoe, Shaun Bartlett, Supervixen, Tellusalie, Thomas Dybdahl, Tier'n og Lars, Twinklehead, Wibutee | No Comments »

Rundtur i bloggosfæren

Posted by The Lodger on 2006-08-15

For the Eardrums skriv ein post angåande 120 Days si utgjeving av vinylsingelen Come out (come out, fade out, be gone). Du finn også link til nedlasting av songen via plateselskapet Vice.
[lenkje]

Arjanwrites ser nærare på Kate Havnevik når ho no slepp Melankton i resten av Europa 19. september. (25. sept i UK).
[lenkje]

Aurgasm har for tida to norske artiklar. Først ut får du to kutt frå Anja Garbarek si siste plate saman med ein liten profil.
[lenkje]

Dei ser også nærare på Ane Brun, og også her får du to spor frå A Temporary Dive. Plata har vore ute i England og USA i heile somar, og i september er det Australia sin tur.
[lenkje]

Fleire har også fått med seg Moldejenta sine to siste plater. På My Old Kentucky Blog kan du lese meir godord om Ane Brun, og der er to andre lydkutt også.
[lenkje]

Bloggen Mainstream Isn’t So Bad… Is It? har laga ein nordisk samlepost, der du blant anna finn musikk av Ane Brun og a-ha
[lenkje]

Feed Me Good Tunes gjev oss ein retrospektiv gjennomgang av Lindström & Prins Thomas sine karrierer. Her finn du heile 6 kutt (deira eigne og remixar) og ein lang og bra artikkel.
[lenkje]

Britisk-norske The Wombats har eg skreve om eit par gongar her. Også Indie MP3 har no ein post om denne gjengen. Knallsingelen Lost in the Post kom ut som 7″ for ein månad sidan, og du finn både den og b-sida her.
[lenkje]

Same bloggen tek også tak i Ragnhild Hogstad Jordahl (aka Soda Fountain Rag). Ho lagar naiv indiepop, og vart nyleg Ukas Urørt på NRK. Fell musikken i smak, kan du bytte til deg eit eksemplar av debutplata hennar for ein pakke bamsemums eller eit gamalt Donald-pocket (jepp, seriøst).
[lenkje]
Soda Fountain Rag på Urørt
Soda Fountain Rag - The Year I’m 17

The Oh So Quiet Show gjev ein liten stemningsrapport frå nok ein spesiell Kings of Convenience-konsert, denne gongen i Russland.
[lenkje]

A Lovestory av Thomas Dybdahl var dagens låt på nettstaden til amerikanske NPR (National Public Radio). Du får også lytte til låten der.
[lenkje]

Undomondo har ein jazzpost, der dei blant anna profilerar Hanne Hukkelberg. Du kan lytte til to spor frå den forrige plata hennar. Hanne er forøvring snart klar med si andre plate Rykestrasse 68, og den vil kome i handelen 4. september. Første singelen, A Cheater’s Armoury har vore ute i somar, og du kan også sjå videoen til denne via produsent Andreas Paleologos sine nettsider.
[lenkje til Undomondo]
Hanne Hukkelberg - A Cheater’s Game (video)

I Guess I’m Floating har også ein lengre post om Hanne Hukkelberg, der du kan lese meir om det komande albumet hennar.
[lenkje]

Snow-Globe Universe tipsar meg om eit nytt bekjentskap i form av bandet The Catastrophes. Du får tre smakebitar frå dette bandet som etter ein spe start i London, no held til i Bergen. Liknar på ei blanding mellom Babyshambles og The Strokes med fine indiepopmelodiar.
[lenkje]

Sonic Corpse Glide tek for deg dei tyngre delane av musikkscena, og har laga ei sak om metallbandet Bloodthorn akkompagnert av to låtar frå plata Genocide.
[lenkje]

Poster Girl sin rundtur på nettet har gjort at ho har kome over det ferske bandet SuperJupiter. Lenkje til ein låt.
[lenkje]

Into the Groove har lytta nørare på Margaret Berger sin siste singel Samantha, og gjev deg også moglegheit til å høyre (laste). Låta er frå Pretty Scary Silver Fairy, som kjem seinare i haust.
[lenkje]

The Yellow Stereo skriv om The Whitest Boy Alive, og har også lagt ut eit par spor frå plata til bandet.
[lenkje]

Posted in 120 Days, Ane Brun, Anja Garbarek, Bloodthorn, Hanne Hukkelberg, Kate Havnevik, Kings of Convenience, Lindström & Prins Thomas, Margaret Berger, Soda Fountain Rag, SuperJupiter, The Catastrophes, The Whitest Boy Alive, The Wombats, Thomas Dybdahl | No Comments »

Smågodt

Posted by The Lodger on 2006-08-09

120 Days kjem neste veke ut med singelen Come out, come down, fade out, be gone. Den vil kun vere å finne på 12″, og i tillegg til den 10 minutt lange A-sida, følger der også med ein like lang remix gjort av Mental Overdrive. Du finn låta på Myspace. Albumet er venta 2. oktober her heime, og 10. oktober i USA.
11.08 - Oslo, Øyafestivalen
09.09 - Stavanger, NuMusic
10 Days @ Myspace
120days.no

Espen Jørgensen er kanskje mest kjend som medlem i Green Carnation, men er no ute med soloplata On The Great Alkali Plains på selskapet Jester. Plata er innspelt in Rainbow Studios, live med 5 mikrofoner, ingen overdubs, og rett til tape. Terje Isungset bidreg på eit spor. Ein låt ligg ute på Jester sine Myspace-sider.
Jester @ Myspace
travelingmonk.com

Lorraine skal gje ut Psychedelic Furs-låta Heaven som sin neste singel. Versjonen vart orignalt spela inn til magasinet Q sin “Q Covered”-serie med tema 80-talet, men blir no også utgjeven kommersielt. Singelen kjem 2. oktober, og vil i tillegg innehalde When I Return To The World, Confetti og ein demoversjon av Saved. Du kan lytte til låta på bandet sine heimesider.
01.09 - Peterborough, The Park
02.09 - Coventry, Colosseum
08.09 - Plymouth, Hub
09.09 - Exeter, Cavern
12.09 - Leicester, Charlotte
15.09 - Tunbridge Wells, Forum
30.09 - Aberdeen, Tunnels
Lorraine - Heaven (Psychelic Furs cover) (straum)
lorrainemusic.co.uk

MTV Music Video Awards har i år oppretta den nye kategorien “Beste dataspel-lydspor”. Magnet var ikkje snauare enn at han plukka opp ein nominasjon for sin siste EP Dreamfall - The Longest Journey. Her må det seiast at EPen kun inneheld ein ny låt, nemleg Be with You. At deen i tillegg er noko av det semraste han har gjeve ut på lenge, har ikkje stoppa nominasjonen. Då igjen kan det godt vere at den passar bra inn i spelet, men det har eg ikkje testa. “B-spora” held alle ein mykje høgre standard, men alle tre er då også henta frå dei to siste albuma hans. Publikum stemmer fram prisen, og du kan stemme fram til 31. august.
Stem via gametrailers.com
Dreamfall - spelet sine heimesider
homeofmagnet.com

JR Ewing vil i haust gjere sine aller siste show, og turnélista er no klar. Først vert det ein Europa-tur, før fire stadar i Noreg får oppleve bandet for aller siste gong. Rumble in Rhodos blir med på turen som support.
24.08 - Berlin, Magnet
25.08 - Hamburg, Molotow
26.08 - Ieper, Ieperfest (same stad som første Europa-gig)
27.08 - München, Backstage Club
28.08 - Saarbrücken, Garage Club
29.08 - Paris, Batofar
30.08 - Cologne Underground
18.10 – Bergen, Garage
19.10 – Volda, Rokken
20.10 – Trondheim, Isak (U-1 8)
20.10 – Trondheim, Blæst
21.10 – Oslo, Rockefeller
thejrewing.com
jrewing-forever.com (ny hyllestside)

Posted in 120 Days, Espen Jørgensen, JR Ewing, Lorraine, Magnet, Rumble in Rhodos | No Comments »