Ida Maria har opna dei nye heimesidene sine. Blant anna kan du sjå den ferske videoen til Queen of the World, som kjem som singel 12. mai i England, ei veke etter at albumet er i sal her heime.
Ida Maria – Queen of the World (video) (straum)
idamaria.co.uk
Meir Ida Maria, men no ikkje like ferskt, men likevel nytt for meg. I dag kom eg over det som truleg var første låta med henne lagt ut på nrk.no/urort, og det skjedde for over fire år sidan. Den ligg ikkje på profilen hennar, men hjå Krøyt-gitarist Thomas T Dahl, som stod for produksjonen. Låta er ein seig, men funky rockelåt frå 2004 med ganske jazza vokal, svært ulikt det elleville ho driv med no om dagen.
Ida Maria – In Red (2004!!)
Thomas T Dahl (ThomasterProd) @ Urørt
Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars har flytta til ein ny nettstad, og i den samanheng feirar dei med å leggje ut heile sisteplata Sad & Happy Sing-a-Longs for streaming. To av låtane kan også lastast ned, blant anna duetten med Ingfrid Straumstøyl som du finn under. Bandet ynskjer og i desse dagar felespelar Lillian Hodne med som fast medlem.
15.05 – Stavanger, Martinique (bandet stiller denne kvelden i bluegrass-innpakning)
24.05 – Bryne, Jærnåttå
Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars – Everything Will Be Fine
alabamarodeostars.com
Via Musikknyheter les eg at Pirate Love er ute med ein video til A Kiss Hello.
[lenkje]
Lorraine har ein ny låt ute på Myspace-sidene sine. Beyond The Sky slår meg ikkje som ein umiddelbar singel, og det er heller ikkje godt å seie om den dukkar opp på det lenge bebuda albumet Pop Noir, som enno ikkje har nokon offisiell sleppedato. Kanskje dei då heller treff gull med låta Tell It All som bandet var i studio for å spele inn forrige veke.
Lorraine @ Myspace
lorrainemusic.co.uk
Magnet melder han vil sleppe EPen Lonely No More i Storbritannia 2. juni.
Låtar: Lonely No More, Pennydrop, 1997, Selfhelper
12.05 – London, Sheperds Bush Empire (m/One Republic)
Magnet – Lonely No More
homeofmagnet.com
Beady Belle slepp Belvedere i det store utland 25. mai, og gjer då fleire konsertar på opptil fleire kontinent i somar. Fleire datoar kjem til, men desse er klare ifølge Myspace-sidene til bandet.
29.04 – Oslo, Victoria teater
01.05 – Hamar, Astoria
11.05 – Elmau, Schloss Elmau
12.05 – Køln, Stadtgarten
13.05 – Berlin, Quasimodo
14.05 – Hamburg, Fabrik
15.05 – Heidelberg, Alte Wollfabrik
31.05 – Bergen, Røkeriet
19.06 – New York, Rochester
20.06 – Vancouver, Performance Works
21.06 – Victoria (?)
24.06 – Cultural Centre Black Box, Medicine Hat
25.06 – Cultural Centre Black Box, Medicine Hat
26.06 – Calgary, The Gateway
28.06 – Egilsstadir
29.07 – Aschaffenburg, Colos-Saal
30.07 – Wurzburg
31.07 – Trondheim, Olavsdagene
01.08 – Melbu
13.08 – Oslo Jazzfestival
beadybelle.com
Surferosa var booka inn til å spele på ein utandørskonsert i Beijing i somar, men ifølge bandet sjølv har landet lagt ned forbod mot utandørskonsertar i somar. Kan det ha noko med det som skjer 08.08.08? Då blir det nok stort sett russetreff og Bygde-Noreg i somar ser det ut som. Konserten på Rockefeller komande laurdag vert forresten filma for ei framtidig utgjeving, så skal du dit, må du ta på deg ditt største smil, men det gjer du kanskje uannsett, frivilleg eller ufrivilleg når Surferosa sett igong.
26.04 – Oslo, Rockefeller
29.04 – Bergen, Bergenfest + U-18 konsert
30.04 – Ålesund, russetreff
08.06 – Lindøy (Stavanger kommune), Lindøyfestivalen
14.06 – Larvik, Mestivalen
21.06 – Trysil, Lutuvalen
26.06 – Voss, Ekstremsportveko
27.06 – Etne
11.07 – Florø, Fotballflora
surferosa.com
Sandnes-bandet The List slapp på måndag debutalbumet … and now we’ve got nowhere to land, og til helga blir det sleppekonsert i Stavanger. Under har eg lagt ved to låtar frå Urørt som også er å finne på albumet, men om det er i same versjonar er eg ikkje sikker på.
26.04 – Stavanger, Tou scene
11.07 – Vikedal Roots Festival
The List – Self Pity
The List – Redwood
The List @ Myspace (ny heimeside er på veg)
The Alexandria Quartet har lagt to nye låtar frå plata si på Myspace. Dei har også fått nytt design på heimesidene sine.
30.04 – Øygarden, Ungdomsklubben (m/Hypertext)
01.05 – Tromsø, Kaos
02.05 – Alta, Studenthuset
03.05 – Hammerfest, Redrum
23.08 – High Wycombe, The Peoples Festival
TAQ @ Myspace
thealexandriaquartet.com