Bates Motel

no med betre smak

  • a

Ring og Leiv Reed

Posta av The Lodger den 2008-04-15

To visesongarar blir plukka ut av Smågodt-bunken, og får sin eigen post:



Filip Ring Andersen gjev ut plater under namnet Ring, og det har han gjort i omlag 10 år no. I løpet av den tida har det blitt omlag 10 eigne utgjevingar fordelt på LPar, EPar og 7″-ar. I tillegg har han fleire samarbeidsprosjekt bak seg, og har bidrege på ei heil rekkje samleplater, eller “aroundabout 22″ ifølge Myspace-sidene hans.

Det siste tilskotet på stamma er albumet Arkadia, som no er ute på britiske selskapet Persepolis. Wyrd folk og acid blues kallar dei musikken til Ring, og mine merkelappar ville kanskje vere lo-fi leirbålmusikk etter at leirbålet nesten har slukna og skogen plutseleg er litt meir mystisk. Smakebitar på selskapet og Ring sine sider. Eg trur ikkje han gjer så mange konsertar, så har du sjansen, bør du benytte den i slutten av mai.
22.05 – Kristiansand, Charlies bar
24.05 – Oslo, Sound of MU
Persepol og Ring @ Myspace
ringfire.moo.no


Leiv Reed er ein omreisande spelemann frå Sogn & Fjordane. Etter å ha høyrt singelen Lazy var han ein av dei eg såg aller mest fram til under årets by:Larm. Han leverte ein særs triveleg, om enn litt nervøs konsert i Jakobskirka den gongen. Litt meir laussluppen er han under eit konsertopptak gjort på Javel i Kristiansand for ei stund tilbake. Heile konserten, 12 låtar, framført for eit publikum på 8-10 personar er no å finne på ei ny Leiv Reed live – Myspace-side. Og Leiv seier han vil leggje ut meir materiale om det er interesse for det. Det bør det vere etter at du har høyrt den konserten som ligg der. Med seg live kan han blant anna ha Bosse Litsheim (Ai Phoenix) og Jørgen Sandvik (Real Ones) og Heidi Torsvik, men på Javel stod han aleine på scena.

Leiv Reed legg ut det meste han lagar (eller i alle fall mykje) for nedlasting gratis både på last.fm, Urørt og Myspace, men vil og trykke opp skikkelege album etterkvart. Nokre samlingar har han allereie delt ut/selt på konsertar også, og fem slike “album” ligg ute på last.fm. Å skulle plukke ut nokre favorittar her er ikkje lett, då eg enno ikkje har høyrt gjennom alt, og av det eg har høyrt, er det veldig mykje bra. Men her er iallefall to utvalde godlåtar:
Leiv Reed – How to Get Away from You
Leiv Reed – In Some Bar (in Merida)

15.05 – Bergen, NG2, Kvarteret (m/Rune Vandaskog)
18.08 – Sandane, Sandanedagane
Leiv Reed @ Myspace
Leiv Reed @ Myspace – live
Leiv Reed @ Urørt
Leiv Reed @ last.fm

2 kommentarar til “Ring og Leiv Reed”

  1. Leiv Reed er en av mine norske favorittartister! Og en flott fyr.

  2. Takk for det Einar, og i lige måde!
    Live-siden som er referert til ovenfor er nå oppdatert med en ny konsert. Opptakene er også nå å finne på last.fm/music/leiv+reed som gratis nedlastning, slik som alt annet.

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>