Smågodt
Posta av The Lodger den 2008-04-20
Årets første Urørt-finalist er klar, og det er Jones Nielsen som har laga ein superfengande poplåt med TT. Jones, eller Jonas (eller Mr. Jones som han kallar seg på Myspace) er også medlem i Bergensgruppa Kakkmaddafakka.
Jones Nielsen – TT
Jones Nielsen @ Urørt
Mandalsbandet The Violent Years slepp ein EP den 28. april. Dei fem låtane viser at bandet blant anna har høyrt mykje på Sixteen Horsepower, noko som jo ikkje treng å vere så gale. Låtlista ser slik ut:
1|Embrace
2|The Violent Years
3|Come Closer (live-versjon på Urørt)
4|Another Alarm From His Head to His Heart
5|Sunrise
The Violent Years @ Myspace (med 3 låtar frå EPen)
Something Sally gav ut albumet Familiar Strangers i februar. På heimesida til bandet kan du no laste ned singelen Visualize vederlagsfritt.
24.04-08 – Oslo, Musikkverket, Manglerud senter
26.04-08 – Ackergil, Skottland
09.05-08 – Liverpool, Paul McCartney Auditorium
27.-29.05 – Liverpool Sound City Festival
05.06 – Dundee, GoNorth Festival
07.06 – Dores, RockNess Festival
14.06 – Haugesund, Rockfest
Something Sally – Visualize
somethingsally.com
Syme var nyleg i USA for blant anna å spele på SXSW, men dei gjorde også fleire andre konsertar der borte. Blant anna spela dei i Boston, der bloggen Bradley’s Almanac gjorde opptak. Du kan laste ned heile konserten på bloggen.
Syme – Live @ The Paradise Lounge, 3.mars 2008
syme.no
Eit anna band som også var over for å spele SXSW var Ungdomskulen. Dei har ein fersk video ute til singelen Modern Drummer, som du kan sjå på Youtube og bandet sine nettsider.
02.05 – Ålgård, Kongeparken
03.05 – Bergen, USF Verftet
14.05 – London, The Luminaire
15.05 – Brighton, The Great Escape
??.06- Arendal, Hovefestivalen
Ungdomskulen – Modern Drummer (video) (straum)
ungdomskulen.com
Tøyen Airport er i ferd med å spele inn eit nytt album, og dei er så nøgd med innspelinga av dei første låtane, at dei delar ein av desse med oss via nettsidene sine.
Tøyen Airport – Talk talk talk
toyenairport.com
Side Brok he fresha opp nettsidene sine i samband med at dei snart gjer comeback med nytt album. Enno har dei ikkje noko å melde om utgjevingsdato eller albumtittel. Dei har heller ikkje nokre konsertar med det første, då dei “lagar beats og skriv rim på heiltid”. Men på nettsidene kan du i alle fall lytte til gamalt materiale, blant anna Grøde den semi-legendariske disselåta av Jaa9 & OnklP frå 2004. I tillegg finn du eit remixforum, der du kan plukke med deg acapella-versjonar av eit utval Side Brok-låtar, som dei ber deg remikse. I overkant av 20 remiksar ligg allereie ute.
sidebrok.no
Susanna & the Magical Orchestra jobbar for tida med sitt tredje album, men vil gjere ein konsert i London i slutten av april.
30.04 – London, The Luminaire
susannamagical.com
Det har vore stille rundt Stonegard er stund, men no har bandet fleire konsertar på gong. Albumet From Dusk till Doom skal også lanserast internasjonalt til hausten.
30.04 – Arendal, Grand scene (m/Bulk og Seventh
01.05 – København, Stengade 30 (m/Arcane Order)
02.05 – Stockholm, Tantogården (m/Fingerspitzengefühl og Sonic Ritual)
03.05 – Karstad, Nöjesfabriken (m/The Carburetors)
30.05 – Fosen Rockfestival
stonegard.org